Bypakka burde aldri blitt vedteke

DEBATT: Vegbygging burde for lengst blitt erstatta av ei balansert utbygging av arbeidsplasser og bustad på same stad og med det redusert behov for pendling.

Publisert: Publisert:

«Problemet er at me har for mykje kø. Men kva kjem det av? Er det for lite veg eller er det at me køyrer for mange kilometer til og frå jobben? Det er nok det siste», skriv Alexander Rügert-Raustein. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Gruppeleiar, Randaberg MDG
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Les innleiinga til utvida kvalitetssikring (KS2) for Bypakka datert 1. juni 2016 så får du svar: «Modellen [...] innebærer risiko for sendrektig beslutningsprosess med ansvarspulverisering, forsinkelser, kostnadsoverskridelser og sviktende måloppnåelse. [...] samfunnet taper mer enn 1 krone for hver krone investert i Transportkorridor vest. [...] Å prioritere mellom ulønnsomme prosjekter basert på samfunnsøkonomiske nytte er krevende, siden et ulønnsomt prosjekt per definisjon ikke bør realiseres.»

Å vere overraska av at ei kunstig underpriset prosjektpakke blir dyrare, er latterleg.

Aldri for seint å snu

Tydelegare enn dette blir det neppe. Bypakka burde aldri blitt vedteke. Atkins og co. (dei som skreiv rapporten) nærmast lova oss sprekk på 40 prosent. Hoppet frå 32,1 til 36,8 milliardar er berre 15 prosent. Berre vent – det kjem meir! Å vere overraska av at ei kunstig underprisa prosjektpakke blir dyrare, er latterleg. Enten står ein i det, aukar bomsatsar og forlenger perioden eller ein tyr til fornuft og snur. Det er det aldri for seint til. Det har seg nemlig slik at alt me får i denne pakka er dårlegare enn det me har dagen i dag. Det er det betyr at noko ikkje er samfunnsnyttig.

Les også

Frp vil ha full gransking av kostnadssprekken: - Unødvendig, mener ordførerne

Les også

Bussveiens redningsoperasjon: Mer bil og buss i samme fil

Les også

Bussveien er bypakkens problembarn

Feil i problemanalysen

Problemet er at me har for mykje kø. Men kva kjem det av? Er det for lite veg eller er det at me køyrer for mange kilometer til og frå jobben? Det er nok det siste. Godt hjulpet av vrøvlet om ein stor felles bo- og arbeidsmarknad har utviklinga gått galt av sted. Vegbygging burde for lengst blitt erstatta av ei balansert utbygging av arbeidsplassar og bustad på same stad og med det redusert behov for pendling. Om Randaberg sidan 2000 hadde halvert utbyggingstakten og sørgja for næringsareal til dei som flytta til så kunne me i dag hatt 50 prosent færre som pendlar til Forus.

Bruk sjansen – sett nye mål

Nullvekstmålet i bypakka gjeld berre den lokale personbiltrafikken. Tungtransport og regional trafikk skal fortsatt kunne auke. Dermed kan målet ikkje nås. All den tid me har blanda trafikk blir det enten meir eller mindre av alt. Og mindre skal det bli.

Nullvekstmålet er også før Paris-avtalen. Den tilseier utsleppsreduksjon med 40 prosent innan 2030.
Livssyklusanalyse for elbiler viser at dei ligg ca 30 prosent under fossile køyretøy med tanke på CO₂-utslepp. Det betyr sjølv med 100 prosent elektrifisering av bilparken innan den tid er med nøyde til å redusere trafikken totalt. Ikkje berre all personbiltrafikk må reduserast også tungtransporten.

Litt meir ambisiøst enn vårt utdaterte nullvekstmål skal Bergen redusere trafikken med 10 prosent innan 2020 og 20 prosent innan 2030. Og med færre bilar på vegen slepp me å bygge nye.

Gje oss ei framtidsretta pakke

Kutt ut transportkorridoren. Kutt ut fire felt Smiene-Harestad (når Rogfast kjem blir «ferjekøen» borte, og da er det på den strekninga ikkje lengre grunnlag for kødanning på noen tidspunkt).

Gi så kollektiv, sykkel og dei gåande eit skikkeleg løft. Rushtid-tillegg som føreslått utan å endre på dagens bomstasjonar skulle gje inntekt nok og belastar bilisten mindre. Reduser parkeringsplassar i byen og på Forus og få på plass innfartsparkering. Da køyrar bilisten gjerne buss og vegen blir kort til ei blomstrande region med flytande trafikk.

Publisert:

Les også

  1. Må kutte milliarder i Bypakken

  2. Bussveiens redningsoperasjon: Mer bil og buss i samme fil

  3. Livet bak bom-muren

Mest lest akkurat nå

  1. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  2. Politiet hjelper turgåer som har gått seg vill

  3. Ekteparet ivrer for at flere skal oppleve det gode livet på Nesflaten

  4. Ny E18 ved Larvik kostet 5,2 mrd. kroner. På veien forsvant avkjøringen til byen.

  5. To smittet av koronavirus i Randaberg

  6. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  1. Debatt
  2. Trafikk
  3. Tungtransport
  4. Pendling
  5. Parisavtalen