Kvifor er norsk frukt namnlaus?

DEBATT: «Røde, gule og grøne eple» gir ingen opplysing om smak og aroma. Dette er dårleg produktinformasjon.

Publisert: Publisert:

«Eg er ikkje interessert i «å kjøpa katta i sekken» når eg handlar norsk frukt», skriv Jostein Ims, som tykkjer merkinga er for dårleg Berit Roald

Debattinnlegg

Jostein Ims
Hommersåk

I dag opplever me stendig sterkare krav om dokumentasjon om opphavet til varer som blir omsett. Ja, kjøtet t.d. me kjøper i butikkane skal helst kunna sporast attende til bruket der dyret er ala opp.

Ei butikkjede reklamerar såleis med «klosterlam». Dei fleste rogalendingane vil då lett oppfatta at lammet er ala opp på garden ved Utstein kloster.

Kvifor blir då ei tilsvarande opplysingsplikt for frukt (og då serleg norsk frukt) ignorert i så stor grad som det blir i butikkane landet rundt?

Ikkje det same for meg

Ved annonseringa butikkane driv heiter det t.d. for eple i hovudsak berre «røde, gule, grøne eple». I beste fall er det merka «norske – røde, gule, grøne eple». Kvifor skal ikkje kunden få vita kva sort eple det er snakk om? Det er ikkje det same for meg (og truleg for dei fleste kundane) om det er Summerred-eple, Aroma-eple eller Gravensteins-eple?.

Smak og aroma er verkeleg ulik mellom dei tre sortane. Skal då ikkje kunden eingong få vita namnet på sorten for å skilja eplesortane frå kvarandre ? «Røde, gule og grøne eple» gir ingen opplysing om smak og aroma. Dette er dårleg produktinformasjon.

Normalt kjøper eg Conference-pære frå Holland, for eg veit den pæra er saftrik og god. I år gjekk eg til innkjøp av ein lysare (og ikkje namngitt) type pære. Heldigvis kjøpte eg berre nokre få pærer. Pæra var kort sagt ikkje etande. Ho enda difor i søpla. Hadde pæra vore namngitt så hadde eg ikkje kjøpt den sorten igjen.

Heiderlege unntak

I år var det også norsk pære i butikkane. Eg våga ikkje, klok av tidlegare røynsle, å kjøpa då ho ikkje var namngitt. Eg er ikkje interessert i «å kjøpa katta i sekken» når eg handlar norsk frukt. Nå er det på tide at butikkane kvittar seg med» den slendrian- og latskapspraksisen» dei legg for dagen i annonsering og merking av den norske frukta. Heldigvis er det heiderlege unntak mellom butikkane. Coop Mega på Sandnes har mottatt pris for den grundige informasjonen og fine måten dei marknadsfører frukta på. Det fortener dei. Ved siste besøk t.d. i butikken var i tillegg til namngitt frukt også ei liste med omtale av dei mest kjende norske eplesortane sett opp til orientering for kundane.

Les også

Det er så mye frukt på Ryfylkeøyene at de trenger ekstraferje

Les også

Jan plukker plommer ingen vil ha

Publisert: