Nav-skandalen handlar om maktarroganse og overklasseideologi

DEBATT. Den moralistiske og perverterte arbeidslinja som har vore rådande sidan 90-talet både blant toppolitikarar og toppbyråkratar, er skapt av overklassens syn på folk som av ulike grunnar ikkje er i arbeid.

Publisert: Publisert:

«Skal me ha eit Nav som ennå fleire brukarar kan vere fornøgd med, må me ha ein ny arbeidsmarknadspolitikk som ser at forhold i arbeidslivet støyter folk ut, som ikkje moraliserer og i staden har som utgangspunkt at folk ønskjer bistand til å komme i arbeid om helsa er god nok», skriv Jo Jenseg. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

Per Jo Jenseg
Leder, LO i Stavanger og omegn

I Aftenbladet 21. november svarer HR-direktør i Nav Gunhild Løkkevol på min kritikk framsett i en kronikk i Dagsavisen 19. november og intervju i Aftenbladet same dag. «Når det gjelder beskrivelsen av Nav, tegner Jenseg et bilde av en ukultur jeg ikke kjenner igjen og som ikke har kommet fram i møter med det sentrale arbeidsmiljøutvalget. Hvis disse alvorlige påstandene er gjengs oppfatning også blant hans kolleger, bør han som hovedverneombud i Rogaland sørge for at arbeidsmiljøutvalget bringer dette videre.»

Velkjent hersketeknikk

Eg må gå utifrå at Løkkevol har lest kronikken. Svaret ho gir, er eit godt eksempel på ein velkjent hersketeknikk som makta brukar når det er ein debatt ein ikkje ønskjer: Ikkje gå inn på det som kritikaren faktisk seier, men lat som han seier noko anna og svar på det i staden for.

Les også

Nav-alarmen nådde Erna Solberg først 19. oktober

Les også

Ny vurdering kan få Nav-skandalen til å vokse

Min kritikk er retta mot den ideologien som har styrt arbeidsmarknadspolitikken sidan 90-talet, og eg ser Nav-skandalen som eit resultat av denne ideologien. For å gjere det ennå meir klart: Den moralistiske og perverterte arbeidslinja som har vore rådande sidan 90-talet både blant toppolitikarar og toppbyråkratar, er skapt av overklassens syn på folk som av ulike grunnar ikkje er i arbeid.

Grunnlaget for skandalen

Overklasseresepten er reduserte ytingar, meir kontroll, strengare praktisering av lovverket. Dette har lagt grunnlaget for Nav-skandalen og mangelen på handling for å forhindre fleire feilaktige dommar, frå både toppen i Nav og departement samt politisk leiing etter trygderettsdommen.

At ein kan meine at ein debatt om arbeidslinja og ideologien bak bør vere eit tema i lokale og sentrale arbeidsmiljøutval og ikkje i det offentlege ordskiftet, er for meg merkeleg, men det ville sikkert vore behageleg for makta. Det er kanskje og symptomatisk at verken arbeids- og velferdsdirektør, ingen av toppbyråkratane i Arbeids- og Sosialdepartementet eller politisk leiing i departementet ønskjer å delta i ein slik debatt, men overlet til ein relativt nytilsett HR-direktør å svare.

Håkon Skaug, som satt tett på arbeidsdirektøren når eg var sentralt tillitsvald i Norsk Tjenestemannslag (NTL) i Aetat i byrjinga av 2000-talet, uttaler seg i Aftenbladet 21. november. Det undrar meg at han ikkje ser ut til å ha vore kjent med mine holdningar til arbeidslinja eg kritiserer. Den blei uttrykt både offentleg og internt i den tida, så det er godt gjort om han ikkje fekk det med seg. Han meiner og at eg fremmer konspirasjonsteoriar. Eg må innrømme at eg ikkje har fantasi nok til sjå noko konspiratorisk i min kronikk – eller i intervjuet.

New public management

Eit langt liv i Arbeidsmarknadsetaten/Aetat/Nav med fleire skandalar som har svekka etatane sitt omdømme, har lært meg at alle har sitt opphav enten i ei slik moralistisk arbeidslinje eller i New public management. Dette har gjort det vanskeleg for oss som jobbar der. Når me har mange brukarar som er fornøyde med Nav, er dette meir på grunn av dei mange dedikerte Nav-medarbeidarar som ser brukarane sine, som møter dei med respekt, som kan motivere og anerkjenner brukarane sin situasjon – og rettleiar mot gode løysingar for den enkelte. Dette skjer – etter mi meining– på tross av og ikkje på grunn av dei nemnte maktpersonane.

Må ha ny politikk

Skal me ha eit Nav som ennå fleire brukarar kan vere fornøgd med, må me ha ein ny arbeidsmarknadspolitikk som ser at forhold i arbeidslivet støyter folk ut, som ikkje moraliserer og i staden har som utgangspunkt at folk ønskjer bistand til å komme i arbeid om helsa er god nok. Dei som utformer og utøvar arbeidsmarknadspolitikk må forstå at det i stor grad er arbeidslivet som stenger folk ute og ikkje tro at det handlar om «å stille krav til folk».

Og... politikarar – uansett parti – som trur at å få fleire i arbeid handlar om «å lære dem å stå opp om morran» og å redusere tid og nivå på ytingar – dei bør aldri få sjå innsida av eit statsrådkontor!

Les også

– Nav-ledere vitser om trygdemottakere

Les også

Nav-oppgjøret: – Holdninger fra ledere er avgjørende


Les også

Nav-rundskriv tydelig om EØS-reglene

Les også

Elden ba Høyesterett se på Nav-feil – ble ikke hørt

Les også

Nav tapte fullstendig i dagpenge-sak i 2013

Les også

Dagpenger kan være en del av Nav-skandalen: Kvinne dømt i Stavanger

Les også

Nav-skandalen: To kvinner ble dømt i Sandnes i august

Publisert: