Hardhendt sensur av tru i Kina, Noreg må gje kinesisk toppolitikar klår melding

KRONIKK: Politikken retta mot etniske og religiøse minoritetar i Kina er så hardhendt at stortingspresident Tone Trøen og statsminister Erna Solberg ikkje kan feira 17. mai utan først å ha snakka i klartekst til delegasjonen frå Kina.

Publisert: Publisert:

Denne leiren i Dabancheng er offisielt eit «yrkesfagleg utdanningssenter», nær hovudstaden Ürümqi i den delvis sjølvstyrte Xinjiang-provinsen (Uiguristan). Det er blitt rapportert at Kina har internert ein million muslimske uigurar i ei rekkje omskoleringsleirar. Foto: Thomas Peter, Reuters/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Onsdag får Stortinget besøk av Kinas tredje mektigaste mann. Formannen i Folkekongressen, Li Zhanshu, skal møta både stortingspresident Tone Trøen og statsminister Erna Solberg og få audiens på Slottet. 17. mai skal han feira i Stavanger-traktene, les eg i Stavanger Aftenblad.

I ein normalisert tilstand mellom Noreg og Kina må det ikkje berre handla om næringsliv, handel og kulturutveksling. Vertskapet må snakka tydeleg om sentrale verdiar som står i høgsetet når vi – midt under gjestinga frå Kina – feirar 17. mai.

Dei tre fremste leiarane i Kina (frå venstre): Folkekongress-formann Li Zhanshu, som vitjar Stortinget 15. mai og Stavanger 17. mai; president, Kommunistpartiets generalsekretær og leiar for den sentrale militærkommisjon Xi Jinping; statsminister Li Keqiang. Dei er alle godt oppe i 60-åra, men ingen av dei ser ut til å ha vorte gråhåra. Foto: Jason Lee, Reuters/NTB scanpix

Ytrings- og trusfridom hardt pressa

Ytringsfridom er ein nøkkelverdi. Fridom kan ikkje feirast eller opplevast utan ytringsfridom. Kina har ført store skarar ut av fattigdom, det skal landet ha. Men folket har ingen fri rett til å ytra seg. Li Zhanshu kan ikkje vera i Noreg på nasjonaldagen vår utan å få høyra kor viktig samspel det er mellom retten til mat på bordet og retten til å tala og meina fritt. Kina arresterer aktivistar som ytrar seg fritt på tvers av Kommunistpartiet.

Retten til å tru fritt kom ikkje på plass i grunnlova vår i 1814. Jødane vart utestengde. Og det måtte kjempast mange harde kampar etter 1814 for retten til å forkynna utan godkjenning frå statens mann – presten. Kina straffar i dag prestar og pastorar og andre kristne som ikkje innordnar seg statsstyret.

Det går hardt utover uregistrerte kyrkjer – som blir stengde eller jamna med jorda. Men det går også ut over dei som har registrert seg og slik godteke prinsipielt å innordna seg religionskontrollen. No er kontrollen blitt utoleleg for mange.

Frå julekveldsmessa i ei statleg godkjend katolsk kyrkje i Shanghai i 2018 – tett kontrollert av styresmaktene. Foto: Aly Song, Reuters/NTB scanpix

Dei kunne ikkje godta at presten brukte bibelsitat utan at dei vart tolka inn i sentrale sider ved kinesisk kultur. Preika var ikkje «kinesisk» nok.

Sensurerer prestane sine preiker

Det anerkjende magasinet Bitter Winter, som følgjer den sterke innstramminga i trusfridommen i Kina tett, fortel om ein prest i ei statsgodkjent Tre Sjølv-kyrkje i byen Shangqui i den sentrale provinsen Henan, der tilstramminga ifølgje mange rapportar er alle hardast. Han skulle halda preike og måtte senda den inn til godkjenning hos dei lokale styresmaktene.

15. mars fekk han svar: Preika kunne ikkje haldast, den inneheldt for mykje religion og for lite kommunistisk ideologi. Religionskontrollørane likte ikkje truspostutalet «Gud skapte himmel og jord, han skapte alt». Og dei kunne ikkje godta at presten brukte bibelsitat utan at dei vart tolka inn i sentrale sider ved kinesisk kultur. Preika var ikkje «kinesisk» nok.

Det siste året har Kina brukt ei ny og sterkt innstramma religionslov for å leggja eit jerngrep over uregistrerte trussamfunn – det er i prinsippet forbode å utøva religion utan statsgodkjenning. Og ein sentralt styrt kampanje er sett i verk for å sjå til at all godkjend religionsutøving er «kinesisk», eller «kinesifisert».

Det siste inneber mellom anna at krossar er fjerna frå kyrkjetak og erstatta med kinesiske flagg, at sosialistiske songar må inkluderast i gudstenestene og altså at preiker må formidla kinesiske og sosialistiske verdiar. Difor er det mange stader innført sensur av preiker, melder Bitter Winter. Prestane i statsgodkjende kyrkjer og andre forsamlingar må leggja fram for styresmaktene alt dei har tenkt å forkynna for kyrkjelydane eller forsamlingane sine. Preikene må vera i samsvar med partiideologien.

Den aktuelle presten som fekk preika underkjend, sukkar hjelpelaust: «Vi er i ein vanskeleg situasjon no. Ved å krevja at vi skriv preiker som er gjort ‘kinesiske’, tvingar ikkje då kommunistpartiet oss til å fortelja løgner og gå mot Herrens ord?»

Noreg veit godt kva «fornorskingspolitikk» er. Det vart i meir enn 100 år gjort grov urett mot samar og kvenar, ein urett Stortinget vil gjera opp for ved å ha sett ned ein sannings- og forsoningskommisjon, leia av Dagfinn Høybråten. Kommisjonen er midt i arbeidet.

Ein million muslimar bak murane

Den hardhendte «kinesifiseringspolitikken» rammar etniske minoritetar.

Dei verste overgrepa vert dei hovudsakleg muslimske uigurane utsette for i den store Xinjiang-provinsen, med meir enn ein million i omskoleringsleirar. Dette er slett ikkje berre kamp mot terrorisme og ekstremisme, som det er mange døme på, men eit målretta og hardhendt forsøk på å få ein heil etnisk minoritet i ein diger provins til å innordna seg den kommunistmakta i Beijing.

Religiøst rammar politikken alle truande, ikkje berre kristne. Den rammar buddhistar, muslimar og taoistar. Tempel og moskear vert rivne i tusental, og religiøse statuar øydelagde.

Kampanjen har vore hardthendt mot uregistrerte protestantiske kyrkjer, som er stengde eller øydelagde. Pastorparet i Early Rain i Chengdu er framleis arresterte, saman med mange andre. Ifølgje den ferske årsrapporten frå United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) vart undertrykkinga av den katolske undergrunnskyrkja trappa kraftig opp hausten 2018, etter at det vart inngått ein avtale med Vatikanet om utnemning av katolske biskopar i den statsgodkjende katolske kyrkja.

Politikken retta mot etniske og religiøse minoritetar er så hardhendt at stortingspresident Tone Trøen og statsminister Erna Solberg ikkje kan feira 17. mai utan først å ha snakka i klartekst til delegasjonen frå Kina.

Les også

Arkitekten bak forfølgelsen av uigurene er en politisk stjerne i Kina

Les også

2018: Sjokkrapporter fra Xinjiang før Stortingets Kina-besøk


Les også

Planlegger demonstrasjon i Stavanger under Kina-besøk på 17. mai

Les også

Ingen kommunal flagging for Kina-gjester

Les også

Kina-toppene ikke i sentrum under 17. mai-feiringen


Tidlegare kronikkar av Johannes Morken:


Publisert:

Les også

  1. – Korleis forandre eit land på eit par tiår

Mest lest akkurat nå

  1. Denne kreftforma er spesielt utbreidd blant menn i Rogaland. Dette kan vere forklaringa

  2. Dette er situasjonen i Stavanger nå - men skolen styrkes med 40 millioner

  3. Nytt smittetilfelle i Sola

  4. Silje rydder bare et kvarter hver dag. Likevel er det strøkent. Her er hennes beste tips

  5. Nakstad: – Må gjøre endringer for å få kontroll på pandemien

  6. Ny utdanning ved UiS: Norske tollere skal utdannes i Stavanger

  1. Erna Solberg
  2. 17. mai
  3. Kina
  4. Menneskerettigheter
  5. Trosfrihet