Oljefest med nogo attåt

KRONIKK: Under Oljemessa i Stavanger kunne ein puste letta ut etter klimaoverdose i Arendal, treffe gamle kameratar og synge dei same gamle songane om att.

ONS vart avslutta med fyrverkeri og gratiskonsert for 10.000 på Torget i Stavanger. Hurra for oljebransjen!
  • Randi Storhaug
    Nestleder i Naturvernforbundet, styremedlem i Naturvernforbundet i Rogaland
  • Wenche Skorge
    Styremedlem, Naturvernforbundet i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Dei kom frå fjerne himmelstrøk til sine eigne. Dei kom til seg sjølve. Gleda over oljefyrt oppgang fekk fløyma fritt.

Rett og slett «ren magi» var det, ifølge ONS-sjefen etter utført oppdrag.

99 prosent olje og gass

Irene Rummelhoff, konserndirektør i oljeselskapet med det førebels villeiande namnet Equinor, var ein av de mange som lét seg rive med. Energikrisa skuldast underinvesteringar i olje og gass, slo ho fast frå talarstolen, like mykje som krigen i Ukraina og stengde gasskranar.

Les også

Equinor-topp mener oljemotstand har bidratt til energikrisen

At årsaka til krisa også skuldast mange år med underinvesteringar i fornybar energi, sa ho ikkje noko om.

Kommunikasjonsavdelinga prøvde i etterkant å rette på bodskapen hennar. Forteljinga er likevel i tråd med det tilsynelatande overordna målet for ONS: Å stadfeste oppfatninga av olja som ein uunnverleg bransje, og dessutan å sikre politisk støtte til leiting, utvikling og produksjon så lenge som mogeleg.

Equinor si verksemd består førebels av 99 prosent petroleum, ifølge NRK sin økonomi­kommentator Cecilie Langum Becker. Dette er representativt for bransjen. Akkurat nå kjempar selskapet for å få bygge ut Wisting, eit oljefelt i sårbar natur langt nord i Barentshavet.

Med dagens omstillingsrate kan ein ikkje trekke annan konklusjon enn at alt snakket om berekraft i hovudsak handlar om behovet for å bevare selskapa sin «license to operate».

PR-stuntet med Zelenskyj
og Musk betalte seg. Etterlate
inntrykk er at Norge må køyre
olje- og gassmaskina for fullt.

Kommunikasjonen

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og Tesla-gründer Elon Musk snakka til ONS, utan å seie noko nytt, men dei sa det oljebransjen ville høyre.

ONS er mellom mykje anna også eit kommunikasjonsprosjekt som har til føremål å kjøpe hjarter og sinn. Dei to inviterte superkjendisane, milliardæren Elon Musk og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, bidrog ikkje med nye perspektiv på norsk eller europeisk energidebatt.

Elon Musk kvitterte ut for rause Tesla-subsidiar ved å erklære si støtte til vidare olje- og gassutvikling. Zelenskyj nytta høvet til å appellere om hjelp til det krigsherja landet sitt. Elles sa han at me må stå saman i energikrisa.

PR-stuntet med kjendisane betalte seg. Etterlate inntrykk er Norge må køyre si olje- og gassmaskin for fullt, og at ein slik plan nå også har moralsk og strategisk oppbakking frå to av verdas viktigaste folk.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Hadde det ikke vært for olje og gass, hadde ikke Elon Musk vært den han er i dag»

Kuttplanane

Mantraet «utvikle, ikkje avvikle» er vår nye kollektive livsløgn i møte med det grøne skiftet. Då bransjen fekk vesentleg betra rammevilkår under pandemien, var eit av hovudargumenta at olja skulle bidra til omstilling. Hittil har denne skatteletten berre ført til meir olje.

Verdas oljeselskap rår alt nå over tre gonger større reservar enn det som kan produserast, om me skal ta klimamåla på alvor. Sjølv om næringa har meir pengar enn nokon gong før, er det lite tyder på at selskapa vil ta det løftet som trengst. Equinor har ambisiøse kuttplanar, men ikkje gode nok for kutt i absolutte utslepp, ifølge investoren Storebrand. Klimaet skjønnar berre absolutte kutt.

Fornektinga

Oljeselskapa har ein del å svare for med omsyn til klimafornekting. Nå har den mjuke fornektinga teke over. Ein aksepterer vitskapen, men argumenterer mot omstillinga. Velferda vil bli svekka, seiest det. Arbeidsplassane vil utraderast, teknologien er umoden og alternativ finst ikkje. Nokon andre må gjere det, ein annan gong, ein annan stad.

Klimaforskaren Michael Mann har gitt ut fleire bøker om klimafornekting. I den siste, «The New Climate Wars», held han fram utsetting og avsporing som den nye taktikken. Ved å rette merksemda vår mot utanforliggande forhold, som kjendisar, fest og basar, lukkast bransjen med avsporing.

ONS blei toppa med ein heidundrande fest i Vågen. Me blir smurde med ei god kjensle av fellesskap bygd på rikdom og privilegium. Olja er jo ei rein velsigning! ONS hjelper oss med å finne fram til det me kan tenke på når me prøver å ikkje tenke på global oppvarming, for å parafrasere klimapsykolog Per Espen Stoknes’ boktittel «Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming».

«Cry me a river»

Kontrasten til sommarens ekstremvêr på tre kontinent kunne knapt vore større. Politisk redaktør Harald Birkevold i Aftenbladet etterlyste for ei tid sidan innspel til korleis klimasaka kunne dekkast for å få folk til å godta at klimaendringane er reelle.

Les også

Harald Birkevold: «Kloden koker hodet»

Mykje av løysninga vil han finne i Anne Karin Sæthers bok «De beste intensjoner», der ho skildrar vår kognitive dissonans slik den kjem til uttrykk i klokkartrua på den norske olja si i godheit på den eine sida, og trusselen om klimaendringar på den andre.

Å halde dei to sfærane skilde frå kvarandre er ei norsk paradegrein som òg pregar politikken. Journalisten si oppgåve er derfor å vise samanhengane. Klima og olje må handsamast som to sider av same sak. Ein må synleggjere at den eine får konsekvensar for den andre.

Mens oljefolket song sine gamle sjølvbekreftande songar opp att, fekk andre heilt andre assosiasjonar.

«Cry me a river», skreiv Kikki Kleiven på Facebook. Ho er klimaforskar og direktør for Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen. Det var hennar respons på Rummelhoff sine påståtte underinvesteringar i olje og gass.

Med fleire somrar som denne, kan me kome til å trenge mange tårer for å fylle uttørka elveleie og vatn.

Publisert: