Ikkje gi EU makta over krafta!

DEBATT: Blir Norge medlem av EUs energibyrå (ACER), vil me gi frå oss makta over krafta — bit for bit.

«I praksis vil EUs engergibyrå avgjera kor mye energi me skal eksportera, og til kva prisar», skriv Leiv Olsen.

Debattinnlegg

  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Leiar i Rogaland Nei til EU
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I mars skal Stortinget avgjera om Norge skal bli med i ACER. Gjer me det, vil dei få myndigheit til å pålegga Norge å bygga fleire kablar for å eksportera energi, og dei skal bestemma korleis inntektene frå energieksporten skal nyttast – til å bygga nye kablar, og vedlikehalda dei, eller til å subsidiera nettleiga? I praksis vil ACER avgjera kor mye energi me skal eksportera, og til kva prisar. Eit uttrykt mål er at energi skal overførast «saumlaust» i ein felleseuropeisk marknad, der prisane ikkje skal variera for mye frå leverandøren til mottakarlandet.

Forslaget går ut på at Norge opprettar ein ny reguleringsmyndigheit for energi, RME, som skal skiljast ut frå Vassdragsvesenet (NVE). RME skal få instruksar frå ACER, men ikkje frå norske myndigheiter. Norske myndigheiter skal ikkje ha lov til å påverka RME.

EUs interesser får forrang

Er dette viktig? Det inneber at EUs interesser får forrang føre norske. EU ønskjer ein felles energimarknad der energi skal flyta «saumlaust» i heile Europa, styrt av marknaden og med minimale prisforskjellar. Norge ønskjer sikker strømforsyning, beredskap mot flaum- og skredfare, avgrensa skadar i naturen og låge prisar til norsk kraftkrevjande industri. Slike omsyn vil ikkje bli heilt neglisjert, men dei vil komma i andre rekke dersom ACER vurderer omsynet til EU-marknaden som viktigare. Myndigheita, avgjersla blir overlate til ACER, det vil seia til EU.

Regjeringa, energiminister Søviknes og talsmenn for departementet hevdar dette ikkje er noko inngrep i norsk sjølvråderett. Departementet argumenterer med at det ikkje er regjeringa, men Vassdragsvesenet, som gir frå seg myndigheit (Klassekampen 23.1.). Men når fekk statlege direktorat fullmakt til å gje frå seg nasjonal myndigheit? Søviknes argumenterer med at ACER skal løysa konfliktar der to land har ulike syn (Klassekampen 25.1.). Men korleis skal ACER løysa slike konfliktar? Dei skal ikkje bare mekla, dei får myndigheita til å diktera. Den norske regjeringa får ikkje lenger lov til å gripa inn.

Null slingringsmonn

ACER blir ein del av den påtenkte energiunionen i EU. Reglane om denne blir ikkje gitt som direktiv, men som forordningar. Direktiv kan tillempast i kvart enkelt land, forordningar må innførast ord for ord, utan at ein kan endra eit komma. Her gis null slingringsmonn. ACER er den fyrste av fleire forordningar, fleire vil komma. Blir Norge medlem av ACER, vil me gi frå oss makta over krafta — bit for bit.

Grunnloven paragraf 115 slår fast vilkåra for å avstå suverenitet. Norge kan bare avstå suverenitet på eit avgrensa område, og bare med tre fjerdedels fleirtal. Regjeringa foreslår å vedta norsk medlemskap i ACER ved simpelt fleirtal, éi stemmes overvekt. Det bryt med Grunnloven. Stopp planane om norsk medlemskap i ACER. Stortinget må behandla saka etter Grl. paragraf 115.

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. – Alt av interiør og inventar var hvitt og ga assosiasjoner til sykehus

  2. Hva skjedde med handlekraften og evnen til å fatte beslutninger?

  3. Oilers vinner etter spilleforlengelse

  4. Stavanger: Planen for vaksinering av de yngste barna er klar

  5. Kan du stole på strømmåleren din?

  6. Prinsesse Ingrid Alexandra har fått eget kontor på Slottet