Fagskulane – kvalitet i utdanninga utan språklege rettar?

DEBATT: Dei siste åra har regjeringa satsa på å styrkja fagskulane, og i fjor vedtok Stortinget ei ny fagskulelov. Kvar vart det av dei språklege rettane?

Publisert: Publisert:

Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/Norsk Målungdom

Debattinnlegg

Gunnhild Skjold
Leiar, Norsk Målungdom

Fagskulane tilbyr kortare yrkesretta utdanningar i alt i frå musikkteater på private Bårdar i Oslo til maskinoffiser på den offentlege Fagskulen Sogn og Fjordane. For å gå på mange av fagskulane treng du ikkje generell studiekompetanse. Mange tek vegen til ein fagskule frå yrkesfaglege studieprogram på vidaregåande, eller tek fagskuleutdanning attåt jobb.

Les også

Studenter som tar fagutdanning innen tekniske fag mest misfornøyd

Mykje er blitt betre

Hausten 2018 starta over 16.000 studentar på ei fagskuleutdanning, og dei siste åra har det vore ei stor satsing på fagskulane. Regjeringa har kome med ei ny stortingsmelding, Stortinget har vedteke ei ny fagskulelov og dei siste tre åra har fagskulane fått 124 millionar kroner til å betra tilboda sine. Mange av tiltaka går ut på å handsama fagskulestudentar likt med andre studentar. I den nye fagskulelova fekk til dømes større fagskular lov til å knyta seg til studentsamskipnadar og fagskulestudentar fekk rett til studentombod. Kvifor skal ikkje fagskulestudentane ha like gode språklege rettar som andre studentar?

Like rettar

Ingen veit kor mange nynorskbrukarar som er studentar på dei over 90 fagskulane me har i Noreg. Men dei finst, og dei har dårlegare språklege rettar enn medstudentane deira på høgskular og universitet. Norsk Målungdom meiner at fagskulestudentar ikkje bør straffast med færre språklege rettar. Dei bør ha rett til eksamen, vitnemål og karakterutskrifter på nynorsk slik som studentar ved offentlege høgskular og universitet har i dag – og det bør gjelda både for private og offentlege institusjonar. Dessutan bør me kartleggja kva pensum som vert nytta – kva som finst på nynorsk, og korleis me kan få mest mogleg på nynorsk.

Fleire språklege rettar fører til meir synleg nynorsk for nynorskbrukarane. Me veit at meir nynorsk i kvardagen gjer brukarane av eit mindre brukt språk som nynorsk til tryggare språkbrukarar og fungerer som ei vaksine mot språkskifte. Den språkskiftevaksina bør fagskulestudentar få.

Les også

Per Halse: «Brør under brynja – Arne Garborg og Peter Hognestad»

Les også

Nett-tv: Historisk jubileumsgudstjeneste på «landsmaal»

Les også

Bokmelding: «Han kristna nynorsken»


  • Les også:

Foto: Anders Minge


Publisert: