Ein politikk for fleire artar og færre ting

KRONIKK: Det held ikkje lenger med finjusteringar på dagens politikk. Av omsyn til den naturen me alle er avhengige av, må me legge om korleis vi nyttar ressursar.

Publisert: Publisert:

Det går med 15.000 liter vatn med til å produsere 1 kilo bomull. Samstundes er reint vatn mangelvare mange stader. Kunne me klart oss med litt mindre klede? Foto: Amit Dave, Reuters/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Kari Vestbø
    Stavanger SV

Det har blitt nokre mil på biltur denne sommaren. Som liten sat eg i baksetet og såg på alle insekta som klistra seg til frontruta. Denne sommaren var det knapt ei einaste floge på ruta. Ein forskar forklarte på radioen at når få insekt no klistrar seg fast, er det eit bevis på insektdød.

Då bilen var tilbake i Stavanger, lempa me inn eit stort lass med sekkar og baggar. Og lasset med ting og tang som skulle i hus, var litt større enn då me drog. Me hadde ikkje handla mykje, men litt blei det denne gongen òg. I det eg lempar inn sist sekk, slår det meg at mens det her inne blir eit stadig større mangfald av ting og tang, blir mangfaldet av alt levande der ute mindre.

Samanhengen

Miljøaktivisten Deni Riswandani med vatn frå Citarum-elva på Java i Indonesia og vatn frå ei sideelv der er tettpakka med tekstilfabrikkar. Foto: Darren Whiteside, Reuters/NTB scanpix

Akkurat det har forskarane stadfesta tydeleg dei siste åra. 1 million artar står i fare for å bli utrydda, ifølge FNs naturpanel. Aldri før har dyr og plantar blitt utrydda i eit så høgt tempo. Utanfor husa våre blir det færre sommarfuglar og færre humler og bier. Annakvart år forsvinn ein ny art i Noreg, og kvar femte art i norsk natur er i fare for å døy ut. Det biologiske mangfaldet er trua.

Samstundes aukar det materielle mangfaldet hos mange av oss. Også dette skjer i eit høgt tempo. I dei fleste klesskap blir det stadig meir. Me kjøper 30–35 nye klede kvart år, melder Framtiden i våre hender. For tretti år sidan var det nok med 15 nye plagg i året.

Det er ein samanheng mellom aukande materielt mangfald inne i husa hos nokon av oss og eit minkande mangfald der ute i naturen. Det heng saman på mange vis. Det heng saman med energien det krevst for å lage klede i Kina med energi frå kolkraft. Skipa som fraktar kleda til Europa går på tungolje. Både kolkrafta og tungolja bidreg til CO2-utslepp og global oppvarming. Mange artar, blant andre isbjørnen, likar seg dårleg i eit varmare klima. FNs klimapanel anslår at 20 til 30 prosent av alle artar vil stå i fare for å døy ut på grunn av menneskeskapte klimaendringar.

Urørt natur ødelegges

I Brasil brennes og ryddes regnskog for blant annet å dyrke soyabønner, som brukes i fôr til både husdyr og oppdrettsfisk i Norge. Her fra delstaten Pará i Brasil. Foto: Alberto Cesar, Greenpeace/AP/NTB scanpix

I klesskapet finn me også andre samanhengar: dei nye, fine kleda laga av bomull. For å produsere bomullen blir det brukt sprøytemiddel som skadar insekt. I tillegg krev dyrking av bomull enorme mengder vatn: 15.000 liter per kilo bomull. Dermed kan ei auka mengde klede i våre skap føre til færre insekt og mindre biologisk mangfald.

Dette er likevel ikkje den viktigaste årsaka til at det blir færre artar. Det største problemet er at leveområda til dyr og planter forsvinn. I Brasil blir regnskog hogd ned for å dyrke soya til norsk laks og norske husdyr.

Men også i Norge byggjer me ned naturen. I dag er berre 11,5 prosent av arealet i Noreg villmarksprega. For litt over hundre år sidan var halvparten av arealet villmark. For å hente ut meir tømmer, byggje vegar og produsere meir kraft legg me stadig under oss nye naturområde.

Om eit år er det valkamp. Då vil me forhåpentlegvis diskutere nedbygging av natur, insektdød og klimakrisa. Likevel sit eg med ei kjensle av at me liksom ikkje kjem nokon veg. I alle fall ikkje langt nok.

Les også

Arne Halvorsen: «Naturen slår tilbake – regnskog-raseringen øker pandemi-risikoen»

Sirkulær økonomi

Foto: NTB scanpix/Torgeir Vølstad

Denne veka kjem partileiar Audun Lysbakken i SV til Stavanger for å diskutere ein «Grøn, ny deal»: eit forslag til ein politikk som kan løyse dei store utfordringane me no står over for. «Grøn, ny deal» handlar blant anna om å innføre ein sirkulær økonomi. I dag har me ein lineær økonomi der ressursar blir henta frå naturen, tilverka og så kasta. Bomullen blir plukka, omskapt til t-skjorter som til slutt blir liggjande på fyllinga. I staden må me få ein sirkulær økonomi der ressursar ikkje endar på fyllinga, men blir haldne i sirkulasjon.

Første steg er å sørge for at tinga våre får ei lengre levetid. I dag kastar me den fem år gamle vaskemaskina fordi det kostar meir å reparere enn å kjøpe nytt. Her trengst det lovendringar. Produsentar og leverandør må vere forplikta til å tilby reparasjon. Då må dei også designe produkta sine slik at det verkeleg er mogleg å reparere dei. Og me må få styrka vår rett til å klage når vaskemaskina ryk, slik at produsentane må lage varer som lev lengre.

Neste steg er å leggje til rette for mykje meir gjenbruk og materialgjenvinning. I dag blir berre 9 prosent av verdas ressursar brukt om att. Dette er ei enorm sløsing. I industrien må råvarer frå naturen erstattast med resirkulert materiale, der det er mogleg. I tillegg må det leggjast til rette for sambruk. Stadig dukkar det opp nye, grasrot initierte eksempel på sambruk, som bilkollektiv. Det offentlege kan støtte slike initiativ gjennom for eksempel gunstige lån.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Resirkulering, ikke oljenedstengning, er svaret, MDG»

Les også

MDG svar til Øvrebekk: «Sparing er ikkje så sexy, men mykje meir realistisk»

Store endringar må til

Ein politikk som sørgjer for at forbruket går ned, tinga våre får lengre levetid og ressursar blir brukte om att, vil redusere presset på naturen. Utslepp av klimagassar vil også gå ned. Dette vil innebere store endringar for kvar og ein av oss, men det held ikkje lengre med finjusteringar på dagens politikk. Ikkje berre skal me sikre biene, me skal sikre ei god framtid for oss alle.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. En ekte helt havnet midt i innspillingen av ny katastrofefilm på Orre

  2. Legen har sett moderne nordmenn overveldes av slitenhet og uro. Han gjenkjenner noen klare trekk ved dem som beholder både ro og helse.

  3. 18-åring hadde hatt lappen i tre dager. Så kjørte han «altfor fort».

  4. Amalie Iuel takknemlig for å være i Norge: - Jeg har venninner som er blitt jaget av politiet fordi de har trent i parker

  5. Blind vold: Mann stukket i halsen ved Maxi kjøpesenter

  6. Her sveiper bussen borti bygningen midt i Stavanger sentrum: – Vi blir jo litt redde

  1. Natur
  2. Klima
  3. Forbruket
  4. Politikk
  5. Økonomi