Kvinner si helse må også forskast på

DEBATT: Kvinner får alt for ofte ikkje riktig diagnose eller adekvat behandling, som kan føre til liding og mogleg død.

«Medisinsk kunnskap om sjukdom og verknader av legemiddel vert framleis bygd i alt for stor grad på menn», skriv Anne Kristin Bruns.

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Leiar av Kristelig Folkepartis Kvinner i Rogaland
Publisert: Publisert:
  • Anne Kristin Bruns er 4.-kandidat til stortingsvalet for Rogaland KrF.

Kvinnehelsedagen vert markert 29. mai av Norske Kvinners Sanitetsforeining. Dei stille spørsmålet: Kor likestilte er vi i dag? Kristelig Folkeparti kvinner i Rogaland meiner dette er eit viktig spørsmål. Kvinner får alt for ofte ikkje riktig diagnose eller adekvat behandling, som kan føre til liding og mogleg død. Sjølv om vi bur i likestilte Noreg, er det framleis ikkje likestilling i helsetilbodet. Forsking på kvinnehelse må difor bli prioritert høgt, og kvinner må takast med i utvalet som det vert forska på i alle forskingsprogram.

Ulikt sjukdomsbilete

Kvinneperspektivet i medisinsk forsking er underkommunisert. Menn og kvinner har ulike sjukdomsbilete. Det må forskast meir på sjukdommar som rammar kvinner spesielt, kjønnsforskjellar i sjukdomsrisiko, sjukdomsutvikling, diagnostikk, behandling og førebygging. Kvinner har fleire kroniske og skjulte lidingar som kan føre til redusert livskvalitet, og dei diffuse smertene får ikkje same alvorsgrad som meir akutte smerter. Eit eksempel på dette er mellom anna fibromyalgi, som vert kjenneteikna med kroniske muskelsmerter.

Medisinsk kunnskap om sjukdom og verknader av legemiddel vert framleis bygde i altfor stor grad på menn. KrF Kvinner i Rogaland meiner at det er på tide at det vert forska på kvinnehelse slik at vi sikrar rett behandling også for kvinner. Medisinar har ulik effekt hos kvinner og menn. Vi meiner derfor at ein alltid må forske på verknad, dosering og biverknad hos kvinner.

Les også

Kvinne­helse: «Står puppene i veien for forsk­ning?»

Store hol

Kvinner har andre risikofaktorar for hjartesjukdom og får andre variantar av hjartesjukdom enn menn. Dei har også mindre nytte av standardbehandling utvikla for hjartesjukdom. Det er derfor store hol i den medisinske kunnskapen om kvinnehjartehelse. Desse kan ikkje tettast ved meir forsking på menn, men det bør i settast i verk eit eige forskingsprosjekt på kvinnehjarte. Hjarterelaterte sjukdomar er største dødsårsak hos kvinner, kvar dag døyr to–tre kvinner av hjarteinfarkt. Hjå menn er ei tett blodåre i hjartet årsaka til hjarteinfarkt, men hos 23 prosent av kvinnene er det ikkje ei tett åre som er årsaka til hjarteinfarktet. Vi veit i dag ikkje korleis desse hjarteinfarkta best blir førebygd og behandla.

Det er framleis stor kunnskapsmangel og manglande integrering av kjønnsperspektiv i helsepolitikken. Det er urovekkande at til dømes sjukefråværet ser ut til å vere mykje høgare hjå kvinner enn hjå menn. Graviditet, haldningar til kvinner og den doble arbeidsbyrda med heim og jobb kan vere ein av forklaringane. Samtidig er sjukdomsbiletet hjå kvinner annleis, og det er ei utfordring at det vert forska lite på ulikskapane mellom menn og kvinner sine sjukdomsbilete. Kvifor er det slik? KrF Kvinner vil framover legge til rette for at kvinnehelse framleis er på dagsordenen i dei politiske debattane.

Veit ikkje nok

Dei biologiske ulikskapane mellom mann og kvinne speler ei viktig rolle for kva helseutfordringar vi vil møte i livet. Alle sjukdomar knytt til reproduktiv helse er unike for kvinner. Her har vi kome eit stykke, men også her manglar vi ein del kunnskap for å sikre rett behandling, som igjen kan redde fleire liv og gi betre livskvalitet.

Vi veit ikkje nok om kvinner sine sjukdomar og lidingar – noko som igjen gjev avgrensa kunnskap hjå helsepersonell i møte med pasienten sine behov. Det trengst forsking som kan bidra til auka kompetanse og betre behandling. Om vi verkeleg ønsker likestilling mellom kjønna, så må vi i større grad ta kvinner si helse på alvor.

Les også

  1. Tiden som nybakt mamma ble alt annet enn fan­tastisk. Disse rådene kan gjøre barsel­perioden enklere

  2. «Vi må fortsatt snakke om kvinnehelse!»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Anne Kristin Bruns
  3. Kvinnehelse
  4. Helsepolitikk
  5. Kjønn

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet: «Flere meldinger om trær som har veltet, gjenstander fra hus som rives av i vinden og båter som har slitt seg»

  2. Viking-tilskuer utestengt etter rasistiske rop mot Glimt-spiller

  3. Møt rogalendingene som forlater regjeringsapparatet

  4. – Fest løse gjenstander

  5. Viking-talenter tatt ut på landslaget

  6. Dette anlegget kan snart gi deg høyere strømpris