Medisin for Vestlandet

KRONIKK: Sterke universitet, solide sjukehus og stort pågangsmot gjer Vestlandet godt rusta til å utdanne fleire legar.

«Uansett kva avgjerd politikarane no landar på, må ein sikre at utdanninga av legar bør kome pasientane i regionen og nasjonen til gode», skriv rektorane ved UiS og UiB og toppsjefen i Helse Vest.
  • Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
  • Herlof Nilssen
    Adm.dir., Helse Vest RHF
  • Dag Rune Olsen
    Rektor, Universitetet i Bergen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I Noreg blir me stadig fleire eldre, samstundes som krava til standard og dekningsgrad i helsetenestene stig. Difor treng me meir helsepersonell. Sjølvsagt gjeld dette hjelpepleiarar, sjukepleiarar og alle typar støttepersonell. Men me vil og trenge fleire legar.

Ta medisinstudentane heim

Nær halvparten av norske legar blir i dag utdanna i utlandet. At rike Noreg skal sette bort utdanninga av legar til mellom anna lågkostland i Aust-Europa, er eit tankekors. I verste fall vil norske behov for legeutdanning fortrengje eige land sine studentar. Dette er bakgrunnen for at Noreg har signert ein WHO-resolusjon der ein pliktar å tilpasse utdanningskapasiteten for helsepersonell til behova innanlands. Men enno er me langt frå å nå måla i WHO-resolusjonen.

Naturleg nok kan ein difor spørje seg om ein skal halde fram med å utdanne stadig fleire legar i utlandet, eller om norske lærestadar skal rustast opp for å møte behovet for legar i Noreg. Nyleg la Grimstad-utvalet, nedsett av regjeringa, fram si tilråding om utdanning av legar. Dei konkluderer med at Noreg bør ta mål av seg å utdanne 80 prosent av eigne legar ved norske lærestadar. I løpet av ein åtteårsperiode tek ein difor til orde for å auke kapasiteten i Noreg med 440 studentar årleg frå i overkant av 600 studieplassar i dag.

Dette representerer eit vesentleg løft og føreset klar politisk vilje og mobilisering av midlar over statsbudsjettet i åra som kjem. Her vil ein måtte investere – i personell, bygg og infrastruktur – for å møte eit behov for fleire studieplassar i medisin i Noreg. I tillegg treng ein fleire praksisplassar enn i dag, og då må ein ta fleire sjukehus i bruk og meir praksis i primærhelsetenesta som ein del av medisinstudiet.

Vestlandet kan utdanne fleire legar

Med Helse Vest som regionalt helseføretak, to universitet, to universitetssjukehus, fleire sjukehus og ei primærhelseteneste som dekker heile kysten, er Vestlandet godt rusta til å utdanne langt fleire legar enn i dag. Både i Stavanger og Bergen står ein klare til å ta utfordringa og møte signala frå Grimstad-utvalet med ambisjonar og planar for å auke kapasiteten i medisinutdanninga.

Universiteta på Vestlandet har fremja ulike alternativ for Grimstad-utvalet.

I Stavanger arbeider ein i første omgang med ein modell der inntil 70 medisinstudentar frå andre lærestader blir tekne opp etter tre år, og får dei siste tre åra av studiet ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Stavanger universitetssjukehus (SUS). Med rett til å tildele graden cand.med. er ambisjonen over tid å utvikle eit integrert seksårig studieløp ved Universitetet i Stavanger. UiS sin studieprofil legg vekt på case-basert læring, høgt teknologiinnhald og tett samarbeid både med Stavanger universitetssjukehus og med primærhelsetenesta i kommunane, mellom anna for å svare på det store behovet for fleire fastlegar.

Universitetet i Bergen har i 20 år samarbeida med sjukehusa i Helse Vest-regionen om utdanning av legar. Kvart år har om lag 200 legestudentar praksisutdanning ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS). Under overskrifta «Vestlandslegen» lanserer Universitetet i Bergen ein plan for utdanning av legar til heile Vestlandet der ein inkluderer alle sjukehusa i regionen og primærhelsetenesta i praksisutdanninga. Planen inneber ein auke i kapasiteten i legeutdanninga med 100 studieplassar over nokre år, brorparten av desse i Stavanger.

To forslag – same mål

UiS og UiB har fremma to ulike modellar, som begge svarar på utfordringane med å auke kapasiteten på utdanning av legar i Noreg. Med Grimstad-utvalet sin rapport på bordet bør politikarane no ha det dei treng av bakgrunnsmateriale og dokumentasjon, slik at dei kan gjere gode val – til beste for Helse-Noreg si framtid.

Eit overordna mål er å auke kapasiteten for medisinutdanning på Vestlandet. Dette føreset eit effektivt og tett samarbeid – mellom sjukehusa, mellom universiteta, med politikarar og med næringslivet. Uansett kva avgjerd politikarane no landar på, må ein sikre at utdanninga av legar bør kome pasientane i regionen og nasjonen til gode.

Samstundes må universiteta sikrast god tilgang til helseføretaka som utdanningsarena. Berre slik kan ein sikre framtidsretta og robuste legeutdanningar – for Vestlandet og for resten av landet.

Trass i ulike innspel undervegs, vil både UiS og UiB saman med Helse Vest støtte opp under den avgjerda som regjeringa til slutt tek, og i fellesskap vere med å sikre utdanning av fleire legar i Noreg.

Publisert: