Kommentatoren og kommunegrensene
DEBATT: Harald Birkevold i hadde ein merkeleg kommentar i Aftenbladet 16. februar som må kommenterast.
- Kjell NesTidlegare ordførar i Finnøy kommune

Eg skjønnar ikkje heilt om han prøver seg på den vanskelege kunsten ironi, eller om det er ein alvorleg meint kommentar han skriv. Det er i alle fall ein del slarveskap i arbeidet hans.
Underskrivne har aldri uttala at det er avstanden til rådhuset i Stavanger som er problemet. Det gjeld både for den artikkelen Birkevold viser til, og elles. Det som har overraska meg etter kommunesamanslåinga, og som har fått meg til å trega på at eg gjekk inn for det, er meir den mentale avstanden det er mellom politikarar i Stavanger (by), og oss i utkanten. Eg hadde rett og slett for god tru på at folk var meir opplyste i vår tid, enn at dei kan herja på som dei vil med folk i utkantane. Eg vil hevda at intellektet er likeleg fordelt mellom byfolk og folk i utkantane. Det gjeld og i høve til kommentator Birkevold med si overskrift: «Ytre Ombo Frigjøringsfront».
Det er kommunale oppgåver som skal løysast, og ei svært negativ folketalsutvikling på øyane som må motverkast.
Ikkje mitt førsteval
Å velja Stavanger som kommune å slutta seg til, var ikkje førstevalet mitt. Då eg var ordførar, var eg med på å prøva å byggja ein sterk kommune av Ryfylke, med både øyar og fjordområde. Det var fleire år føre siste kommunereform. Med Meltveit Kleppa i regjering fekk Ryfylke IKS 600.000 kr til å greia ut dette. Konklusjonen frå Telemarksforskning var at dei aldri hadde gjort ei utgreiing for spørsmål om kommuneslamanslåing med større økonomisk potensial enn denne. Vår kommune, Finnøy, var positiv. Det same var Strand. Men kraftkommunane med Hjelmeland i spissen, sa nei. Også Forsand, Suldal og Sauda vende tommelen ned, og saka var død.
Etter det gjorde eg ein framstøyt ovanfor Randaberg kommune, som også hadde ein KrF-ordførar. Ønsket mitt var at Randaberg tok ein leiarskap i å skapa ein ny randkommune til Stavanger av Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy og Finnøy. Bakgrunnen min var dei vanskane eg meinte å sjå med desse små kommunane me hadde, både økonomisk, men og med kompetanseutfordringar.
Ulikt mange andre land i Europa, har me i Norge det ein kan kalla ein universalkommune. Kommunelova er den same og stiller dei same krav både til administrasjon og politikk anten kommunen heiter Utsira eller Oslo. Slik er det ikkje over alt elles i Europa, der ulike kommunestorleikar gir ulike kommunale oppgåver å løysa. Dette er lite diskutert her i landet, men burde kanskje ha vore det.
Då var eg ute av politikken
Og sidan forsøket mitt med ein større randkommune, heller ikkje var av interesse, var det berre Stavanger som var aktuelt då Solberg-regjeringa gjekk inn for ei kommunereform. Men då var eg ute av politikk, og var ein borgar som alle andre.
Frå sidelina meinte eg å sjå ein vilje til å skapa noko nytt og betre i forhandlingane om intensjonsavtale for den nye kommunen. Sjokket kom etter valet, då denne avtalen vart sett til sides på svært viktige punkt for oss i utkantane.
Slik eg har skjønna kva ein intensjonsavtale er elles i samfunnet, både i nærings- og organisasjonsliv, så går ein intensjonsavtale over til å verta ein bindande avtale når han er vedtatt i styreromma.
Intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga vart vedtatt i alle dei tre kommunestyra, og skulle då ha vore ein bindande avtale. Eg kjenner til at slik har det verka i andre kommunesamanslåingar i same reformrunde.
Ikkje berre fagre ord
Etter mitt vit skulle den vedtekne avtalen ha vore meir som ei «grunnlov» for den nye kommunen i alle saker som var omhandla i denne avtalen. Det skjedde ikkje, og difor er eg så skuffa av det politiske miljøet i den nye kommunen vår.
Håpet vårt var at Stavanger var interessert i utvikla heile kommunen, og ikkje berre med fagre ord.