Difor sa sjukehusa nei til krava frå Legeforeningen

Vi er avhengige av å planlegge godt for å utvikle pasientens helseteneste. Difor har sjukehusa sagt nei til krava frå Legeforeningen.

Publisert: Publisert:

Vi kan ikkje seie ja til krav frå Legeforeningen som gjer at sjukehusa ikkje kan organisere arbeidstida mest hensiktsmessig for den enkelte pasient og for arbeidsprosessane på sjukehuset. Foto: Shutterstock/Scanpix

Debattinnlegg

  • Herlof Nilssen
    Adm. direktør, Helse Vest RHF; styreleiar i arbeidsgjevarforeininga Spekter
Ein tar ikkje høgde for om legane skal vere til stades på sjukehuset, skal på kurs eller ha ferie.

Helseføretaka har fått i oppdrag å planleggje for bemanning ved poliklinikkane med ein horisont på minimum seks månader. Frå 15. september i år har også pasientar med alvorleg sjukdom krav på å få ein kontaktlege. Når vi vi skal gi pasientane sin eigen kontaktlege, må vi vite kva legar som er til stades på sjukehuset den nærmaste tida. Det skal nemlig vere føreseieleg kor, når og hos kva lege pasienten skal møte til neste time.

Den typen arbeidsplanar Legeforeningen krev blir sette opp ut frå kor mange legar som er tilsett på avdelinga. Ein tar ikkje høgde for om legane skal vere til stades på sjukehuset, skal på kurs eller ha ferie. Legane blir altså sette opp på vakt, sjølv om vi veit at dei ikkje vil kunne jobbe denne vakta. Dermed kan det oppstå mange udekte vakter, som må løysast ved at andre legar på avdelinga må jobbe godt betalte ekstra vakter eller overtid, eksterne må leigast inn eller sjukehuset må avlyse pasientavtalane.

Spekter og helseføretaka ønskte ikkje å gjere endringar i avtaleverket i denne forhandlingsrunden.

Utan respons

Vi registrerer at Legeforeningen er bekymra for fleire lange arbeidsveker, lange vakter, mindre vern og at det blir uforsvarleg dersom arbeidsplanane blir sette opp på andre måtar enn den eine dei ønskjer. I to år har vi forsøkt å få til prosessar med Legeforeningen der partane saman går gjennom kva tiltak som skal til for å redusere arbeidsbelastninga for legane. Dessverre har Legeforeningen ikkje ønskt å delta i slike prosessar. I det lyset er det interessant å sjå debatten som utspeler seg i media no.

Og la det vere sagt: Spekter og helseføretaka ønskte ikkje å gjere endringar i avtaleverket i denne forhandlingsrunden. Vi ville vidareføre det som var avtalt mellom partane for to år sidan, og som har fungert godt.

Det er eit mål å etablere arbeidsplanar som gir rom for samspel, medverknad og eit godt arbeidsmiljø.

Uforsvarleg?

I tariffavtalen har Legeforeningen og Spekter avtalt at legane kan jobbe meir per veke og per dag, og ha kortare kviletid mellom arbeidsøktene enn det som er hovudregelen i arbeidsmiljølova. Vi har ikkje kravd noko utviding av desse rammene. Det er difor vanskeleg å forstå kvifor Legeforeningen meiner at arbeidstidsordningane kan bli uforsvarlege no. Det er eit klart mål for oss at vi skal arbeide for at arbeidsplanane til legane skal kunne organiserast innanfor hovudreglane for arbeidstid i arbeidsmiljølova.

Eg vil understreke at uansett korleis arbeidstida til legane blir organisert og planlagt, vil arbeidstidsgrensene i tariffavtala og krava til forsvarlegheit i arbeidsmiljølova gjelde. Alle arbeidsplanar for sjukehuslegane vil vere kollektive, uavhengig av kva planleggingsmetodikk som blir brukt. Det står klart og tydeleg på arbeidsplanen kva legar som skal jobbe når. Det er eit mål at vi skal unngå tenesteplanar med høgt timetal og fleire helger på rad. Det er eit mål å etablere arbeidsplanar som gir rom for samspel, medverknad og eit godt arbeidsmiljø.

Krava kan ikkje møtast

Den streiken vi no ser er sterkt beklageleg for dei pasientane som no opplever at deira timar blir utsette. Men vi kan ikkje seie ja til slike krav frå Legeforeningen som gjer at sjukehusa ikkje kan organisere arbeidstida på den måten som er mest hensiktsmessig for den enkelte pasient og for arbeidsprosessane på sjukehuset.

Publisert: