Ordføraren i Forsand sviktar folket sitt

DEBATT: Ordføraren vil vel ikkje verta huska for at han skusla vekk kraftinntekter verd million- og milliardbeløp til Nye Sandnes kommune utan å få noko varig tilbake til bygda si.

Publisert: Publisert:

– Nå vert det ordførar Bjarte S. Dagestad, bildet, si oppgåve å få fleirtalet i fellesnemnda i Nye Sandnes til å gå for intensjonsavtalen for finansiering av Espedal–Frafjord-tunnelen, skriv Torger Frøyland. Foto: Tommy Ellingsen

Debattinnlegg

  • Torger Frøyland
    Innbyggjar i Forsand kommune
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Tunnelen Espedal–Frafjord (Ryfylkeporten mellom kommunane Forsand og Gjesdal) har endeleg fått på plass ein intensjonsavtale om bygging etter 25 års lang dragkamp. Det er gjort eit vedtak om ein intensjonsavtale for finansiering av prosjektet mellom Rogaland fylkeskommune, Forsand kommune/Nye Sandes kommune, Gjesdal kommune og Ryfylkefondet.

La oss nå behalda ein del av dei grøne kraftinntektene i Ryfylke, nå og i framtida, til varige prosjekt som mellom anna Espedal-Frafjord tunnelen.

Oppsiktsvekkande!

Endeleg ein fastlandsforbindelse frå Ryfylke til Jæren og omegn. Både for næringsliv, arbeidsfolk og hyttefolk. Men på målstreken, etter at vedtak er gjort i fylkestinget, stoppar ordføraren i Forsand, og vil heller gje 100 mill. pr. år av kraftpengane våre til Nye Sandnes kommune. Oppsiktsvekkande! Tykkjer han ikkje at innbyggjarane i Forsand fortener å få behalda noko av desse pengane? I prinsippdokumentet som er framforhandla mellom Forsand og Sandnes i forbindelse med kommunereform, står det at Nye Sandnes kommune skal vere med å forskotera midlar til tunnelen Espedal–Frafjord. Dvs. at dei har nå påteke seg ansvar for å gjennomføra dette prosjektet. Det vil vere eit svik om ordføraren går imot ein avtale som han var med å forhandla fram med fylkespolitikarane tidlegare, inkludert eigne partifellar på fylkestinget.

Kva vil samarbeidspartnaren Sandnes kommune gjere for bygda vår, når dei får 100 mill. i kraftinntekter? La oss nå behalda ein del av dei grøne kraftinntektene i Ryfylke, nå og i framtida, til varige prosjekt som mellom anna Espedal–Frafjord-tunnelen.

Han er å snakka til

Det er nå eller aldri me kan vere med å påverka utfallet i denne saka. Ta ein telefon til Dagestad, ordføraren vår, han er å snakka til. Fortel han at nå må han vere med å bidra til ei framtidsretta samferdselsløysing for Forsand og regionen vår. Politikarane på fylkestinget seier i klartekst at viss innbyggjarane ikkje klarer å samlast rundt dette prosjekt, då vert det ingenting av noko.

La oss binda opp noko av framtidige inntekter som kjem våre innbyggjarar og heile regionen til gode. 20 mill. av 100 mill. i 20 år til dette prosjektet, er relativt nøkternt i mine auge.

Toget går nå

Me må samla oss, toget går nå! Ordføraren vil vel ikkje verta huska for at han skusla vekk kraftinntekter verd million- og milliardbeløp til Nye Sandnes kommune utan å få noko varig tilbake til bygda si.

Ein må heller ikkje gløyma at tunnelen var ein føresetnad for Ryfastpakken som i ettertid vert teken ut av pakken pga. problem med finansieringa. Kva rolle har ordføraren i eit kommunestyre som har fleirtal som i denne saka, men som kan velta saka om ikkje ordføraren snur? Jo, han skal ivareta fleirtalet i saker og vedtak som skal gjennomførast.

Nå vert det ordføraren si oppgåve å få fleirtalet i fellesnemnda i Nye Sandnes til å gå for denne intensjonsavtalen for finansiering av Espedal–Frafjord-tunnelen, slik at prosjektet endeleg kan gjennomførast. Toget går , bruk kraftinntektene i Ryfylke!

Publisert:

Les også

  1. Tunnelprosjektet er sjanselaust

  2. Forsand-ja til Espedal-tunnel kan bli nei i fellesnemda

  3. Gjesdal kan hindre tunnelplaner i Espedal-Frafjord

  1. Debatt
  2. Forsand