Lokkemenn på Nytorget

DEBATT: Her skal ein lokka til seg mediebyen med både Mediafarm, Aftenbladet og NRK for å nemna nokre. Eg må spørja: Kvifor? Det er jo ein mediegard der, kva med den?

«La Nytorget få utvikla seg sjølv, sånn som det har gjort», skriv Jens Borge.

Debattinnlegg

  • Jens Borge
    Musikar og kulturarbeidar
Publisert: Publisert:

Posisjonen slår seg på brystet medan dei har vedtatt at dei skal forfjonga Nytorget. Metropolis skal flyttast til Kunstenteret, Kunstsenteret skal flyttast til ein udefinert plass i sentrum, og der Metropolis låg, skal ein riva alt og byggja noko med plass til 10.000 arbeidsplassar. Her skal ein lokka til seg mediebyen med både Mediafarm, Aftenbladet og NRK for å nemna nokre. Eg må spørja: kvifor? Det er jo ein mediegard der, kva med den?

Har nokon spurt Metropolis om dei vil flytta ut? Har nokon spurt Kunstsenteret?

Miljømessige omsyn?

Er det nokon som drøftar at ein sentraliserer media som no er spreidd i kring i regionen, eller miljømessige omsyn ved å riva noko for byggja nytt? Kven snakkar om at det er (mange) ledige kontorplassar andre stader i kommunen og at Stavanger kommune moglegvis driv med konkurransevridande verksemd?

Eg var ein del av ein moglegheitsstudie på Nytorget og lærte mykje om kva som kan og ikkje kan skje der, og kva som har skjedd der dei siste 100 åra. Har nokon spurt Metropolis om dei vil flytta ut? Har nokon spurt Kunstsenteret? Kommunen har i mange år forsømt trehusa og det gamle privéet på Nytorget. Dersom kommunen brydde seg så mykje om den gamle bygningsmassen, kvifor tok dei ikkje vare på han?

Framleis forsømt

Som gardseigar av Mediegården ville eg vore skeptisk til at kommunen skulle laga det same – berre betre og 20 meter bortføre. Skal Stavanger kommune slå seg opp som eigedomsmogul og driva med utleige, så kan dei vel begynna med å skipe til nokre okei butilhøve for dei som bur i dei kommunale bustadstroka i byen? Ja, det er eit arva problem, men eit problem som framleis vert forsømt.

La Nytorget få utvikla seg sjølv, sånn som det har gjort, rett merksemda dykkar mot bydelane, og bygg dei opp! Invester i bydelshus, kommunale hus, materiell og umateriell infrastruktur.

Publisert:
  1. Nytorget

Mest lest akkurat nå

  1. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  2. Før var strømprisene lavest i Sør-Norge. Så skjedde det noe

  3. Bendi fra Sandnes skal til Bocuse d'Or: – Når jeg først har sagt at jeg skal gjøre noe, gjør jeg det

  4. Ryfast: Stenges to ganger i døgnet i 10 dager

  5. Marerittkveld for Haaland og Dortmund: Største tap i Champions League

  6. Trond Ola flyttet på hjemme­kontor i Spania. Trenden har bare så­vidt startet, tror eks­pertene