Er tomtedelingspolitikken annleis for rike byfolk enn for oss vanlege?

DEBATT: Aftenbladets sak om kva Stavangers økonomiske elite får lov til, får meg til å tenkja på naboen min på Nærbø som fekk nei til å dela tomta si i to for å bygga seg eit tenleg hus for alderdommen.

I Stavanger driv ein tydelegvis med omvendt fortetting, tre tomter, – og kanskje fire – blir til ei. Har regionale styresmakter definert andre reglar for Nord- Jæren?

Debattinnlegg

  • Jørgen Risdal
    Nærbø
Publisert: Publisert:

Når ein ser kva vanlege landsens folk må ta til takke med når byråkrati og politikarar dikterer rammevilkåra for våre ønske om disponering av eigen tomtegrunn, ser ein tydeleg at det er forskjell på kong Salomo og Jørgen hattemakar.

Aftenbladets artikkel 3. mai om Ole Ertvaag sin plan om å gjera om Halvdan Svartes gate 3 på Madla til badehus for dei som har adresse Kong Haralds gate 6, fekk meg til å studera historiske flyfoto av området. Då ser ein lett at her er tre bustadeigedommar gjort om til ein gjennom ein periode på rundt 10 år. Og det er ikkje små tomter som har dominert Madlamark, det gir alle husa med A- og B-nummer ein god indikasjon på.

Tydelegvis er det andre overordna reglar som ligg til grunn for korleis tomtegrunn kan bli disponert i Stavanger, enn det som gjeld i periferien av maktsenteret i regionen vår. Her eg bur, i tettbygd strok på Nærbø, kunne ikkje naboen få lov til å dela tomta si i to for å byggja seg eit tenleg, lite hus for alderdommen. Skulle det gjerast ei oppdeling, måtte det inn tre bustadeiningar på denne tomta som var på over 1,1 mål. Det er dei regionale fortettingskrava som styrer dette, noko som i og for seg er eit godt jordverntiltak.

I Stavanger driv ein tydelegvis med omvendt fortetting, tre tomter, – og kanskje fire – blir til ei. Har regionale styresmakter definert andre reglar for Nord- Jæren? Ein skulle tru det var like viktig å disponera byggjegrunn godt her som i andre deler av regionen. Er det kanskje pengemakta som overstyrer slike regionale krav her? Finst det ein eller annan byråkrat som kan forklara kvifor kong Salomo og Jørgen hattemakar har så ulike rammevilkår for sine ønske om å få seg ein tenleg heim, stor eller liten? I praksis ser det i alle fall ut til at kong Salomo lettare får sine ønske oppfylt enn hattemakaren.

Her eg bur, i tettbygd strok på Nærbø, kunne ikkje naboen få lov til å dela tomta si i to for å byggja seg eit tenleg, lite hus for alderdommen.

Les også

  1. Ole Ertvaag river nykjøpt Madla-bolig: Vil bygge svømmebasseng

  2. Vi river ikke fullt brukbare boliger selv om de søkkrike vil bade

Publisert:
  1. Stavanger
  2. Nord-Jæren
  3. Nærbø
  4. Debatt
  5. Jæren

Mest lest akkurat nå

  1. Jakob Ingebrigtsens nye naboer på Lura synes huset hans blir for svært

  2. 63 ganger rykket politiet ut for å redde Liv Monika (16) fra Gjesdal. Den 64. gangen klarte de det ikke

  3. Her kostet det 600 kroner å komme inn

  4. For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!

  5. Debutanten oppfylte dobbelt drøm da Viking cruiset videre fra cupfesten på Rosseland

  6. Familien på seks flyttet fra toroms til rekkehus. Nå bor de i en fargefest.