På trusfridommen laus med politiske føresetnader for å gje økonomisk støtte til trussamfunn

KRONIKK: Ei regjering som, gledeleg nok, vil kjempa for trus­fridommen inter­nasjonalt, må halda fast på prinsippa på heime­bane.

Krav om likestilling av menn og kvinner i valde organ i organisasjonar som får offentleg støtte – trussamfunna inkludert – vil kunne vera i strid med både menneskerettane og Grunnlova, argumenterer Johannes Morken.

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:

I Hurdalsplattforma har regjeringa stilt som krav for støtte at trussamfunn har minst 40 prosent kvinner i administrative organ. For mange høyrest det sjølvsagt ut – at likestilling må gå framom fridom for trussamfunn. Barne og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har opna for unnatak.

Men når kan statsmakta gripa inn med økonomisk straff? Tore Lindholm, som er ein av dei fremste ekspertane på feltet, meiner Hurdalsplattforma her kan vera i strid med menneskerettane og Grunnlova.

«Ein uting»

Til Vårt Land seier Lindholm at det er ein uting når staten i byte mot å betala for trus- og livssynssamfunn, «forventar at de skal være noe i retning av gode sosialdemokrater i holdning».

Det er dessutan ei misforståing at offentlege middel til trussamfunn er eit vanleg statstilskot. Støtten er forankra i paragraf 16 i Grunnlova. Tilsvarande middel som Den norske kyrkja får, skal gå til andre trussamfunn etter medlemstal. Dei som ikkje er med i Den norske kyrkja, får ført tilbake middel til trussamfunna sine.

Det er påfallande at kommentator Hilde Øvrebekk i Stavanger Aftenblad (21.10.) ikkje stiller spørsmål ved signala i Hurdalsplattforma om at kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver, ved sida av finansiering. Kommentatoren slår derimot fast at det «er ikke mulig å sjekke hva 725 trossamfunn driver på med bak låste dører».

Difor kallar ho statsstøtte til trussamfunn for problematisk og diskuterer og nemner kontingent, brukarbetaling og friviljug innsats i staden. Men kva slags intenst kontrollsamfunn må vi ha for å halda fram med paragraf 16 i Grunnlova?

Uro

I Stefanusalliansen følgjer vi den internasjonale utviklinga for trusfridommen med stigande uro. Mange regime strammar inn for minoritetar og samfunn dei ikkje har kontroll på. Gledeleg nok vil også Støre-regjeringa arbeida for trusfridom og religiøse minoritetar internasjonalt. Men då er det viktig å vera ryddig også på heimebane.

På venstresida er Snorre Valen ei einsleg stemme i debatten om Hurdalsplattforma. Den tidlegare stortingsrepresentanten for SV er redaktør for Trønderdebatt. Han poengterer at det ikkje er noko menneskerett å få statsstøtte til å utøva trua si. Men Valen legg til:

«På den annen side er trosfriheten en helt essensiell menneskerett. Å stille politiske krav til trossamfunn som kan føre til at de de facto forskjellsbehandles, åpner for en prinsipiell hengemyr, uansett de gode hensiktene bak kravene. For om vi kan stille slike krav, har vi vel også åpnet døren for annen inngripen i trossamfunnenes indre liv?»

Det er gode døme på dette siste, som i saka om vilkåra for kulturstøtte i Klepp kommune.

Nei, det er ingen menneskerett å få pengar til å utøva trusfridom. Men staten brukar store middel til mange aktørar som sikrar viktige verdiar og som ville klart seg langt dårlegare utan.

Det er heller ingen menneskerett for mediehus å få statsstøtte. Men det ville blitt ramaskrik i mediehus kysten rundt dersom momsfritak og mediestøtte vart foreslått erstatta med auka lesarbetaling og meir friviljug innsats. Vi ville med rette fått høyra at demokrati og ytringsfridom stod i fare. For demokratiet si skuld er støtteordningane for politiske parti rause, same kva som skjer «bak stengde dører».

Les også

Klepp kommune vil ikke støtte organisasjoner som sier nei til homofile i lederverv

Grense for maktbruk

Det har avgjort skjedd uheldige praksisar i trussamfunn. Makta skal gripa inn ved lovbrot, same kvar dei skjer. Men skal grensa for bruk av «økonomisk straff» gå andre stader i høve trussamfunn enn for andre som tek imot statleg støtte?

Konvensjonen om sivile og politiske rettar opnar for at utøving av tru kan avgrensast. Men lista ligg svært høgt, som Tore Lindholm påpeikar. Staten kan berre gripa inn for å verna den «offentlige sikkerhet, orden, helse eller moral, eller andres grunnleggende rettigheter og friheter». Og inngrep må vera heimla i lov.

Vi har hatt ei gledeleg utvikling med auka likebehandling av trussamfunn. Men vi skal ikkje langt tilbake i historia for å finna at staten misbrukte makt i møte med minoritetar. Staten er enno ikkje ferdig med å rydda i denne arven.

Historia kallar til ettertanke når det i dag er aukande iver etter å bruka den moderne statens makt- og straffemiddel.

Les også

Harald Birkevold: «Diskriminering med statsstøtte»

Politisk binding?

Aftenbladets Hilde Øvrebekk dreg også inn i diskusjonen om finansiering av trussamfunn at Den norske kyrkja «blander religion og politikk». Det er legitimt å diskutera kor politisk konkret Den norske kyrkja skal vera – som sist ved Kyrkjemøtet som uttalte seg kritisk mot meir oljeleiting.

Men det var vel ikkje ein premiss for fristillinga at ei «levande og inkluderande folkekyrkje» ikkje skulle støyta nokon?

Aftenbladets kommentator kastar fram ein annan modell for finansiering av alle trussamfunn, fri for statsstøtte, med medlemskontingent og meir brukarbetaling.

For ei kyrkje og for alle trussamfunn er det gode grunnar for å diskutera om pengar skaper uheldige bindingar.

Men dersom trussamfunn skulle ønskja seg fri frå statlege kroner fordi makta blir klammare, vil det vera eit nederlag for staten. Den vil gå på akkord med eigne verdiar – med kontroll og styring framfor fridom, og med det stå i fare for å svekkja si eiga stemme utanlands.

Les også

  1. Kirkemøtet vil ha oljestans – Frp reagerer

  2. – Listhaug har et poeng når det gjelder Den norske kirke

  3. – Trossamfunns egenverdi må vernes

  4. – Klepp kommunehus og kirke – et bygg for alle?

Publisert:
  1. Trossamfunn
  2. Hurdalsplattformen
  3. Klepp kommune
  4. Menneskerettigheter
  5. Snorre Valen

Mest lest akkurat nå

  1. En svært farlig mann

  2. Demonstrasjon mot rekordhøye strømpriser torsdag

  3. Gjorde nazihilsen i retten

  4. Denne gjengen skal bli yrkessjåfører, men det kan oppstå problemer for andre som vil følge samme spor

  5. Trafikknedgang for Høgsfjord-sambandet

  6. Disse vil bygge neste etappe av transportkorridor Vest