Me tek jordvern på alvor i Sandnes

DEBATT: Slik eg les innlegget til leiaren i Jordvernforeningen i Rogaland, kan det tolkast som om Sandnes kommune ikkje tek jordvern på alvor. Det gjer me!

Sandnes tek jordvern på alvor, og vil føra tilbake frigjevne areal til jordbruk, men på Vagle kan me ikkje gjera om på tidlegare fatta vedtak, skriv ordføraren i Sandnes, Stanley Wirak.
  • Stanley Wirak
    Stanley Wirak
    Ordfører i Sandnes (Ap)
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Me har vedteke at dyrka jord ikkje skal godkjennast for bruk for bygging av bustader og næring i nye kommuneplanar. Eg trur faktisk at Sandnes var éin av dei fyrste kommunane i Rogaland som fatta eit slikt vedtak. Landbruket i Sandnes har uttrykt anerkjenning for det vedtaket me gjorde.

Så er det slik at i eit pressområde trengst det å byggja mellom anna nye vegar, sykkelstiar og dobbelspor for jernbanen. Då kan det bli nødvendig å ta dyrka mark. I slike høve, må det kunne vere mogeleg med nydyrking av areal for å erstatta desse.

For om lag 15 til 20 år sidan vedtok regionen vår å flytta ut godsterminalane frå Paradis og Sandnes sentrum, til ein ny samla godsterminal på Vagle. Tanken var at dei store logistikksentera skulle lokaliserast i Vagleområdet tett til Godsterminalen. Heile regionen var samde om dette og kommuneplanar og reguleringsplanar der dette låg til grunn, er vedtekne for fleire år sidan. Landbruket i desse områda er oppkjøpt. Alle var samde om at dette var ei god løysing for heile regionen.

Her har plasskrevjande verksemder som må liggja nær til jernbane og logistikknutepunkt etablert seg, mellom anna Posten, Rema sitt sentrallager og nå sist planlegg Coop sitt sentrallager her. Då vert det noko spesielt at det nå vert lagt opp til omkamp om dei siste områda her. Næringslivet har krav på føreseielegheit. Me kan ikkje ha stadige omkampar.

Derfor står me trygt på dei vedtaka me har gjort tidlegare. Me skal ikkje ha omkamp på desse. Men der me kan, fører me tilbake frigjevne areal til landbruk. I sist kommuneplan la me tilbake om lag 90 dekar fulldyrka mark på Austrått. I den siste planen som er på høyring nå, fører me tilbake om lag 400 dekar rundt Vatnekrossen.

Dette tyder på at det vert ført ein ansvarleg politikk i Sandnes, der me verkeleg tek landbruk og matforsyning på alvor. Me har meir enn festtalar i styringa av Sandnes. Kanskje skulle Jordvernforeningen sjå seg litt rundt og kanskje kunne dei sjå at Sandnes ikkje er nokon versting innan jordvern. Snarare tvert om.

Skal me få det til, så må me stå saman.

Så er det slik at i eit pressområde trengst det å byggja mellom anna nye vegar, sykkelstiar og dobbelspor for jernbanen. Då kan det bli nødvendig å ta dyrka mark. I slike høve, må det kunne vere mogeleg med nydyrking av areal for å erstatta desse.
Publisert: