Når grashoppa blir sosial
GJESTEKOMMENTAR: Dei store regnbyene tvingar grashoppene saman. Plutseleg formeirar dei seg i rekordfart, og ungane blir større, raskare og ekstremt sosiale.
Debattinnlegg
- Bård Vegar SolhjellDirektør i Norad

«Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli. Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt.» (2.Mosebok, kapittel 10, 12-15)
Og slik kan det vere: Himmelen over deg blir heilt svart. Det er ikkje ei mørk sky som skuggar for sola, det er ein grashoppesverm. Ørkengrashoppene kan danne svermar som dekkjer mange kvadratkilometer. Ein sverm inneheld milliardar av grashopper, og dei et alt. Absolutt alt. Dei øydelegg avlingar og alt som er grønt: maisstilkar, grønsaker, blomar. Ein stor sverm kan ete like mykje mat som 35.000 menneske.
Verste svermen på over 70 år
I år er det særleg Kenya, Somalia, Uganda, Etiopia og Sør-Sudan i Aust-Afrika som er blitt plaga av svermar, men også India, Pakistan og Nepal har sett himmelen svartne. Det er fattige land som vert ramma, mange av dei slit allereie med å sikre nok mat for befolkninga si.
Og det i 2020, når koronapandemien i tillegg har skapt vanskar for administrasjon, produksjon og distribusjon av mat.
Årets sverm er den verste på meir enn 70 år. Tilgangen til mat for millionar av menneske er øydelagd og dei er ramma av akutt svolt. Nokre gonger er svermane så store og tette at fly ikkje kan lande. Naudsynt hjelp kjem nesten ikkje fram heller. Kvifor i år? Store regnbyer forårsaka av syklonar i Indiahavet i 2018 og i 2019 gav ideelle yngleforhold for grashopper, ifølge Verdas matvareorganisasjon (FAO). Enkelte forskarar meiner eit endra klima kan skape denne typen vêr oftare i framtida, men det er førebels ikkje dokumentert at grashoppesvermane kjem oftare no enn for nokre tiår sidan.
Men når vêrtilhøva først er der, ja då ligg samanhengane på det erotiske plan. Dei kunne passe godt inn i kva som helst slags moderne skrekk-science fiction-film: Til vanleg er ørkengrashoppa ganske så asosial. Ho likar å vere åleine og i sitt eige selskap. Men dei store regnbyene tvinger dei saman på små fuktige område og gir ideelle yngleforhold. Plutseleg byrjar hjernen å skilje ut serotonin og grashoppene formeirar seg i rekordfart. Ungane som har blitt utsett for meir serotonin endrar utsjånad og blir, i motsetnad til ho-grashoppa som har lagt egga, større, raskare og ekstremt sosiale.
Ikkje rart at grashoppesvermar var den åttande landeplaga Gud sende over Egypt for å tvinge faraoen til å la israelittane dra frå landet.
Viktig som mat
For nokre tiår sidan gjaldt det å utrydde flest mogeleg insekt. DDT, ei gift og ein mirakelmedisin som effektivt drap insekt, gav kjemikaren og oppfinnaren Paul Hermann Müller ein Nobelpris i 1948. Stoffet viste seg å ha store økologiske skadeverknadar. Det vart også mistenkt for å forårsake fleire kreftformer på dyr og menneske. DDT vart forbode i Norge på 70-talet, men brukt i skogbruket heilt fram til 1986.
No veit vi meir om insekta. Som professor Anne Sverdrup-Thygeson forklårar så godt i boka «Insektenes planet» frå 2017: Utan insekt vil dyr og menneske døy. Dei er tannhjula som får verda til å gå rundt. Utan pollineringa deira hadde vi mangla ei rekke frukt og grønsaker, og vi måtte klart oss utan sjokolade og kaffi. Insekta fungerer også som naturens vaktmeister og bidrar til nedbryting av dødt biologisk materiale. I tillegg fungerer dei som viktig mat for dyr.
I aukande grad også for menneske. Forskarar peikar på at insekt truleg vil vere ein viktig del av framtidas matforsyning. Anten direkte, for eksempel i form av freistande mjølbillelarvar eller grashopper, kanskje grilla med krydder og olje. Eller indirekte ved storstilt yngling av insekt som fôr til oppdrettsfisk eller husdyr.
Lyspunkt
Men insekt har også, som vi har sett, store skadeverknadar. Grashoppesvermane er ikkje ferdige for i år. Somalia rustar seg for bølge nummer to i haust. Nedbøren vil halde fram og grashoppene vil difor også halde fram. Vedvarande nedbør gjer at grashoppene vil halde fram å formeire seg eksplosivt.
FAO arbeider med å utvikle eit økologisk plantevernmiddel som kan drepe grashopper, men ikkje øydelegge for miljø, menneske og dyr. Norsk meteorologisk institutt samarbeider med lokale bønder for å gjere vêrmelding meir føreseieleg. Dette gjer det mogeleg å sjå når neste regnsesong kjem, ein metode som har vist seg å være effektiv og verdsett. Så midt i dei svarte svermane som skuggar for himmelen er det lyspunkt!
Mest lest akkurat nå
Hommersåk samles i sorg – igjen
Svært tunge år for rederiet Møkster, men over i pluss i år
Minst 123 avlyste flygninger mandag
Før visste bare lokalkjente om stølen. Så kom en «turfluenser»
Det trengs et forbud mot bruk av robotklippere om natten og strenge reguleringer for bruk om dagen
Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Etter Forsand-vedtaket står regjeringa fullstendig utan integritet og truverd
Dommerkontroverser, målfest og ellevilt drama: Viking gikk på surt tap i Haugesund
Foreløpig vet vi ikke hvorfor den siktede begynte å skyte mot folk i Oslo. Den uvissheten er nesten ikke til å holde ut
– Akkurat nå går alle tankar til alle dei som kjenner i heile seg at det kunne ha vore dei