Det vi aldri ønsker å snakke om

DEBATT: Det er fredagskveld; nok ei innlegging på tvang etter eit sjølvmordsforsøk.

«September er ein viktig månad når det gjeld førebygging av sjølvmord», skriv Jeswanthiny P. Mayooran.

Debattinnlegg

  • Jeswanthiny P. Mayooran
    Lege i spesialisering, psykiatri, SUS
Publisert: Publisert:

Eg undrar meg, har sjølvmord gradvis og i aukande grad vorte ein utveg frå livet? Eller har vi kanskje blitt dyktigare til å oppdage slike hendingar?

Viktig månad

September er ein viktig månad når det gjeld førebygging av sjølvmord. At vi har ein månad dedisert til dette, viser at vi har kome langt. Men det tyngande stigmaet bør ikkje undervurderast.

Ordet sjølvmord er kanskje eit av dei orda vi vegrar oss mest for å bruke i sosiale settingar. Det forbodne ordet, det som berre blir snakka om bak stengde dører.

Vi snakkar om dødsfall, forårsaka av ein medisinsk årsak. Men det å snakke om døden i ein slik samanheng – det blir for framandt og ubehageleg for mange av oss.

«The worst part about having a mental illness, is people expect you to behave as if you don’t.» – Joker

Uuthaldeleg

Å få jobbe i psykiatrien og stadig vere i slike situasjonar, og få kunne lytte til og erfare livshendingar til andre menneske, har gjeve meg mange perspektiv på nettopp dette temaet. For vi snakkar om sjølvmord, – men gløymer kanskje det livet personen må ha levd, det som har ført fram til ei slik avgjersle. Kor tungt og dystert det livet må ha vore. Så uuthaldeleg må det ha vore.

«Det er nesten som å vere fanga i eit mørkt rom. Du spring og spring. Forsøker å finne lyset, men det dukkar aldri opp. Så blir du att der.» Dette blei fortalt meg av ein pasient eg møtte i behandling. Dette er ord som framleis forfølgjer meg, som heimsøker meg …

Vi snakkar om ansvar for eige liv. Ansvar for eigne val vi tek i dette livet vi har fått tildelt. Men kva rolle spelar vi som eit samfunn midt opp i dette? Kor stor medverkande faktor har vi på korleis neste generasjon ber fram livet, klarer å bere fram livet?

Framleis lang veg å gå

Psykiske lidingar og behandling har fått eit skarpare fokus i media. Men vi har framleis ein svært lang veg å gå. Denne månaden er ein start på å kaste lys og spreie kunnskap rundt dette feltet. Så lat oss vere med på å forme ei framtid, der ordet stigma ikkje blir relatert til mental helse!

Publisert:
  1. Debatt
  2. Psykisk helse

Mest lest akkurat nå

  1. Planlegger barnehage til 150 millioner ved Mosvatnet

  2. Ny fabrikksjef hos Nortura Forus

  3. Etter­lyser bil etter på­kjørsel av politi­bil i Klepp i helga

  4. Advarer mot glatte veier i Sirdal

  5. 628 nye smittede på Nord-Jæren

  6. I Sandnes har de allerede bygget stort. Der hagler lov­ordene