Militæret er ein klimaversting

DEBATT: Den 23.10. møttest verdas statsmenn i FN og diskuterte klimakrisa. Det var også tema i Urix om kvelden. Men ingen nemnde noko om kutt i militærets CO₂ -utslepp. Kvifor tek ikkje dei store media opp dette? Er det for farleg?

«Saman med klimakrav må ein stilla krav om nedrusting», skriv Ingegerd Austbø. Her US Marines Lockheed C-130 Hercules transportfly under Trident Juncture i 2018. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Ingegerd Austbø
    For styret i Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF) - Sandnes
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Pentagon er det «selskapet» i verda som har det største oljeforbruket. Dei minst 800 militærbasane USA har rundt om i verda, krev nok mykje drivstoff. På klimatoppmøtet i Tokyo i 1997 klarte USA å halda militære klimautslepp utanfor klimarekneskapen. Sjølv om USA ikkje signerte Tokyo-avtalen, vart unntaket bindande for alle. I Paris-avtalen frå 2015 vart det eksplisitte unntaket fjerna. Likevel blir det ikkje reist krav om kutt i miltært CO₂-utslepp. Men skal me ha noko håp om å nå klimamåla, må dei store «syndarane» kutta.

Nå marsjerer tusenvis av ungdommar verda rundt i protest fordi for lite blir gjort for å kutta i CO₂-utsleppa. Dei er svært engstelege for framtida si.

F-16- flya brukar ca. 3000 liter drivstoff i timen, like mykje som ein amerikansk gjennomsnittsbilist brukar på tre år! Dei nye F-35 kampflya er endå «tørstare». Det er berekna at dei vil bruka noko slikt som 10.000 liter pr. time. Med 52 fly vil Norges årlege utslepp frå miltærfly pr. år doblast. (Klima, 30.01.2018)

70.000 tonn CO₂

Under den store NATO-øvinga «Trident Juncture» deltok 50.000 soldatar frå 29 land, 10.000 kjøretøy og 150 fly, 70 helikopter og 65 skip. Forsvaret opplyser at det slepte ut meir enn 70.000 tonn CO₂. Dette tilsvarer omlag det 9000 nordmenn slepp ut på eit år. NB! Kva dei andre 28 deltakarlanda slapp ut, får me ikkje vita. På same vis blir norske militære utslepp i utlandet heller ikkje rekna med i forsvarets klimarekneskap.

NATO planlegg ei ny, stor øving til våren – i Sverige. Det forundrar kanskje mange at NATO har øvingar i eit (formelt) nøytralt land, men Finland og Sverige har inngått såkalla «vertslandsavtalar» med NATO, noko som m.a. gir NATO rett til å bruka deira territorium til øvingar.

Når det gjeld FNs traktat som forbyr atomvåpen, spelar Norge og Sverige på ulikt vis ei viktig rolle i etableringa av traktaten. Men nå vil verken den norske eller den svenske regjeringa signera traktaten – p.g.a. NATO. Juridisk er det ikkje noko til hinder for signering, og NATO har sjølv som mål ei verd fri for atomvåpen. Landa burde vera sjølvstendige nok til å motstå press eller truslar frå allierte.

Trengst fleire i gatene

Nå marsjerer tusenvis av ungdommar verda rundt i protest fordi for lite blir gjort for å kutta i CO₂-utsleppa. Dei er svært engstelege for framtida si. Det trengst mange fleire i gatene – frå alle generasjonar. Saman med klimakrav må ein stilla krav om nedrusting. Våpen er eit dårleg vern mot stormar, flaum, ras og tørke – som er resultatet av klimaendringane!

Les også

  1. Kva trugar mest, Russland eller klimakatastrofar?

  2. USAs forsvarsminister: – Norge gjør mer enn forventet

Publisert:
  1. Debatt
  2. Klima
  3. Drivstoff
  4. Våpen
  5. Trident Juncture

Mest lest akkurat nå

  1. SISTE: Koronatrøbbel for Viking - flere viktige spillere ute

  2. Buevegen stengt etter alvorlig trafikkulykke

  3. Denne kommunen i Rogaland er kåret til Norges mest kristne

  4. Berntsens exit og Viking-Start direkte her nå

  5. – Det er synd at Birkevold og Aftenbladet sprer «fake news»

  6. Person hentet av luftambulanse etter front-mot-front på Buevegen