Nedbygging av jord i Time må stoppast

DEBATT: I 2017 vedtok kommunestyret i Time at Bryne skal vera jordbrukshovudstaden i Norge. Etter det er mykje jordbruksareal nedbygd, og no er det vedteke å byggja ned 1200 da fordelt på forskjellige område på Kalberg og Frøyland.

– Viss politikarane verkeleg meiner at jordvern er viktig, må dei styra all utbygging vekk frå Jæren, skriv Kåre Søyland.

Debattinnlegg

  • Kåre Søyland
    Ålgård
Publisert: Publisert:

Korleis rimar dette? Dei fleste politikarane, også i Time, er for jordvern i festtalane. Men når det kjem til stykket, er det alltid ei utbygging som er viktigare.

Viss ein byggjer ut desse områda, vert det ikkje lett å driva jordbruk i dei mellomliggande areala, heller. Presset for nedbygging vil verta stadig større, også her. Etter ei tid kan ein fort koma opp i dei 6000 da som fyrst var nemnt.

Det er meir enn nok knausar og uproduktiv jord både sørover og austover.

For kort tidshorisont

Fylkespolitikarane har vedteke ei jordverngrense som skulle halda i 40 år. Dette er alt for kort tidshorisont. Med tanke på jordvern, må ein ha eit tusenårsperspektiv. Viss ein fortset å byggja ned jorda, vil det før eller sidan ta slutt. Viss ein samanliknar eit flyfoto 40 år tilbake med eit tilsvarande teke i år, vil ein sjå kor mykje Jæren har endra seg på denne tida. Og 40 år er ikkje lenge! Det er for eksempel 39 år sidan Oddvar Brå brakk staven i VM i Oslo.

I Store norske leksikon er politikk definert som «aktivitet som går ut på å styra eller leia samfunnsutviklinga.» Det er på tide at fleirtalet av politikarar tek dette inn over seg og tek styringa. Viss dei verkeleg meiner at jordvern er viktig, må dei styra all utbygging vekk frå Jæren. Det er meir enn nok knausar og uproduktiv jord både sørover og austover.

Treng meir vidsyn

Eit kraftkrevjande datasenter bør heller leggjast der straumen vert produsert. Det vil sikkert vera velkome i for eksempel Suldal eller Sirdal. Der er det store uproduktive areal, og dei treng både innbyggjarar og arbeidsplassar.

Me treng meir vidsyn. Ønskjer politikarane på Jæren at tippoldebarna skal veksa opp i ein by utan jordbruk, fordi all jorda er nedbygd?

Publisert:
  1. Debatt
  2. Jordvern
  3. Time
  4. Jæren
  5. datasenter

Mest lest akkurat nå

  1. Denne uka måtte flere ut med 3000 kroner for bruk av et slikt skilt

  2. Utbyggingen er i gang: – Dette er en dag med historisk sus

  3. Klubben blir utestengt fra sin egen hjemmebane: – Vi kan ikke akseptere dette

  4. Kjøpte bygget i 2006 – venter ennå på å få bygge Rema 1000-butikk

  5. Cupeventyret på Jæren er over

  6. Diskuterte valgresultatet