Smørebom av Øvrebekk om MDG

DEBATT: Kommentator Hilde Øvrebekk insinuerer at MDG vil bruka koronakrisa til å omgåande ta knekken på oljenæringa i Aftenbladet 26. mars. Det stemmer ikkje.

Publisert: Publisert:

Debattinnlegg

  • Øyvind Hadland
    Lokallagsleiar i MDG Gjesdal
iconDenne artikkelen er 132 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

La meg koma med ein analogi. Førestill deg at det norska skilandslaget står midt i ei smørekrisa under VM på ski i 1974. Dette er eit VM der nokre løparar går på treski, mens andre går på glasfiber. Magne Myrmo er den siste skiløparen som vinn VM-gull med treski. Det er skikkeleg kladdeføre desse dagane i Falun. Gjengen i smørebua arbeider febrilsk for å finna noko som glir. Etter mange forsøk finn dei noko som både gjev gli og feste. Skismørarane smørar treskia på same måte som dei nye fiberskia. Alle skal få smurt skia sine. Men om nokon brekk skia sine i 1974, går ikkje landslagsleiinga til innkjøp av nye treski, dei investerer berre i glasfiberski.

Noreg står midt i ei stor krise. Myndigheitene må hjelpa heila samfunnet og alle typar bedrifter over kneika. Men nysatsingar bør vera så grøne som mogleg. Til dømes bør Equinor framskunda havvindsprosjekt framfor meir leiteboring. Det seier seg sjølv. Dette er poenget til MDG og det Internasjonale Energibyrået.

Landsstyret i MDG var samla helga 21.-22. mars og kom med følgjande resolusjon: «Klima- og naturkrisen tar ikke pause selv om vi nå håndterer en viruskrise. Alle krisepakker for samfunn og næringsliv må i størst mulig grad utformes slik at de samtidig bidrar til våre felles mål om reduserte utslipp, grønn omstilling og bærekraft på lang sikt.» Det som er vert å merka seg for Øvrebekk er orda «i størst mogleg grad», MDG seier ikkje «utelukkande».

Alle bedrifter må få hjelp med å smøra «skia» sine, men Noreg skal ikkje investera i nye treski.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  2. Utradisjonelle munnbind i vinden: – Viktig at de ser bra ut

  3. Knusende rapport om forholdene på konsert i Egersund lørdag

  4. Bartender smittet i Haugesund – kommunen etterlyser pubgjester

  5. Vgs-elever kan få utsatt skoledag for å unngå rush på kollektivtrafikken

  6. Nedslående beskjed fra Raja til idretten

Les også

  1. «Vi kan ikke stenge ned oljeindustrien, MDG»

  2. MDG-topp vil kutte utslipp med 80 prosent innen 2030

  3. Olje- og energiministeren raser mot MDG

  1. Korona-viruset
  2. Debatt
  3. Koronaviruset
  4. MDG