Kjære legar, psykiatrien treng dykk!

DEBATT: Psykiatri er eit givande fag som fleire legar bør vurdere å satse på!

«[…] aldri har denne jobben svikta meg med å skape empati og forståing for både andre og meg sjølv», skriv psykiater Jeswanthiny P. Mayooran.
  • Jeswanthiny P. Mayooran
    Jeswanthiny P. Mayooran
    Konstituert overlege i psykiatri, SUS
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Statistikk viser at omtrent halvparten av den norske befolkninga får ei psykisk liding, eller psykiske plager, i løpet av livet. Svært mange av desse har debut i ung alder. FHI rapporterer tal så høge som at 70.000 barn og unge mellom 3 og 18 år blir ramma av ei psykisk liding som krev behandling. Omtrent ein tredel av vaksne går gjennom ei psykisk liding i løpet av eit år.

Dette er altfor høge tal til at vi som eit samfunn, og som legar, ikkje vel å legge vekt på dei.

Svært krevjande

Det er eit kokande tema, særskilt blant legar, at psykiatri stadig blir valt bort som profesjon. Tunge arbeidsoppgåver, mentalt belastande hendingar og pasientar lèt etter seg djupe spor i ein. Det er hardt å stå i slike tilhøve, og ikkje minst risikere å la dette gå ut over privatlivet sitt. So kanskje ikkje rart at fleire undrar seg over kvifor nokon vil velje å stå i dette frivillig.

Vi snakkar mykje om mental helse og psykiske lidingar. Vi ser ein stadig vekst av slike problemstillingar. Fleire unge blir ramma. Fleire unge får store vanskar med å fungere i kvardagen. Fleire unge blir innlagde. Ja, ikkje berre innlagde, men innlagt med tvang.

Norge er eit land med stabile tal i førekomsten av psykiske lidingar. Dette viser seg att i behandlingsløp, innleggingar og stadig aukande pågang for helsehjelp innan psykiatrien. Fleire og fleire blir uføretrygda på bakgrunn av dette. Sjølvmordsraten er på veg opp. Dette er ei urovekkjande utvikling som bør bli kasta meir lys på.

Svært givande

Som lege i psykiatrien har der ikkje vore eit sekund der eg har nølt når det gjeld mi rolle og det ansvaret eg har ovanfor desse menneska som har behov for hjelp. So klart har der vore episodar som har vore tunge og dystre, men aldri har denne jobben svikta meg med å skape empati og forståing for både andre og meg sjølv.

Mange av oss utdannar oss kanskje som legar med ønske om å bli indremedisinar, ortoped, allmennlege … – moglegheitene er mange. Men kvifor har det seg at eit fag psykiatrien ofte hamnar på reservehylla?

Dette er ikkje eit innlegg for rekruttering, men eit innlegg for å synleggjere eit grunnleggjande behov vi menneske er i nød av. Vi som legar er utruleg heldige som har fått sjansen til å vere med på å endre ei framtid som kan synast mørk.

Psykiatri er eit givande fag som fleire legar bør vurdere å satse på!

Vi som legar er utruleg heldige som har fått sjansen til å vere med på å endre ei framtid som kan synast mørk.
Publisert: