No startar arbeidet med å fylle Mediebyen Stavanger

DEBATT: Sivilarkitekt Per Th. Grimnes har i fleire lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad gjort sitt ytste for å så tvil om eksistensgrunnlaget for den planlagde «Mediebyen Stavanger» på Nytorget.

Mediebyen er slett ikkje død, den er i ferd med å bli fødd, skriv sjefredaktør Kjersti Sortland og distriktsredaktør i NRK Rogaland, Ragnar Christensen.
  • Kjersti Sortland
    Sjefredaktør, Stavanger Aftenblad
  • Ragnar Christensen
    Distriktsredaktør NRK Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Grimnes antydar at det ikkje vil bli nokon medieby all den tid det kun er Aftenbladet og NRK Rogaland som står igjen etter flere års innsats. Det ønskjer vi ikkje skal stå uimotsagt.

Det er riktig at dei to største mediehusa i regionen har lagt ned ein betydeleg innsats dei siste åra for å utarbeide konseptet «Mediebyen Stavanger». Det har vi gjort fordi vi har stor tru på verdien av samlokalisering av små og store verksemder innan bransjen, og fordi vi har leita etter den aller beste lokaliseringa av den framtidige arbeidsplassen vår.

Dette kom vi endeleg i mål med i august, vel vitande om at reguleringsplanen for Nytorget enno ikkje er vedteken. Så snart denne er endeleg avklart, vil huseigar vite om grunnlaget for å sette i gang bygging er til stades. Først då startar for alvor arbeidet med å invitere andre verksemder i medie- og teknologibransjen til å flytte saman med oss. Det er med andre ord ikkje riktig når Grimnes påstår at Mediebyen er død. Tvert i mot er den i ferd med å bli født.

Publisert: