Sats på Ideell sektor i Nye Stavanger

DEBATT: I den komande perioden vil KrF halde eit trykk på involvering av ideell sektor i helse- og omsorgstilbodet i den Nye Stavanger kommune.

Publisert: Publisert:

«KrF vil arbeide for at ideell sektor er og framleis blir ein naturleg del av det offentlige tenestetilbodet i kommunar», skriv Anne Kristin Brun. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Kommunestyremedlem, Stavanger KrF

Gjennom mitt yrkesaktive liv har eg hatt arbeid på sjukeheim, barneheim, i barnevernet og rusverninstitusjon som har vore drive av eller i tett samarbeid med ideelle organisasjonar. Eg har sjølv sett verdien av at ein ideell organisasjon er engasjert nettopp i denne type arbeid.

Inkludering av ideell sektor

Som styremedlem for Sparekassen sjukeheim i Stavanger vil eg støtte innlegget til Inger Helen Venås, direktør i Virke ideell og frivillighet i Aftenbladet nyleg. Der understrek ho viktigheita av inkludering av ideell sektor i helse- og velferdstilbodet i Stavanger. Denne type institusjon har moglegheit til både å påverke og legge tilrette for eit annleis og utvida tilbod nettopp for gruppa eldre i vår kommune. Vi kan vidareutvikle gode modellar for både vår eiga kommune og andre store byar. Fordelen er at overskotet går tilbake til sjølve verksemda som igjen kjem brukaren til nytte.
KrF trur på eit samfunn som er bygd nedanfrå, i eit godt samspel mellom enkeltmennesket, familien, frivillig sektor, privat og offentlege styresmakter, og vi vil arbeide for at ideell sektor er og framleis blir ein naturleg del av det offentlige tenestetilbodet i kommunar.

Utvikle nye samarbeidsformer

I Stavanger kommune sin plan «Omsorgsbygg 2019-2034» fekk KrF fleirtal for å ta inn setningane «Ideelle aktører har vært, og er, en helt sentral del av kommunens omsorgstilbud til eldre og utgjør et viktig alternativ til både det offentlige og kommersielle tilbudet. Slik ønsker Stavanger at det også skal være i fremtiden, og derfor aktivt benytte seg av det handlingsrommet som finnes for å prioritere og styrke ideell sektor». Her har vi gode moglegheiter for å utvikle nye samarbeidsformer som kan styrke tilbodet i kommunen vår.

Stavanger kommune har også ein frivilligheitsplan der det mellom anna står at det er ei målsetting at innbyggjare skal ha moglegheit for å leve og bu sjølvstendig og ha ein aktiv og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. I NOU 2011:11 «Innovasjon i omsorg» viser utvalget si tilråing at innan 2020 bør omlag 25 prosent av den samlande omsorgssektoren vere organisert og dreve som ideell verksemd.

Kommunen må ha vilje og mot til å legge tilrette for dialog gjennom etablering av samarbeidsformer og møteplassar mellom kommunale verksemder og frivillige lag og organisasjonar. Her ligg eit stort potensial for at vi både politisk og administrativt kan og skal skape meir frivilligheit i offentleg sektor saman med ideell verksemd. Innan eldreomsorga er det å ha eit differensiert tilbod avgjerande i ei tid der vi må tenke nye tankar for å klare å innfri dei lovpålagte tenesta. KrF vil utfordre den nye posisjonen slik at dei vedtak som er gjort i tidlegare planer får eit praktisk innhald. Det kallast i den nye kommuneplanen for samskaping.

Denne samskapinga kan mellom anna skje gjennom sosiale entreprenørar som tek tak i eit samfunnsproblem som ikkje blir tilstrekkeleg dekka av offentlege eller private aktørar, og utvikle nye løysingar. Motivasjonen er å bidra til å nå sosiale mål med ein sunn økonomisk drift. Her har vi gode eksempel i vår by, som vi i KrF vil bidra til bli vidareført.

Samarbeid skaper nye løysingar

Eit bærekraftig velferdssamfunn er avhengig av at innbyggjarane tek medansvar for samfunnet si utvikling og ikkje overlet alt til det offentlige eller det kommersielle marknaden. Nettopp ved å samarbeide med ideell sektor vil vi bidra til å skape nye løysingar.

Publisert:

Les også

  1. – Vilje til ideell vekst i Stavanger?

  2. – Private i velferd handler om å få mest igjen for pengene

  3. – Viktigst er pasientens beste – ikke ideologiske skylapper om eierskap

  4. Konkurranseutsetting gir ikke lønnsdumping

  1. Debatt
  2. Nye Stavanger kommune
  3. Stavanger kommune
  4. Inkludering