Lommeboka avgjer om barn og unge kan gå på fritidsaktivitet

«I konkurranse med faste utgifter som leige/låneavdrag, matutgifter og ein straumpris som er skyhøg, trur vi utgifter til borna sine fritidsaktivitetar ofte blir ein sårbar salderingspost», skriv Stavanger KrF.

Debattinnlegg

  • Debatt
Publisert: Publisert:
  • Innlegget er skrevet av Stavanger KrF: Anne Anne Kristin Bruns, Marie Ljones Brekke og Henrik Halleland.

DEBATT: Regjeringa har sett ein stoppar for fritidskortet, som dei siste åra har vore eit prøveprosjekt i over 20 norske kommunar. Solbergregjeringa hadde innlemma Stavanger frå 2022. No får ikkje Stavanger, eller nokre andre kommunar i Norge del i ordninga som øyremerker pengar til fritidsaktivitetar til barn og unge mellom 6 og 18 år.

Unntaket er dei kommunane som vel å setje av pengar til ein lokal variant av fritidskortet, noko KrF, Høgre, Frp, Venstre og Pp har gjort i sitt budsjettforslag for Stavanger i 2022. Dessverre har ikkje fleirtalspartia i kommunen gjort det same. Det betyr at vi nok ein gong møter eit nytt år med ein tanke om at det er greitt å la størrelsen på foreldra si lommebok avgjere om borna skal få delta på fritidsaktivitetar.

I konkurranse med faste utgifter som leige/låneavdrag, matutgifter og ein straumpris som er skyhøg, trur vi utgifter til borna sine fritidsaktivitetar ofte blir ein sårbar salderingspost. Med fritidskortet vil ein ikkje kunne ta ut disse midlane og bruke på noko anna enn nettopp fritidsaktivitetar for dei mellom 6 og 18 år. Dette vil vere eit viktig bidrag for å sikre barn og unge sin deltaking i fritidstilbod og organisasjonsliv, noko den lokale utanforskapskommisjonen sin rapport skildrar som «det sosiale sikkerheitsnettet omkring de unge».

Vi trur det er viktig at folk blir klar over at det får konsekvensar kva politisk leiing vi har, både nasjonalt og lokalt. KrF vil uansett tale barn, unge og den frivillige innsatsen si sak, og så blir det opp til deg som veljar, å avgjere kor stor plass KrF sin stemme skal få i åra framover.

Med fritidskortet vil ein ikkje kunne ta ut disse midlane og bruke på noko anna enn nettopp fritidsaktivitetar for dei mellom 6 og 18 år.

Les også

  1. Kutter millionar til idrett og frivillige

Publisert:
  1. Debatt
  2. Fritidsaktiviteter
  3. Anne Kristin Bruns
  4. Henrik Halleland
  5. Barnetrygd

Mest lest akkurat nå

  1. Camilla stygt skada under handballkamp i Storhallen: – Dei tribunane skulle aldri ha stått der

  2. Nå skal flere tas

  3. Mange prøvde seg i konkurransen – nå er fem finalister klare

  4. Disse veiene stenges under Tour of Norway til helgen

  5. Storstilt hytteutbygging i Sandnes: Opnar for mange nye hytter i naturområde

  6. MC i trafikkuhell på Austrått