Heller klima enn skule, MDG?

DBATT: Budsjett-dramaet i Time kommune vart avgjort av at Miljøpartiet dei Grøne støtta høgresida.

Publisert: Publisert:

Debattinnlegg

  • Ingrid Fiskaa
    Kommunestyrerepresentant i Time (SV)

Resultatet er at ungdomsskulen på Undheim blir lagt ned, ny symjehall blir utsett, ungdomsklubbar blir lagt ned og at me ikkje får kommuneøkonomien på rett kjøl med eigedomsskatt.

Forklaringa stemmer ikkje

Til avisa 18. desember forklarer MDG sin representant at dei valde vekk sine eigne programpostar om å oppretthalda ungdomsskulen og innføra eigedomsskatt fordi klimaet er viktigast. Det skal nemleg tilsetjast ein miljørådgivar i kommunen, og det skal lagast ein klimaplan. Problemet med denne forklaringa er at ho ikkje stemmer. Begge dei to nemnte klimatiltaka låg allereie inne i rådmannens forslag, og sjølvsagt også i det felles budsjettforslaget frå Sp, Ap og SV. Dette alternativet ville fått fleirtal dersom MDG hadde støtta det.

Alvorleg

Det er alvorleg at MDG lagar ei motsetning mellom gode tenester og innsats for klimaet når det ikkje er grunnlag for det. På kva måte skal det vera til hjelp i klimakampen?

Det er også alvorleg at MDG vel vekk avtalen med sine eigne veljarar til fordel for ein avtale med høgresida. Det bør folk i Time merka seg.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne hentet av ambulanse etter sykkel-krasj ved Store Stokkavatn

  2. Så dypt skal det være under stupebrett

  3. 100 restauranter konkurs som følge av korona

  4. Ap godtar regjeringens iskant

  5. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke hjemme

  6. Opptøyene kan hjelpe ham å vinne valget

  1. Debatt
  2. Time kommune
  3. Kommuneøkonomi
  4. MDG
  5. Undheim