Datasenteret set dei folkevalde på ein stor prøve

LOKALDEMOKRATI; Datasenteret set lokaldemokratiet i Time på ein viktig prøve. Blant dei 27 som sit i kommunestyret vil det vera nokon som får viljen sin, andre får det ikkje. La oss likevel heva oss over avtroppande president Donald Trump si framferd etter avstemminga.

Sjølv om me kan bli skuffa, må me godta at andre parti gjer andre vurderingar enn oss, ut frå sin ideologi, og sine kjernesaker. Ingen av dei 27 kommunestyrerepresentantane vil Time vondt, sjølv om dei er usamde om eit datasenter er til signing for kommunen eller ikkje, skriv MDG-politikaren. Foto: Geir Sveen

Debattinnlegg

  • Jon Torger Hetland Salte
    Kommunestyrerepresentant for MDG i Time
Publisert: Publisert:

27 ganske vanlege folk i Time kommunestyre skal i løpet av våren 2021 ta stilling til ei utbygging av internasjonalt format. 1800 dekar kan bli tomter til eit av dei største prosjekta i regionen på lang tid. Datasenter-planane vekker sterke kjensler, på begge sider.

Mykje på spel

Eg les med iver alt eg kjem over om dette prosjektet. Om megawatt og gigawatt, om arbeidsplassar, om kraftlinjer og omkøyringsvegar. Eg les om flotte moglegheiter for å nytta overskotsvarme til matproduksjon, fjernvarme, ja til og med biogassproduksjon. I rapporten til Norconsult kan eg lesa om dei grøne markene, steinete beita og vipebefengte myrene. Eg har alt sete i mange møte med Lyse, Green Mountain, Vern Kvernaland og andre. Og fleire møte kjem.

Rapportane kan du lesa sjølv. Dei ligg opent ute på kommunen sine nettsider. Du kan delta i debatten. For, det er ikkje berre oss 27 dette gjeld. Det gjeld ei bygd, ein kommune, og ein heil region. Det blir skrive i Jærbladet om ufine ord mellom dei ulike sidene. I denne saka må me halde oss til eit ope, gjennomsiktig demokrati. Me ser i desse tider at den amerikanske presidenten skapar tvil om han vil godta eit resultat der han taper. Dit må me ikkje koma.

Usamde på verdig vis

27 kvinner og menn blei valde i Time. Bønder, lærarar, økonomar og entreprenørar. Konservative og liberale. Optimistar og pessimistar. Dei blei valde inn på eit partiprogram. Og det vakre med lokaldemokratiet er at desse 27 i størst mogleg grad skal vareta interessene til dei som stemte på seg. Eg er vald inn på Miljøpartiet dei grøne sitt program og ideologi. Bak meg står 354 timebuar. Eg er deira røyst.

Sjølv om me kan bli skuffa, må me godta at andre parti gjer andre vurderingar enn oss, ut frå sin ideologi, og sine kjernesaker. Kvar og ein av desse 27 er blitt gitt mandat frå veljarane til å representera eit program og ein ideologi. Etter eitt år i kommunestyret har eg blitt godt kjent med mange av desse. Eg veit ein ting allereie: ingen av desse 27 vil Time vondt, sjølv om dei er usamde om eit datasenter er til signing for kommunen eller ikkje. Når ei partigruppe landar på eit standpunkt i eit sak, ligg det arbeid bak. Kvar enkelt parti må vega fleire omsyn mot kvarandre, og enda opp med eit syn dei meiner representerer veljarane sine interesser.

Gode grunnar til datasenter

Det er ikkje alltid det er innlysande kva ein skal landa på. Nokon gonger blir det feil, uansett kva ein stemmer for. Slik er politikken. «Prioriterer dokker arbeidsplassar eller natur?» Må me ofre det eine, for å få til det andre? Tenker me i eit større, regionalt og nasjonalt perspektiv er det mange gode grunnar til å ha dataindustri i Noreg. Klimagassutsleppa ein sparer er enorme, samanlikna med bygging i eit land der kolkrafta må oppjusterast for å forsyna eit slikt senter. Områda som nå blir vurderte i Time er gunstige, ifølge Lyse.

Ja, på mange måtar er dei det. Det er låge kostnader til ytterlegare straumkablar når områda ligg nært opp mot Fagrafjell transformatorstasjon. Men kostnadane for naturen er svært høge: biologisk mangfald, fulldyrka jord, beiteområde og myr som også er hekkeområde må vika. Me veit at utbygging på land fører til konfliktar og tap av natur og jord. Nasjonal og regional planlegging må difor involvera seg og stilla krav, slik at ikkje det første og «beste» området blir nedbygd.

Me kan ikkje ofra matjorda

I vårt lokalprogram står det at me vil ha: «Totalforbod mot nedbygging av matproduserande areal» og «Vern av våtmark og andre landskapstypar som utfører økosystemtenester.» Stortingsprogrammet vårt seier «De Grønne meiner Stortinget må ha ein nullvisjon for tap av matjord, og at god matjord berre kan byggjast på etter nasjonal godkjenning med strenge kriterium.»

Landbrukshovudstaden Time har eit særskilt ansvar for å ta vare på samanhengande jordbruksområde. «Strenge kriterium» tyder at for å kunna vurdera nedbygging, må det vera nasjonalt fastsett utbygging av infrastruktur som drastisk reduserer utslepp av klimagassar, som jernbane. Me ser ikkje at datasenter ved Kvernaland møter dette kriteriet. Skal det etablerast datasenter i fylket, må det liggja ein plass med betydeleg mindre verdifulle område enn her.

Publisert:
  1. datasenter
  2. Lokaldemokrati
  3. Datasenter
  4. Green Mountain
  5. Time

Mest lest akkurat nå

  1. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter

  2. De fikk korona inn på sykehjemmet: – Det var forferdelig, rett og slett

  3. Helikoptertrafikken stanses – mannskap på plattformer kommer seg ikke i land

  4. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  5. Kontorlokaler: Rekordmange ledige kvadratmeter i Stavanger sentrum

  6. Bollestad topper i KrF. 20-åring på andreplass