Kvifor tapte Ap dette stortingsvalet? Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, tidlegare trufast Ap-veljar, har svar

DEBATT: Etter mi meining mista Ap røyster til Sp og SV og kanskje andre av fylgjande grunnar:

Publisert: Publisert:

Sjølv om alle dei fire borgarlege partia gjekk tilbake i stortingsvalet, gjekk det endå verre med Ap og Jonas Gahr Støre. Det er det grunnar til, konstaterer professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Foto: Berit Roald, Scanpix

Debattinnlegg

  • Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
    Professor i lesevitskap, Universitetet i Stavanger
  1. Leserne mener

Grunn 1: Sentrumspartia

  • Kjerneveljarane i Ap har for det aller meste alltid forakta farisearane i KrF som ropar om nestekjærleik, men som denne stortingsperioden har ropa høgt og på alle gatehyrne om alt dei har vore usamde med FrP om, men likevel har bøygd seg når alt kjem til alt. Velnok skal ein ifølgje Skrifta tilgje ikkje sju gonger, men sju gonger sytti, slik Knut Arild Hareide har gjort, og velnok meiner mange teologar at farisearane ikkje var så ille som soga har villa gjort dei til. Det har likevel ikkje hindra svært mange av oss som har røysta Ap i heile vårt liv, å kjenne avsky for denne kalkungurglinga overfor eit parti i rak nedgang, og som ikkje har noko anna enn påståtte sosialetiske moralismer å kome med.
  • – Freistnadene på å fri til Venstre var kanhende mindre automatisk støytande for nervane til gamle Ap-veljarar, bortsett frå at Venstre er det partiet som sterkast har arbeidd for fleire midlertidige stillingar. Kvifor Ap trur at sjølv om dei overser så viktige skilje der dei sit på Stortingskafeen og sølar kaffi på seg sjølve og kvarandre, at vi veljarane skulle gjere det, er nokså uforklårleg.

Grunn 2: Kysten

  • Kystbuar frå Oslofjorden og rundt heile landet til Finnmark er lei av at ingenting vert teke ordentleg alvorleg med omsyn til det som skjer på kysten: Ikkje næringsliv med skipsfart (t.d. lønspolitikk for hamnearbeidarar og for framandlandske tilsette på norske skip), turisme, oljeverksemd, fiskeri og oppdrett, med alle dei problem der er av politisk slag; alle politiske liner ligg fast og der er verkeleg ikkje noko innovativt å vente seg.
Dette er eit døme på offisielt tullprat, med andre ord.

Grunn 3: Skulen

  • Den moralistiske opprotinga av tilstandane i skulen støtta Ap SV med gjennom dei åtte åra vi hadde raudgrøn regjering, det er elles forunderleg at SV kan gå såpass fram etter den erfaringa – men yngre røysteføre hugsar jo ikkje så langt attover, medan enkelte talspersonar for SV kanhende er blitt flinkare. At Trond Giske og Jonas Gahr Støre no tek til å rote med skulepolitikk igjen, er illevarslande. Dette snakket om 3000 fleire lærarar er komplett meiningslaust for alle i skulen, alle som driv lærarutdanning og alle som kan det aller minste om økonomien i utdanningssektoren. Kvar skal desse 3000 takast frå? Dersom der skulle bli 3000 nye studieplassar snart, måtte det løyvast deretter, noko ingen har føreslege i budsjettet for 2018, så då gjeld det frå 2019 – og altså ei femårig lærarutdanning som fleirtalet på Stortinget har vore for. Så, i beste fall kunne Ap fått ferdig 3000 lærarar i 2023, etter sin periode. Med mindre dei ville teke lærarar frå ungdomsskulen og omgjort i strid med dei reglar som gjeld, til barneskulelærarar, eventuelt barnehagelærarar, noko som jo hadde skapt trøbbel der desse kom frå. Den såkalla «reserven» av ikkjepraktiserande utdanna lærarar er det jo ingen som trur større på, dei må jo i så fall vidareutdannast først, og dei har forlate skulen av ein grunn. Elles vil vi nok uansett mangle 12.000 lærarar i alle skuleslag i 2020, etter kalkylane. – Dette er eit døme på offisielt tullprat, med andre ord.

