Nedgongen i talet på lærarstudentar mindre enn frykta

LÆRARUTDANNING: Læraryrket er eit av verdas viktigaste yrke. Korleis barn blir møtt på skulen og kva sosial og fagleg kompetanse læraren har, spelar ei grunnleggande rolle for trivsel, danning og fagleg utvikling.

Publisert: Publisert:

Universitetet i Stavanger skal gjere sitt til at lærarstudentane trivst ved å tilby fagleg solide og framtidsretta lærarutdanningar, skriv Odd Magne Bakke. Foto: Jan Inge Haga

Debattinnlegg

  • Odd Magne Bakke
    Dekan ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, UiS

Odd Magne Bakke Foto: Anders Minge

Lærarane er med på forme framtidas samfunnsborgarar. Då blir det også eit samfunnsansvar å sørge for at skulen får mange nok kompetente lærarar.

Mindre enn frykta

Mange vart uroa då søkartala for lærarutdanningane vart kjende i april. Dersom ein legg talet på kvalifiserte søkjarar til grunn, er nedgangen ikkje så dramatisk som vi kan få inntrykk av i Steinar Larssen sitt innlegg i Aftenbladet 30. juli. Førstevals-søkarar til lærarutdanningane for trinn 1-7 og 5-10 gjekk ned med høvesvis 5,2 og 5,4 prosent samanlikna med i fjor.

Opptaket viser at nedgangen på kvalifiserte søkarar er på 2,8 og 3,7 prosent. Det er dermed først og fremst talet på ukvalifiserte søkarar som har gått ned. På landsbasis er det nesten like mange som har fått tilbod om studieplass som i fjor for trinn 1-7 (berre 8 færre). For trinn er 5-10 har tilbodet gått ned med i underkant av 5 prosent.

Dette trinnet rekrutterer også frå integrert lektorutdanning (8-13) og frå det som framleis er den største lærarutdanninga i Norge; fagstudiar med påfølgande eittårig praktisk-pedagogiskutdanning. Derfor er det lite truleg at nedgangen for trinn 5-10 får særlege følger, i alle høve ikkje på kort sikt.

Treng mange lærarar

Uavhengig av årets opptak, må det likevel ein kraftinnsats til for å rekruttere nok lærarar i åra som kjem. Ifølge professor emeritus Karl Øyvind Jordell vil ein mangla rundt 8000 lærarar om få år. Alt i dag manglar vi om lag 4000, om vi reknar med behovet som lærarnorma utløyste. Det blir ei stor utfordring å utdanne nok lærarar i åra som kjem, og å få dei som blir utdanna til å bli verande i yrket.

Løysinga på denne utfordringa er kompleks. Det handlar om alt frå løn og arbeidstilhøve, opptakskrav, finansiering og politiske føringar, kvalitet i utdanningane og oppfølging av nyutdanna lærarar.

Utdanningsinstitusjonane er ein del av løysinga. Gjennom oppfølging, tilbakemeldingar, varierte undervisningsformer og praksis, skal den enkelte lærestad legge til rette for kvalitet i utdanninga og for at flest mogleg fullfører studiet. I dag droppar om lag 30% av studentane ut før fullført studium. Om dette talet blir redusert til 10 % prosent, vil det i seg sjølv vere eit godt bidrag til auka rekruttering.

Meir pengar må til

Lærarutdanningane er dyre fordi praksis utgjer ein stor del. Derfor er det uforståeleg at regjeringa endå ikkje har finansiert reforma av dei nye lærarutdanningane med krav om master, sjølv om det alt er tatt opp studentar på desse programma i to år.

Ei internasjonal rådgjevingsgruppe med oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kom i år med råd om korleis Norge skal lukkast med dei nye grunnskuleutdanningane. Her blir det slått fast at måla for utdanningane er veldig ambisiøse og at for å nå desse må det løyvast nok pengar.

Uavhengig av økonomisk handlingsrom, arbeider UiS heile tida med å vidareutvikle og betre lærarutdanningane, og få ned fråfallet. Vi har fleire institutt som driv lærarutdanningar. I tillegg har vi tre nasjonale sentra: Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking og Kunnskapssenter for utdanning. Vi har også ein velutstyrt Didaktisk Digitalt Verkstad. Ved UiS ligg tilhøva vel til rette for fagleg solide og framtidsretta lærarutdanningar.

Publisert:

Les også

  1. Færre søker seg til lærerutdanningen

  2. Lærerne flykter fra dårlig lønn, detaljstyring og maktesløshet

Mest lest akkurat nå

  1. Denne kreftforma er spesielt utbreidd blant menn i Rogaland. Dette kan vere forklaringa

  2. Silje Gaarder rydder bare et kvarter hver dag. Likevel er det strøkent. Her er hennes beste tips.

  3. Biden har økt ledelsen det siste døgnet

  4. Fjernet ulovlig garasje, men Atle har likevel fått 40.000 kroner i tvangsmulkt

  5. – Hvis jeg ikke engasjerer meg nå, og naustet på Sør-Bokn blir revet, kommer det til å irritere meg resten av livet

  6. Drømmeinnhopp for Hauge – scoret for Milan: – Veldig imponerende

  1. Utdanning
  2. Rekruttering