Det er ikkje bare ei ku som står i vegen
DEBATT: Takk for til Ståle Økland for den særs tydelege kronikken i Aftenbladet måndag den 9. mai. Jordvernforeningen i Rogaland sluttar seg fullt og heilt til hans synspunkt.
- Dag RausteinLeiar, Jordvernforeningen i Rogaland

Han peikar heilt rett på at i Rogaland har jordvern vore eit ord i festtalar, og ikkje noko som er praktisert i særleg grad. Rogaland har vore verstingen blant alle fylka i nedbygging av dyrka jord. Storting og regjering har vedteke stadig strengare mål for jordvern, men desse har ikkje nådd fram til oss – så langt.
Det blir sagt klart frå om at målet om maksimalt 3000 dekar omdisponert dyrka jord seinast i 2025, og eit mål på 2000 dekar litt lengre fram, gjeld nasjonalt. Målet skal ikkje delast ut i ¨kvote’ til kommunar og fylke. Om me likevel gjer eit lite reknestykke i tankane, veit me at Rogaland har om lag ni prosent av folketalet i Norge. Jæren-regionen seks-sju prosent. Då bør fylket snarast under 300 dekar, og vidare under 200. For Jæren-regionen blir tilsvarande tal 200 og 130 dekar.
Ein nullvisjon på sikt
Og lengre framme lyser nullvisjonen. Jordvern skal vera eit overordna omsyn i all arealplanlegging, Det er registrert at kommunane på Nord-Jæren har 23000 dekar jordbruksareal i godkjende planar for omdisponering. Med dei nye krava frå regjeringa ville dette vore langt meir enn nok i all framtid. Som regjeringa peikar på, må nå store areal leggjast tilbake til landbruk i nye planar. Om ikkje vil snart drifta av desse areala bli så som så.
Økland siterer nokre sentrale personar – ordførar og varaordførar – og deira syn på jordvern. «Me vil verna jorda, men me må ha jord til det og det». Så veit me at av litt og litt blir det mykje over lengre tid. Sidan 2. verdskrigen er over 10 prosent, rundt 1,2 mill. dekar, av den dyrka jorda i Norge teken ut av bruk.
Behovet for vern av jorda blir stadig tydelegare, men me går ikkje nærare inn på det nå.
Har tru på Høie
Derimot er det godt å slå fast at det i møtet i Rogaland fylkesting 26. april blei opplyst at fylkesdirektøren har sett i gang arbeid med å oppdatera jordvernstrategien for fylket. Denne planen skal vera i tråd med krava frå regjeringa. Det blir streka under at då må kommunane følgja opp strategi og mål. Skjer ikkje det, er det Statsforvaltaren si oppgåve å følgja opp kommunane. Statsforvaltar Bent Høie er soleklar i kva som er hans primære oppgåve: Å sjå til at den politikken som til ei kvar tid er vedteken i Storting og regjering blir følgt opp lokalt. Med den handlekraft Høie synte som helse- og omsorgsminister, har me tiltru til at jordvern nå blir noko anna enn eit honnørord i festtalar.
Det er registrert at kommunane på Nord-Jæren har 23000 dekar jordbruksareal i godkjende planar for omdisponering. Med dei nye krava frå regjeringa ville dette vore langt meir enn nok i all framtid.