Domkyrkja: Kva no?

DEBATT: Erfaringa seier sement brukt i restaurering av våre mellomalderbygg har gjort større skade enn «tidens tann» gjennom 1000 år.

Domkyrkja gjennomgår ei omfattande restaurering fram mot 900-årsjubileet i 2025.

Debattinnlegg

  • Jarle Braut
    Bryne, medlem av Fortidsminneforeningen og Norsk Kulturarv
Publisert: Publisert:

Det er ingen god ide å leggja eit betongdekke over krypta, det næraste me kjem byens opphav. Her låg og to kyrkjer vegg i vegg. Men Mariakyrkja fekk, som me veit, sitt endelykt i 1880-åra, etter å ha tent som rådhus og til sist: Brannstasjon.

Domkyrkja i Stavanger er den mest autentiske mellomalderkatedralen i Norge, og alt som skjer her, har nasjonal- og internasjonal interesse.
Det står stor respekt av det store løftet Stavanger kommune no tek og kva sentral rolle Domen får i markeringa- og feiringa av Stavanger sitt 900-årsjubileum.

Norsk institutt for kulturforsking (NIKU) og Arkeologisk museum i Stavanger fekk i oppdrag å sikra kulturminna i krypkjellaren. Det vart gjort, men utan å gå «under jorda». Takka vera Stavangeralliansen med biskop og ordførar i spissen, gav Riksantikvaren etter for presset og gjekk bort frå ei in situ-løysing.

I gårdagens avis går historikarane ut og i sterke ordelag åtvarar mot å ikkje gjera seg ferdig med utgravinga og syner til konsekvensane av å leggja eit sementdekke over stavangerhistoria.
Dette forstår eg. Tømma sement og forsegla historia med eit materiale som har påført våre mellomalderbygg uboteleg skade og som ettertida har måtta betala dyrt for å fjerna. Jordråmen kjem nedanifrå og i møte med eit oppvarma sementlag oppå dette, veit me kva som vil skje med organisk materiale som kjem mellom desse laga. Argumentet for at dette kan opnast igjen, held ikkje. Det finst ikkje mange alternativ til å bryta opp eit lag med betong.

Restaureringsarbeidet i perioden 1867–1884 er sterkt kritisert. Sement påført ute og inne, vart fjerna etter krigen, men skadane slit me med den dag i dag. Stavanger Domkyrkje treng ikkje meir av dette. Snu i tide!

Publisert:
  1. Debatt
  2. Arkeologisk museum
  3. Riksantikvaren
  4. Kulturminner

Mest lest akkurat nå

  1. Mandag morgen går strømprisen til værs

  2. Da PST varslet helsevesenet på Kongsberg i 2018, var det en helt annen sak som vakte mest bekymring

  3. – Utfallet har blitt som det har blitt. Familien har hatt, og har, det tøft.

  4. Slik spredte smitten seg fra tv-kanalen til Sødal bedehus

  5. Seks timer i buss som belønning for «tåblæser-seier»: – Nå dropper vi søvnen

  6. Dugg på frontruta - mann fratatt førerkortet