Brutalt enkel lov, Aftenbladet?

DEBATT: Aftenbladet er i festrus saman med dei 66,4 prosenta som opnar opp for «fri abort» også i Irland. I leiaren 29. mai er det mange fine ord, men likevel lite substans.

Publisert: Publisert:

– Eg vil påstå at nå som Irland får beslekta lovverk på abortområdet som Norge, så er det desse lovene som er brutalt enkle, skriv Geir Wigestrand. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Geir Wigestrand
    Sand
  1. Leserne mener
Denne artikkelen er over ett år gammel
Les også

Aftenbladets leder 29. mai: Brutalt enkel lov

For det første bruker Aftenbladet to døme på grove saker frå Irland som skal påvirka lesaren til å tru at det er slik stoda er. Skildringa av enkeltsakene er sikkert sanne, men dersom Aftenbladet tek for seg dei 13.000 provoserte abortane som skjedde i Norge i 2017, så er den type saker i eit fåtall. Dei fleste provoserte abortar skjer under forhold der mor og barn er friske og utan valdtekt og incest som grunnlag for graviditet.

Kva meiner eigentleg Aftenbladet?

For det andre skriv leiaren at «det må og skal alltid vera eit dilemma å vurdera å ta abort.» Fint sagt, men kva er det Aftenbladet eigentleg meiner med det? Når leiaren i tillegg stadfestar at «det alltid er to liv det er snakk om», ligg det her ei interessant kraft, der Aftenbladet underforstått meiner at abort er å ta liv.

Dersom det er tilfelle er det vanskeleg å forstå kvifor Aftenbladet er i festrus.

Eg vil påstå at nå som Irland får beslekta lovverk på abortområdet som Norge, så er det desse lovene som er brutalt enkle.

Det er brutalt det

Abortlova i Norge gir eitt individ retten til å avgjera liv og død. Det er brutalt det, Aftenbladet! Og ikkje ein gong faren til barnet har noko å seia.

Publisert: