Den europeiske legestand og deira motvillige pasientar

DEBATT: Kva er det pasienten ikkje forstår, sidan han ikkje er einig med legen? Slikt maktspråk skaper meir avstand.

«Kva om legen la frå seg tittelen og såg seg sjølv som eit medmenneske som prøver å forstå det han tidlegare ville tolka med ein diagnosemanual?» spør Kristine M. Stensland.

Debattinnlegg

  • Kristine M. Stensland
    Kristine M. Stensland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Kvar er demokratiet på veg i Europa? spurde Kapittel-festivalen fredag kveld. Simen Ekern, Cecilia Hansson og Asle Toje var inviterte for å diskutera spørsmålet, og salen var full.

Artig vri

Spørsmålet er uproblematisk å stilla. Mindre greitt var det at arrangementet hadde namnet «Europa – en diagnose». Ordstyrar Harald Birkevold sette dei tre lærde inn i rolla som legar. Ein artig vri! Dei gjekk smilande, og kan hende litt nølande, i gang med å stilla diagnose. Kunne det vera ein influensa? Eller ville det bli nødvendig å amputera?

Les også

Kvifor ingen konflikt på Kapittel?

Les også

Kvifor ingen konflikt på Kapittel?

Les også

Billettrekord på Kapittel

Eg hadde ikkje med meg notatblokka, men eg har i alle fall notert bak øyret at Toje sa noko i retning av at det europeiske samarbeidsprosjektet er fundert på ideane til elitane, noko som har gjeve grobotn for dei «sjukdommane» unionen slit med i dag.

Om ein tek denne forklaringa på alvor, er det lite gunstig at medlemmar av ein tilsvarande elite diskuterer problemet som om dei var legar i møte med ein pasient. Atter ein gong hevar menneske med definisjonsmakt og stort ytringsrom seg over folk som lever med konsekvensane av unionen som den europeiske eliten har sydd saman over hovuda deira. Kva er det pasienten ikkje forstår, sidan han ikkje er einig med legen? Slikt maktspråk skaper meir avstand. Sjølv ville eg ha likt dårleg om nokon diagnostiserte meg som sjuk, basert på meiningane eg ytra. Eg hadde i alle fall ikkje fått særleg lyst til å ha ein open dialog med vedkomande.

Les også

Kva skal me gjera med nasjonalismen?

Les også

Nasjonalisme hos Europas syndebukk

Lettare å såra

Kva om legen la frå seg tittelen og såg seg sjølv som eit medmenneske som prøver å forstå det han tidlegare ville tolka med ein diagnosemanual? Det ville utan tvil ha vore utfordrande. Ein må laga seg eit heilt nytt grunnlag for forståing. Dessutan er ein lettare å såra når ein ikkje ber ei rustning i form av ein legefrakk. Kan hende endar ein opp med å undersøka seg sjølv like grundig som den tidlegare pasienten.

Representerer meiningseliten

Dette er ikkje ein kritikk retta mot denne einskilde debatten, sjølv om den grunnleggande metaforen som her blei brukt, gjer det enklare å utkrystallisera desse tankane. Det var ingen i publikum som reagerte på legekonsultasjonen. Kvifor skulle dei det, når lege-pasient-dikotomien passar så godt som han gjer inn i måten me «friske» har lært oss å forstå omverda på? Dei som hadde ordet, representerer meiningseliten som reproduserer diskursen som har bidrege til å skapa utfordringane dei klør seg i hovudet for å kurera.

Les også

  1. May vil ha overgangsperiode etter brexit

  2. – Ikkje folkets, men si eiga røyst

Publisert:
  1. Debatt
  2. Harald Birkevold

Mest lest akkurat nå

  1. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  2. Kom hjem til endevendt hus i Stavanger

  3. Frisk 33-åring. Bør jeg ta influensavaksinen?

  4. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag

  5. Mange av kundene er blitt deres venner, men etter 37 år er det slutt

  6. Én måned siden gjenåpningen – slik har det gått