Høyre og Frp sitt svik av ei viktig distriktsnæring

DEBATT: Høgre og Frp har no danna ny regjering saman med Venstre. På offerbordet ligg bl.a. norsk pelsdyrproduksjon, som dei er blitt einige om at skal avviklast innan 2024/25.

«Det er underleg at norske arbeidsplassar i distrikta betyr så lite for Høgre og Frp», skriv Dagny Sunnanå Hausken. Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen

Debattinnlegg

  • Dagny Sunnanå Hausken
    Ordfører i Rennesøy, Sp
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det har lenge vore kjent at Venstre er motstandar av pelsdyrproduksjon. Høgre og Frp har støtta denne næringa, saman med Sp og KrF.

Stortinget vedtok seinast for eit år sidan at dette var ei næring det skulle satsast på i Noreg. No har altså Høgre og Frp snudd i denne saka, og med eit pennestrøk utsletta levebrødet til 400 norske bønder. Mange har investert fleire millionar i nye, moderne anlegg dei siste åra. Det er lett å forstå at frustrasjonen er stor blant pelsdyrprodusentane. Kven kan driva næring der ein ikkje anar framtidsutsiktene for arbeidsplassen sin?

Det kan ikkje vera betre at denne produksjonen blir flytta utanlands til land som har langt mindre fokus på dyrevelferd enn i Noreg. I tillegg får me heller ikkje nytta store mengder slakteriavfall som i dag går med til mat for pelsdyra.
Det er underleg at norske arbeidsplassar i distrikta betyr så lite for Høgre og Frp. Dette er eit svik av ei viktig og lønsam distriktsnæring.

Les også

  1. Har Høyres og Frp’s velgere fortsatt tillit til partiene sine?

  2. Dale måtte svare for pelsdyravvikling han ikke ønsker

  3. – Ufattelig useriøst å ofre pelsdyrnæringa

Publisert:
  1. Debatt
  2. Dagny Sunnanå Hausken
  3. Regjeringen
  4. Rennesøy

Mest lest akkurat nå

  1. Dette er den siste kommunen i Rogaland som tvinger huseierne til å bo der hele tiden

  2. Storaksjonærer slår ring rundt Berntsen: - Klønete og uverdig

  3. Han er 20 år, singel og tror dette løftet kan være et godt sjekketriks

  4. Vi må legge vekk våre egne perspektiver og litt nedlatende holdninger, og komme ungdommen i møte om koronatiltakene

  5. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter

  6. EU kan stenge norske skibakker