Politikarane lova opptur for Hillevåg, men vedtek nedturar

DEBATT: Planane for Køhler-eigedommen og sykkelleikeplassen i akebakken i Hillevåg gir grunn til uro. Og kvifor har ingen spurt naboane til råds?

Dei historiske Køhler-bygningane skal altså trass i store offentlege og private verneinvesteringar, få fleire miljøraseringar som nabolag. Låven skal ikkje få vera eit historisk miljøinnslag og binda saman fortid og nåtid.
  • Sigmund Hatløy
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.


Hillevåg historielag har fått orientering om «Kulturminne- og kulturmiljøplan 2023» som er under arbeid i Stavanger kommune.
I diskusjonen etter fekk to tema særleg merksemd: Køhlerlåven og Hillevågmarka, «Kaninmarka» mellom Svend Foyns gate og den gamle utstillingsplassen, nå Møllehagen skolesenter.

I området ved Køhlerlåven er det gjort store investeringar. Stavanger kommune har brukt mange millionar kroner på å flytta og restaurera Frida Hansens Hus, tidlegare kalla Enkesetet, frå tunnelopninga til ny plassering mellom Køhlerlåven og Køhlerhuset. Dette er hovudhuset, tidlegare også kalla Folkets Hus.

Blokker kloss i Køhler-eigedommen

Michael Nygård har brukt mange private millionar kroner på å restaurera Køhlerhuset til fordoms prakt. Hageanlegget er også restaurert. Likevel har kommunens politikarar tillate bygging av høge bustadblokker nesten vegg i vegg med Køhlerhuset og Køhlerlåven. Køhlerlåven var lenge Vestlandets største fjøs. Nå er det forslag om å bygga om låven til bustader med heilt ny takkonstruksjon. Dei historiske Køhler-bygningane skal altså trass i store offentlege og private verneinvesteringar, få fleire miljøraseringar som nabolag. Låven skal ikkje få vera eit historisk miljøinnslag og binda saman fortid og nåtid.

Hillevågmarka er eit populært natur- og friluftsområde. Grasbakkane er i intens bruk ved det minste snøfall. Fotballøkka nedst er eit trygt unnarenn når små og store brukar akebakken. Flokk på flokk av barnehagebarn brukar området heile året, likeins hundeeigarar og treningsentusiastar. Området har skiftande blomsterprakt heile sommarhalvåret.

Akebakken i fare

Ubygd natur er ikkje godt nok for parkvesenet og politikarane. Utval for miljø og utbygging har godkjent «Forprosjekt for sykkelleikeplass», plassert på fotballøkka og unnarennet for akebakken. Stikkord for sykkelleikeplassen er: Tre meter brei rundløype med fast dekke, bølgeforma med utfordrande hindringar som rundkøyring, tunnel/pergola, basseng med bru over, frukttre og bærbuskar, leikehytte, klatretre, opphaldsplass med halvtak. Bassenget som skal samla regnvatn er lagt slik i terrenget at store massar må gravast vekk og tilrenningsfallet må endrast.

Det politiske vedtaket seier at akebakken skal ivaretas, men den godkjende sykkelleikeplassen gjer dette umogeleg. Vedtaket i januar sa også at medverknad frå nabolaget skulle sikrast, men naboane har ikkje fått informasjon om vedtaket. Kvifor ikkje heller vedta bevaring i staden for rasering? Politikarar snakkar gjerne varmt om «opptur for Hillevåg», kvifor då vedta så mange nedturar?

Publisert: