Eit gratis tilbod om hjernehinnebetennelse vaksine

DEBATT: Smittsam hjernehinnebetennelse er ein svært alvorleg sjukdom som kan råke kven som helst uansett alder, og treng snøgg behandling.

«Erfaringar frå Oslo visar at når vaksinen vert kostnadsfri, vil fleire ungdommar frå familiar med låg sosioøkonomisk status vaksinere seg», skriv Håvard Handeland. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Håvard Handeland
    16 år, representant i Ungdommens fylkesråd
Publisert: Publisert:

Utan snarleg behandling kan sjukdommen resultere i alvorlege skader som døvleik og hjerneskade, og sjukdommen kan vere dødeleg. Rundt 10 prosent av dei som får sjukdommen, døyr. Rogaland ungdommens fylkesråd ønskjer eit gratis tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse for alle elevar ved vidaregåande skular i Rogaland, i alderen 16–19 år. Vaksinen kostar i dag om lag 400 kroner per dose.

Denne aldersgruppa har høgare risiko for smitte samanlikna med den resterande delen av befolkninga. Ein samanslutning av tett samvære med andre ungdommar over fleire dagar, høgt alkoholinntak, festing, deling av sigarettar og flasker, aktiv eller passiv røyking og redusert søvn aukar risikoen for smitte, og for at sjukdommen får ei alvorleg utvikling. Dette gjeld spesielt russefeiring, men kan også vere aktuelt ved idrettssamlingar, festivalar, ungdomsleir og liknande.

Billegare å bli smitta

Smittsam hjernehinnebetennelse er i smittevernloven definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Folketrygda ytar full godtgjersle av utgifter til legehjelp ved undersøking, behandling og kontroll for allmennfarlege smittsame sjukdommar, pasienten skal altså ikkje betale eigendel. I tillegg dekkjer folketrygda utgifter til antiinfektive lækjemiddel til behandling. Det er med andre ord billegare å bli smitta, enn å verte vaksinert mot den døyelege sjukdommen.

Tal frå Folkehelseinstituttets meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) visar at Rogaland i perioden 1999–2018 hadde 81 registrerte tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse, som er nest flest i Norge etter Oslo. Sidan 2012 har ein 19 år gammal mann og ei 18 år gammal dame døydd av sjukdomen i Rogaland. Etablerast det eit gratis tilbod om vaksine, er det grunn til å tru, med erfaring frå andre kommunar, at fleire vil vaksinere seg. Erfaringanes tale er klar. Når vaksinen vert gratis, er det fleire som tar den, og om fleire vaksinerast minskar risikoen for utbrot og dødsfall.

Eit gratis tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelsen er allereie tilbode i fleire kommunar i Rogaland. I kommunane Stavanger, Sandnes og Eigersund er det tilbode gratis vaksine til russekull. Det er med andre ord stor ulikskap i helsetilbodet.

Jamne ut ulikskapar

Rogaland ungdommens fylkesråd ønskjer å arbeide for å jamne ut sosioøkonomiske skilnader mellom ungdom i Rogaland. Erfaringar frå Oslo visar at når vaksinen vert kostnadsfri, vil fleire ungdommar frå familiar med låg sosioøkonomisk status vaksinere seg. Gratis vaksinering bidrar også til å jamne ut ulikskapar i helsetilbodet. Det skal ikkje vere tjukkleiken på lommeboka eller postnummeret som avgjer om ein får vaksinen eller ikkje!

Les også

  1. FHI anbe­faler ungdom å vaksi­nere seg mot smittsom hjerne­hinne­beten­nelse

Publisert:
  1. Debatt
  2. Helse

Mest lest akkurat nå

  1. Aftenbladets web-kamera viser en person som går vekk etter at bobil havnet i sjøen ved Tunge­nes fyr

  2. Eldre mann i Sola funnet i god behold

  3. Fem nye smittede i Hå, alle knyttet til Beverly

  4. Stavanger-firma kan ha løsningen på problemet med gummi­granulat

  5. Trosset pensjonist­til­værelsen for å vaksi­nere: – De er helter

  6. Halvparten av lærer­studentene ved UiS strøk på eksamen: – Vi har klaget på under­visningen gjennom hele skole­året