Tilliten til barnevernet er høg

DEBATT: I innlegget «Det finnes et annet barnevern» av underteikna og Kjersti Sandanger opplyste vi at 80 prosent av brukarane har høg tillit til barnevernet. I to innlegg i Aftenbladet nyleg («anonym kvinne» og Bjørg Mannes) vert det spurd om det kan vere rett at så mange foreldre har høg tillit til barnevernet.

Publisert: Publisert:

I dette innlegget viser Svein Erik Tuastad til kjeldene for påstanden om at rundt 80 prosent av foreldra er nøgde med barnevernet. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger


I det store forskingsprosjektet «Det nye barnevernet» for nokre år sida var 720 familiar som var brukarar, intervjua. Til påstanden «Barneverntjenesten gjør mye bra arbeid for barn og familier som har bruk for det» var 79 prosent samde, 21 prosent var usamde (kapittelet «De fornøyde brukerne» av Gunnhild Johnsen, i boka Det nye barnevernet, Universitetsforlaget 2013).

Den høge tilliten var i samsvar med tidlegare funn. Sluttrapporten (2015, side 67 til 69) omtaler dei same funna. Dersom ein opplever å miste omsorga for eigne barn, er det ikkje overraskande om relasjonen til barnevernet vert mindre god.

På grunnlag av negativ medieomtale skulle ein tru at foreldre som møter barnevernet, hadde mistillit til etaten i det store og heile. Slik er det ikkje. Det stadfester tillitsmålingar til opinionsbyrå. Ei måling i 2019 (Sentio) synte at mellom dei som sjølve hadde mottatt hjelp frå barnevernet, opplevde dei fleste god kvalitet.

Ein del av inntrykka om barnevernet er baserte på klåre mistydingar, som at barnevernet driv mest med omsorgsovertakingar. Gruppa med flest misoppfatningar har dårlegast inntrykk av barnevernet.

Vi veit at om lag ein tredel av dei som har eit dårleg inntrykk av barnevernet, ikkje vil melde frå om dei er bekymra for omsorgssvikt. Det er alvorleg. Difor kan det stundom vere viktig å prøve korrigere mediebiletet av barnevernet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Rogalendinger har flest dager fra symptomer oppstår til testing

  2. Gigantvarehuset får fortsatt ikke selge varer til biler og båter

  3. Ryfast fortsatt gratis – Vegvesenet hever kontrakten med Tecsidel

  4. Norge kan bli rødt om to uker

  5. Hun danket ut politikere i kampen om Stavanger-jobb

  6. – En gåte for oss at så mange ennå kjemper for Rogfast

  1. Barnevern