Tankar frå ei kvinne som pendlar langs riksveg 13 i Suldal

RASSIKRING: Ingvild Vold Tveiten pendlar dagleg 3,2 mil kvar veg langs riksveg 13. Når ho sit i bilen har ho utsikt til Suldalsvatnet på eine sida, og bratte fjellskjeringar på den andre. I bilen let ho tankane svirra. Stadig oftare er frykta med i bilen.

Ingvild Vold Tveiten pendlar kvar dag mellom Nesflaten og Suldalsosen. Då køyrer ho gjennom denne tunnelen. Ho ønsker alle som bur langs rv 13 i Suldal, ein dag skal kunna køyra utan å stadig måtta sende engstelege blikk opp i fjellskråninga. Bildet er frå 2009. Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand

Debattinnlegg

  • Ingvild Vold Tveiten
    Suldal
Publisert: Publisert:

Ingvild Vold Tveiten Foto: privat

Rassikring og Nasjonal transportplan vert mykje omtala både i lokale media og i heimane i kommunen vår. Eg har ikkje sett meg mykje inn i formelle fakta og planar i denne saka, så dette er berre mine tankar om dette.

Riksveg 13 snirklar seg gjennom heile kommunen vår. Difor håpar eg det er like naturleg å løfte fram heile riksveg 13 gjennom Suldal, og ikkje berre Rødsliane der det store raset gjekk sist.

Me må i bil til alt

Suldal er ein stor og vidstrekt kommune, med kommunesenteret nokså midt i. I utkantane er det mange flotte og levande småbygder. Fleire av desse småbygdene opplever ei bløming i folketal og vekst, medan andre kjempar for auka tilflytting og utvikling av bygda si.

Felles for oss alle er avstand (i lengdemål), avstand til naboen, avstand til familie og vener, avstand til arbeidsplassen, avstand til butikken, avstand til lege, tannlege, helsestasjon, avstand til frisøren og andre tenester. Men det meste kan me nå dersom me har høvet til å sitja nokre minutt eller timar i bil.

Eg pendlar dagleg 3,2 mil kvar veg på rasfarlege vegar, med flott utsikt til Suldalsvatnet på eine sida og bratte fjellskjeringar på andre sida. Og ikkje mindre enn 17 tunnellar ein veg.

Som oftast køyrer eg litt på «gammal vane», men eg tek meg regelmessig i å bli fascinert over kor mektig og storslegen naturen er langs vegen eg pendlar.
Stort sett begynner eg å kople meg på og av jobb- tankar medan eg køyrer, men det blir stadig oftare at tankane og blikket søker opp i fjellsida. Særleg dagar med mykje regn får fram tankane om ras, eller kall det frykta. Frykta for at ein dag kan det gå gale! Ein dag er nokon på feil plass, til feil tid … denne NOKON som me ikkje har råd til å miste.

Eit håp om betre veg

Dei siste 20 åra har det gått mange og store ras på dette strekket, og på stadig «nye» plassar. Vegen har vore stengt i både døgn og veker, og omkøyringa på om lag 19 mil ekstra om Åkrafjorden, har til tider gjort meg til vekependlar.

Ja, eg har sjølv valt å busetje meg der eg bur, det er eg sjølv som vel å pendle denne vegen til arbeidsplassen eg trivest så godt på, det er eg sjølv som vel å køyre for å besøke venner og familie, det er eg som valt å køyre barna våre på treningar og kampar, til tannlege og lege. Og me er mange som har valt dette pendlarlivet i kommunen vår, nettopp fordi me trivst i desse smågrendene.

Dette er eit hjartesukk i von om at me alle skal ha trygge vegar å ferdast på, både som innbyggar, turist og gjennomreisande i denne storslegne kommunen vår.

Dette innlegget blei først publisert på Ingvild Vold Tveitens Facebook-side. Det blir publisert i Aftenbladet etter avtale med forfattaren.

Særleg dagar med mykje regn får fram tankane om ras, eller kall det frykta. Frykta for at ein dag kan det gå gale! Ein dag er nokon på feil plass, til feil tid … denne NOKON som me ikkje har råd til å miste.
Publisert:

Rasutsatt: Rødsliane på Rv 13 i Suldal

  1. Særleg dagar med mykje regn får fram tankane om ras. Frykta for at ein dag kan det gå gale

  2. Strakstiltak nødvendige i Suldal

  3. Rogalands verste ras-strekning: – Jeg føler det på kroppen hver dag

  4. Skredvakt og natte­stenging på riksvei 13 i Suldal

  5. Rasutsatt vei i Suldal kan være for farlig å sikre

  6. Erling kjørte nesten rett inn i raset i Suldal

  1. Rasutsatt: Rødsliane på Rv 13 i Suldal
  2. Suldal
  3. Ras
  4. Nasjonal Transportplan