Misjon i framande land fall i stor grad saman med vestleg imperialisme

KOMMENTAR: Utan imperialismen og koplinga mellom vestleg sivilisasjon, imperialisme og kristendom, ville ikkje misjonen ha nådd så langt på så kort tid. Imperialismen blei såleis ein reiskap for misjon og evangelisering.

"Det var om å gjera å nå så mange heidningar som mogleg med evangeliet – på kortast mogleg tid, slik at dei i det minste hadde ein sjanse til å bli frelst", skriv Ole Bjørn Rongen, førsteamanuensis i journalistikk, UiS. Foto: Colourbox

Debattinnlegg

  • Ole Bjørn Rongen
    Ole Bjørn Rongen
    Førsteamanuensis i journalistikk, UiS
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Ifølgje professor Knut Holters lærerike kronikk om misjon og solidaritet (Aftenbladet 29/9) var misjonen å sjå som ei soning og eit botemiddel for den grusomme slavehandelen frå Vest-Afrika til Karibia. Slik les Holter misjonsagent Jørgen W. Cappelen og hans kronikk frå 1826. Misjon er solidaritet med dei som lir og er undertrykte. Slik var det for 190 år sidan og slik er det nå, ifølgje mi lesing av Holter.

Les også

Misjonshistorie i striper

Det stod om menneskas frelse, og da var vel alle middel tillatne?

Men tidsspranget er langt og spørsmålet trengjer seg på om korleis misjonen skulle drivast for å nå fram til alle folk med den glade bodskapen om Jesus som døydde for at alle som trur på han skal ha evig liv. Det stod om menneskas frelse, og da var vel alle middel tillatne? Formålet heilaggjer middelet?

Ekstremt aktiv misjonsverksemd

Spørsmålet er særleg relevant for slutten av 1800-talet, då den vestlege

imperialismen var på sitt aller mest aggressive, og då ikkje minst Kina var utsett for stormaktenes kapplaup for å sikra seg konsesjonar og interessesfærar. Dette var samstundes tida for ein ekstremt aktiv misjonsverksemd. Det var om å gjera å nå så mange heidningar som mogleg med evangeliet – på kortast mogleg tid, slik at dei i det minste hadde ein sjanse til å bli frelst.

Les også

Skrev 1000 sider misjonshistorie

Frå 1840 og utover hadde Kina med våpenmakt blitt påtvunge ei lang rekkje avtalar som ”opna” landet for utlendingar til å driva handel, slå seg ned, og styra seg sjølve med eigne heimlands lover. Dette var privilegium som også misjonen fekk nyte godt av, ja, misjonen vart særskilt nemnt i somme av avtalane, der misjonærar og misjonsvener hadde vore med og forhandla.

Det kom skuldingar om misbruk. Kristne kinesarar la press på lokale styresmakter, t.d. i rettstvister, ved å vise til sine utanlandske kontaktar. Når dette førte til lokale opptøyar med åtak på misjonærar og skade på misjonstasjonar, greip den aktuelle ambassaden inn overfor Kinas utanriksdepartment som gjerne betalte seg ut av ein diplomatisk strid. Slike hendingar vart også brukte til å tvinga fram ytterlegare privilegium for utlendingar.

Plyndra og drap

Alt dette toppa seg med det framandfiendtlege Boksar-opprøret i 1900 då eit par hundre misjonærar med familie, og truleg fleire titusen kinesiske kristne, vart drepne. Stormaktene gjekk til åtak på Kina, inntok Beijing, plyndra og drap, og forhandla fram ein audmjukande fredsavtale med Kina.

For misjonen vart resultatet endå opnare dører, og misjonærane strøymde til Kina som aldri før. For Norges del kom nå også Misjonsselskapet (NMS) med eigen Kina-misjon. Tida var inne, for nå var dei stolte kinesarane endeleg tilstrekkeleg audmjuka, slik NMS-sekretær Lars Dahle såg det.

Det var få – anten i samtida eller i ettertid – som ikkje såg overgrepa frå dei imperialistiske stormaktene som hovudårsaka til det brutale Boksar-opprøret. Også dei leiande talsmennene for misjonen såg det slik. Vi må ikkje gløyme, skreiv Dahle i Norsk Missionstidende i august 1900, «at den nuværende Reisning er en national Bevægelse, ved hvilket Folket søger at værge sig mod de Fremmedes Overgreb. Den kinesiske Nation er som et dødssygt Dyr, som Slagterne allerede har begyndt at sætte Kniven i for at skjære til sig hver sit Stykke, og det er da ikke at undres over, om det gjør en sidste Kraftanstrængelse for at slaa fra sig og redde Livet.” Trass i denne erkjenninga meinte Dahle at stormaktene måtte sørge for at Kina «nu bliver aabnet for europæisk Civilisation i en større Udstrækning end nogensinde før.»

Middel for misjonen

Altså, imperialismen og alle dens overgrep er middel for misjonen til å nå dens mål. Kva har vi her? Misjon som soning og bot for overgrep (Jørgen Cappelen), men misjonen treng nye overgrep for å nå dette målet (Lars Dahle)!

Den som verkeleg fører dette resonnementet til endes er Nils Christian Egede Hertzberg, skulemann og politikar, statsråd og stortingsmann, og far til Kina-misjonær Arthur Hertzberg. Han skreiv i Morgenbladet hausten 1900 om Kina-misjon og Boksar-opprøret og gav skulda til «de kristne Stormagters Hensynsløshed og Rovbegjærlighed». Men så får vi likevel ei ekstraordinær kopling til misjonen: «Det kan vistnok siges at Stormagternes Optræden i Kina skjer ifølge en historisk Lov, en Lov, som ligger til Grund for Verdens-Udviklingen, og som ikke tillader nogen enkelt Folkerace at stænge sig ude fra den vesterlandske Kultur, eller rettere det kan siges, at det er selve den guddommelige Verdensstyrelse, som ikke længere vil tillade et saa uhyre Folkeomraade som Kinas 400 Millioner at lukke Kristendommen ude og dermed den Kultur, som altid har gaaet Haand i Haand med Evangeliets Udbredelse.»

Misjon som bot og soning

I tråd med dette resonnementet, må vi vel kunne seia at trekanthandelen med slavar til Karibia og sukker til København også var eit middel for fremjing av Guds rike. Den førte jo til misjon som bot og soning.

Les også

  1. Misjonsorganisasjon ber tatere om unnskyldning

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Lagmannsretten vil løslate Gunn Merete Lodes drapsmann fra forvaring

  2. Lokal smittevernforskrift foreløpig bare til 16. desember

  3. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent

  4. Turgåere overrasket av snøfall på Bynuten

  5. Oilers har tatt ledelsen

  6. Verdensmesteren bor i en ombygget container. Tett på naturen for 500.000 kroner