Kva historia kan og ikkje kan lære oss om krig i Europa
KRONIKK: Etterpåklokskap gjer at historia ikkje alltid er ein god læremeister for å forstå vår eiga tid.
- Vidar Fagerheim KalsåsFørsteamanuensis i historie, historiedidaktikk og historiekultur, UiS

I det offentlege ordskiftet om krigen i Ukraina, blir det ofte nytta historiske analogiar og referansar for å setje dagens situasjon i perspektiv. Men er slik bruk av historia treffande for dagens situasjon? Er historie eigentleg ein god læremeister for å forstå den situasjon som krigen representerer?
Historia sin orienterande funksjon
Russlands krig mot Ukraina er ein ny og skremmande situasjon for dei fleste av oss. I forsøka på å forstå krigen er det fleire som har gripe til ulike historiske referansar for å analysere krigen og situasjonen i Europa.
Og historiske parallellar kan openbart ha ei nytte for å forstå dagens situasjon. Historisk innsikt i imperialismen på 1800- og 1900-talet kan til dømes gi oss ei ramme for å forstå Russland sine imperialistiske motiv for krigen i Ukraina. Og utviklinga under den kalde krigen kan også gi oss eit rammeverk for å tenke om kva som hindrar at motstridande stormakter endar i ein «varm krig».
I det offentlege ordskiftet blir vi presenterte for historiske analysar som peikar mot motstridande lærdomar:
- Enkelte har peika på opptakten til første verdskrigen for å åtvare mot kor raskt sabelrasling kan eskalere til ein storkrig, trass i at ein langvarig verdskrig ikkje var intensjonen hos dei leiande stormaktene.
- Andre har peika på opptakten til andre verdskrigen, og til den britiske statsministeren Neville Chamberlain sin utanrikspolitikk, for å åtvare mot å vere ettergivande mot diktatorar med imperialistiske ambisjonar.
Kva historie ein vel å vise til vil verke inn på korleis ein forstår dagens situasjon.
Desse ulike historiske referansane, og lærdomane som blir trekte frå dei, illustrerer ei av rollene som historia spelar i det offentlege ordskiftet. Historia fungerer som ein orienterande reiskap i samtida. Historiske referanserammer hjelper oss til å fortolke ein ny situasjon, og dei peikar oss mot potensielle, framtidige utviklingstrekk.
Dermed påverkar også dei historiske referansane kva handlingsalternativ som verkar rasjonelle i møte med nye situasjonar.
Fortida sine menneske levde
og handla innanfor den same
usikre framtidshorisonten
som vi må leve med i dag.
Kva historia ikkje kan lære oss
I dag veit vi at statsminister Neville Chamberlain sine forsøk på å halde på freden i Europa gjennom ettergjeving og avtalar med Hitler var fånyttes. Men dette er ein lærdom vi først kan trekke i etterpåklokskapens ljos.
For Chamberlain sjølv var det nettopp etterpåklokskapen og den historiske lærdomen frå den første verdskrigen som gjorde at han, nesten til ein kvar pris, forsøke å halde på freden i Europa.
Og det er denne etterpåklokskapen som gjer at historia ikkje alltid er ein egna læremeister. Vi kan lett ende med å trekke skråsikre lærdomar frå fortida, lærdomar som vi tilpassar til nye og særeigne situasjonar i vår samtid. Dermed kan vi òg ende med svært enkle svar på det som er kompliserte og uoversiktlege utfordringar i samtida.
Historiske lærdomar peikar oss òg ofte mot nokre ganske klare og tydelege framtidsscenario. Som Aftenblad-journalist Arild I. Olsson sitt uttrykk «førkrigstid» i kommentarartikkelen «Tidens tegn» 5. oktober, gir dei oss ei bestemt retning for samfunnsutviklinga. Men dermed mister vi også av syne at samfunnsutviklinga aldri er skriven i stein, men eit resultat av ei rekke ulike val og tilfeldigheiter, der resultatet ikkje alltid blir det som var intensjonen hos sentrale aktørar.
Arild I. Olsson: «Tidens tegn»
Ein viktig lærdom som ofte går tapt i forsøket på å finne relevante parallellar for situasjonen i vår samtid, er erkjenninga av at fortida sine menneske levde og handla innanfor den same usikre framtidshorisonten som vi må leve med i dag. Det er gjerne først nå vi forsøker å forstå dei særeigne utfordringar og dilemma som menneska i fortida stod overfor, at det gir oss ein inngang til å reflektere over korleis vi i dag òg må gjere val og forme politikk som vil virke i ei usikker framtid.
Krigen i Ukraina
- DIREKTE
Russland sier de har avfyrt krysserraketter i Japanhavet
- KOMMENTAR
«Der vi best ser den nye kalde krigen i Europa»
- UTENRIKS
Den internasjonale straffedomstolen (ICC) utsteder arrestordre på Russlands president
- DEBATT
Det må vera rom for fleire syn om krigen i Ukraina
- MAGASIN
– Ikke vær redd, mamma. Det er våre soldater som skyter
- MAGASIN
– De er svake, bare la dem reise, tenkte han