Ille å føle seg trua – men langt verre med livslang støyplage

VINDKRAFT: I Rogaland og Norge kan vindturbinar byggjast rundt 550 meter frå eit bustadhus. I Tyskland ville avstanden vore 1500 meter. Forstå det den som kan.

Publisert: Publisert:

Vindkraftsatsinga i Eigersund har ført til konstant flydur for dei som bur nærast installasjonane. Nå kan same skjebne venta folk i Tysvær, fryktar innsendaren. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Reidar Nordmark
    Aksdal

Vindkraftutbygging i norsk urørt natur er omstridd, og har ført til eit stort, folkeleg engasjement. Over heile landet har det blitt danna motstandsgrupper, som meiner det er viktigare å ta vare på natur, fauna og folkehelse, enn å produsere ustabil, statssubsidiert energi for eksport.

Mange i sving

Ei av desse gruppene er folkeaksjonen Nei til vindkraft i Tysvær. Saman med Motvind Sørvest, og Tysvær kommune, har aksjonistane kjempa mot etableringa av tre (nå redusert til to) planlagde vindkraftanlegg i kommunen. Det har blitt oppretta Facebook-gruppe, sendt brev og høyringsuttalar til NVE og Olje- og energidepartementet (OED), skrive lesarinnlegg i aviser, arrangert møte og etablert motstandsleir i eit vindkraftområde. Ein har også gjennomført lovlege, omsøkte og godkjende demonstrasjonar i samband med diverse konferansar og vindkraftarrangement på Haugalandet.

Vindkraftutbygging i norsk urørt natur er omstridd, og har ført til eit stort, folkeleg engasjement.

Eg meiner ikkje at det er rett at olje- og energiministeren vår føler seg trua av ein nærgåande demonstrant under sitt siste offisielle besøk i Haugesund. Slik skal vi ikkje ha det, men det må då vera langt alvorlegare når etablering av vindindustri fører til at mange naboar til vindkraftverket får helseplager og redusert livskvalitet resten av livet, på grunn av vedvarande støy frå vindturbinar i nærområdet.

Og det er regjeringa ved statsråd Tina Bru, og Stortinget, sitt ansvar at minste støygrense frå vindturbin til bustadhus er sett så høgt som 45 desibel i årsgjennomsnitt, noko som fører til konstant «flydur» dag og natt for dei som bur nær installasjonar for vindindustri. Berre spør Lisa Svalestad og familien på seks i Eigersund. Dei er svært plaga av turbinstøy heile døgnet, men får eit ufølsamt «slik er det berre»-svar frå vindkrafteigaren og statsråden når dei klagar.

Ulyd døgnet rundt

Same konstante ulyd må mange familiar i Tysvær leve med i framtida dersom dei to vindkraftverka blir sett i drift. Det er også departementet som har bestemt at minste avstandsgrense mellom vindturbin og bustadhus i Norge berre er fire gonger høgda på turbinane – med høve til å redusere denne endå meir ved behov. Til samanlikning er kravet om avstand ti gonger turbinhøgda i mange regionar i Tyskland.

Dette betyr i praksis at Nils Bjørkelund i sør-Tysvær må leve med næraste støyande vindturbin ca. 550 meter frå bustadhuset, medan avstanden ville vore 1500 meter etter tyske reglar. Forstå det den som kan.

Kvifor har vasskraft-eksportøren Norge overhovudet behov for å produsere landbasert vindkraft? Kva vil nedbygging av urørt natur bety for menneske, fauna og klima i framtida? Kven er overgriparen, og kven er offeret, i vindkraftsaker? Er det rett å ofre enkeltpersonar si helse for at multinasjonale fond og firma skal bli endå rikare og mektigare?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stor uenighet. Politisk hastverk. «Fem personer»-regelen kom på tvers av råd

  2. Vil legge ned 180 barne­hage­plasser neste år: Disse kommune­delene blir rammet

  3. Beboer på Lervig sykehjem har testet positivt for korona: – Spesiell og uavklart situasjon

  4. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

  5. Venninnene kjøpte 800.000 over pris­antydning. Dette er grepene som kan gi heftige bud­runder

  6. Eg er stolt når til­sette ved universi­tetet er med i opp­lyst og høveleg meinings­bryting

  1. Vindkraft
  2. Tysvær kommune