Grunn 4: Høgare utdanning

  • I høgre utdanning har elles dei raudgrøne gjennom finansieringsordninga, som H/FrP-regjeringa har vidareført, skapt ein liksomkonkurranse som fører til at enorm energi vert brukt for å rive til seg dei kronene som finst til fordeling, og ikkje til innovativt, nyskapande arbeid der også nye arbeidsplassar kunne vore skapte i privat sektor på grunnlag av arbeidet i universiteta, slik det alltid har vore føresett.

Grunn 5: Utanriks og forsvar

  • I utanrikspolitikk og forsvarspolitikk ser det ikkje ut til at Ap har andre planar enn H/FrP og vil altså betjene USA si krigføring kringom i verda, dessutan byggje ned sjø- og landforsvar for å ha råd til dette.

Grunn 6: Redusert politisk rom

  • Det aller meste av politikken er overlate til – om ein ser bort frå EØS-avtalen og andre internasjonale traktatar og avtalar – direktorat, føretak, stiftingar, aksjeselskap og andre ordningar som fråtek Stortinget eigentleg kontroll med noko særleg anna enn å forvalte budsjetta for desse områda, og utanom større nasjonale planar er det berre plass til moralisme. Som ein altså kan drive overfor skulen.
Les også

Harald Birkevold: «De som nå godter seg over problemene til Arbeiderpartiet, bør tenke seg om én gang til»

Grunn 7: Pensjon

  • Truleg kan vi forvente nye åtak på pensjonsordningane og andre rettar for eldre, ettersom partia, medrekna Ap, opnar for å fri til ungdomen gjennom å gå laus på rettane til eldre. Ap stod bak pensjonsforliket, og at dei no er med i klagekoret over at ein del eldre har dårleg råd osb., kling meir enn holt.

Grunn 8: Helse

  • Eg har aldri klaga over å betale skatt, men heller enn abstrakte diskusjonar over talet på milliardar skattane skal aukast, hadde det vore betre å fortelje nøyaktig om koss dei skulle brukast. Det er vel og bra å snakke om helsevesenet - men alle veit jo at i periodane framover med mange nybygg i sjukehusa, skal talet på sjukesenger reduserast fordi helseføretaka må ha overskot og eigenandel, så desse skattane kjem ikkje til å kunne hjelpe på nokon sjukehuskø, ei heller utdannar dei utan vidare allmennlækjarar eller spesialistar eller sjukepleiarar, sidan det ikkje føreligg langsiktige planar som vi er gjorde kjende med.
Les også

Klaus Mohn: «Meir uro rundt olje og klima i neste stortingsperiode»

Det er verre for oss Ap-folk at Ap er så udugelege taktikarar.

Grunn 9: Innvandring

  • Den vedvarande kritikken av statsråden for innvandring og integrering, som stort sett står for akkurat same politikken Ap har vore med på å skape i Stortinget på dette feltet, har framstått som skammeleg dobbeltmoral. Sprell for å prøve å fri seg frå sin eigen faktiske politikk med krav om større kvotar med inntak, har ikkje gjort noko anna enn å skape meir forvirring og mindre tillit.

Punkt 10: Listhaug

  • Velnok har Listhaug gått langt over sømmelegheitas grenser i sin retorikk, der ho openbert har tala mot betre vitande fleire gonger, men det er verre for oss Ap-folk at Ap er så udugelege taktikarar at dei ved å konstant angripe henne, har dei gjeve frå seg uendelege mengder taletid og bolstra hennar prosjekt opp langt betre enn nokon andre har klart. Høgst pinleg.

Så, difor røysta ikkje eg Ap i stortingsvalet i år, for fyrste gong på 36 år. Det gjorde litt vondt, men dei ytringar som alt er komne frå talspersonar for Ap, får meg ikkje til å tru at eg atter kjem til å oppfatte meg som ein trufast kjerneveljar om fire år igjen, heller.


Denne teksten vart først publisert på Bjørn Kvalsvik Nicolaysen sin Facebook-vegg og er her republisert med løyve.

Les også

Harald Birkevold: «Støres svarte kveld»

Les også

Harald Birkevold: «Støre blir neppe kastet etter katastrofevalget»

Les også

Lars Helle: «Høyres jubelnatt: Aldri før har noen partier fått fem representanter fra Rogaland»


Publisert: