Ny kyrkjeleg organisering passar ikkje i Ryfylke

DEBATT: Er eit nytt styringsledd, eit eige prostifellesråd, til det beste for dei ulike prostia i landet vårt?

«Korleis vil kunnskapen om kyrkjebygga våre eller forståinga av den daglege drifta, anten det gjeld personalforvaltning eller gravferdsforvaltning, møta større forståing dersom det økonomiske ansvaret blir flytta ut frå den kommunen me høyrer til i»? spør Terje Thornquist og Magnhild Meltveit Kleppa. Her Hjelmeland kyrkje.

Debattinnlegg

  • Terje Thornquist
    Leiar i Hjelmeland kyrkjelege fellesråd
  • Magnhild Meltveit Kleppa
    Leiar i soknerådet i Hjelmeland
Publisert: Publisert:

Kyrkjerådet har no forslag til ny kyrkjeorganisering ute til høyring. Der er det mellom anna forslag om at dei kyrkjelege fellesråda skal avviklast og erstattast av eit prostifellesråd, samansett av ein medlem frå kvart sokneråd i prostiet.

Målet er tredelt: Prostifellesrådet skal for det første fungera som arbeidsgjevar for alle tilsette. Rådet skal også leia det kyrkjelege arbeidet i prostiet og samarbeida med kommunane. Dessutan skal rådet ha medansvar for for å vekkja og næra det kristelege livet i kyrkjelydane.

Kommunane er ulike

Me er opptekne av at det prostiet me høyrer til, skal fungera best mogleg. Ryfylke prosti femner over fire kommunar, fire fellesråd og elleve sokneråd. Kommunane er ulike. Folketalet varierer mellom 2700 i Hjelmeland og 13.000 i Strand. Her er til dels lange avstandar og samstundes byar som Jørpeland og Sauda. Suldal har fire sokneråd, Sauda eitt.

Treng me prostifellesrådet for å sikra ei betre personalhandtering enn i dag? Det er viktig å vera seg medviten kva kompetanse og kvalitet me treng i fellesråda. Det kan vera mykje å henta på å samordna seg betre og utveksla meir erfaringar på tvers av både sokneråda og fellesråda. Kyrkjeverja har som dagleg leiar ei særleg sårbar stilling. Men kanskje kan ei overordna kyrkjeverje som held kontakten med dei andre kyrkjeverjene, avlastar og supplerer, vera eit like bra alternativ?

Denne stillinga kan formelt knytast til prosten. Det vil også hevja statusen til kyrkjeverjene. Leiande kyrkjeverje kan stå i linja til stiftsdirektøren, slik prosten i dag står til biskopen. Treng me eit prostifellesråd til å organisera dette? Svaret er truleg nei. Dette kan Bispedømmerådet og fellesrådet i den einskilde kommunen handtera.

Gjensidig samarbeid

Økonomien i kyrkja er eit sentralt punkt i høyringa frå Kyrkjerådet. Me har i dag eit gjensidig samarbeid med våre respektive kommunar. Det har ein heilt eigen verdi at dette samarbeidet er mellom det einskilde fellesrådet og kommunen. Korleis vil kunnskapen om kyrkjebygga våre eller forståinga av den daglege drifta, anten det gjeld personalforvaltning eller gravferdsforvaltning, møta større forståing dersom det økonomiske ansvaret blir flytta ut frå den kommunen me høyrer til i?

Det tredje delmålet er å styrka det lokale nivået, soknerådet. Me konkluderer langt på veg med at det er sjølvmotseiande å føreslå eit nytt kommune-overskridande organ til ei slik oppgåve.

Me ser ikkje bort frå at prostifellesråd kan vera ei god ordning i somme storbyområde. Modellen synest ikkje å passa inn i Ryfylke.

Det kan vera mykje å henta på å samordna seg betre og utveksla meir erfaringar på tvers av både sokneråda og fellesråda.

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. Flere europeiske land melder om omikronsmitte

  3. Ryfylke har fått sin første vingård

  4. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  5. Her kan du søke i Aftenbladets dødsannonser

  6. Her skjer helgevolden i Stavanger sentrum