Barna fortener meir leik i skulekvardagen

SKULE: Leiken er viktig for barns læring. Likevel har leiken nesten forsvunne frå barns skulekvardag. Rogaland KrF vil ha meir leik inn i skulen.

Rogaland KrF vil ha meir leik inn i skulen for dei minste barna, og kombinere det med meir variert undervisning i heile skuleløpet. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Debattinnlegg

  • Torkel Johannes Bjuland
    På vegne av Rogaland KrFs arbeidsutval
Publisert: Publisert:

Leik er barna sin måte å uttrykkje seg på. Gjennom leiken blir dei sosialiserte og lærer mykje som ein ikkje kan lære i ei lærebok. Leiken utviklar barna sin sosiale, språklege og kognitive dugleik, ifølge Forskingsrådet.

Likevel har dessverre leiken blitt gløymd i den norske skulen. Dei yngre elevane i skulen får stadig meir kompetansepress og teoribasert undervisning. Når det er brei fagleg semje om at leiken er viktig for at barn skal læra, kvifor har leiken nesten totalt forsvunne frå undervisninga i dag?

For 23 år sidan tok den norske skulen ei heilomvending og let seksåringane starta på skulen. Då reforma vart framlagt kom det eit løfte om at det ville bli meir leik i skulen for dei minste barna, men det har ikkje skjedd.

Me er på veg i feil retning når skulen ikkje verdset leiken som er viktig for trivselen, læringa og utviklinga til barna. Me kan og skal ikkje vente at barneskuleelevar i ung alder plutseleg skal gli inn i dei vaksne si verd. Forskarane bak rapporten til Forskingsrådet frå oktober 2018 om leik, læring, arbeidsmåtar og læringsmiljø fann ut at barns leik i skulen gjer at barn lærer meir når dei leiker med andre barn og det er vaksne til stades, enn når dei blir plasserte i ein formell vaksenstyrt læringssituasjon.

Dette er klar tale, me må slutte å presse barn i eit slikt skulesystem og heller la dei uttrykkje og utvikle seg gjennom leiken i skulen.

Rogaland KrF vil ha meir leik inn i skulen for dei minste barna, og kombinere det med meir variert undervisning i heile skuleløpet. Me må tilpassa oss barna, la skulen vere på deira premissar, og ikkje stadig prøve å presse dei vekk frå å vere barn. Forskinga er tydeleg, barn lærer og utviklar dugleik gjennom leiken som dei ikkje hadde gjort med nasen i ein skulebok. Nå er det tid for nok ei heilomvending og bringe tilbake leiken i skulen.

Me er på veg i feil retning når skulen ikkje verdset leiken som er viktig for trivselen, læringa og utviklinga til barna. Me kan og skal ikkje vente at barneskuleelevar i ung alder plutseleg skal gli inn i dei vaksne si verd.
Publisert:
  1. Skole og utdanning

Mest lest akkurat nå

  1. Åse ble den første av 92.000 som skal massevaksineres

  2. Wirak om Veldes havneplaner på Lauvvik: - Ikke et forsøk på å tre noe over hodet på noen

  3. FHI vurderer ny vaksine­strategi. Disse tre endringene kan få oss raskere i mål

  4. Åtte fikk bot på E39 på Tasta

  5. Hvorfor står det kroatiske firmabiler utenfor et hotell på Lura?

  6. Tre menn dømt for å ha blåst luft i kamerat