Rogaland er herja nok – skrot planane for ny E39

JORDVERN: Eg viser til Aftenbladet si informative dekking av planane for ny E39. Rogaland er opp-pløgd, drenert, planert, nedbygd, asfaltert, sprengt, røyrlagt, gjennombora og vindturbin’ert nok som det er.

I Rogaland ser resignasjonen ut å gå hand i hand med den nasegruse trua på alle ting stempla «framtid». Sjølv forstår eg det ikkje. Eg ser ikkje kva samfunnsvinst fire nye felt vil gi, skriv Bothild Åslaugsdotter Nordsletten om planane for ny E39. Foto: Jan Inge Haga

Debattinnlegg

  • Bothild Åslaugsdotter Nordsletten
    Bryne
Publisert: Publisert:

Uansett kva trasévalet for ny E39 fell på, R1 eller R2, vil endå meir umisteleg natur, ennå meir ikkje-fornybar matjord, gå tapt. Uansett vil bønder og me andre som høyrer til i desse vakre landskapa fortvila. Det er så hjarterått. Desto vondare, ettersom denne nye vegen ikkje trengst. Ikkje eigentleg.

Så skrot planen. Utbetre heller farlege strekk langs eksisterande trasé. Sett farten ned. Ja, ned. Er det så radikalt? Er ikkje matjord, natur, intakte bygder og livsverk verd meir enn 110 km/t?

Fire felt for kva?

Eg høyrer folk seia at dei «forstår» at vegen «må» koma ein eller annan stad. I Rogaland ser resignasjonen ut å gå hand i hand med den nasegruse trua på alle ting stempla «framtid». Sjølv forstår eg det ikkje. Eg ser ikkje kva samfunnsvinst fire nye felt vil gi, som samstundes kan forsvara tapa dei påfører oss. Eg ser ikkje korleis ein ny storveg svarar på vår tids opplagte behov for å byggja natur og for å tøyla vårt esande, menneskesentrerte overmot.

Eg har nok eit mindre fleksibelt forhold til matjorda enn dei som meiner at den kan gravast opp og flyttast på, ettersom det passar oss. Det finst nok av studiar som viser at jord som blir flytta tapar kvalitet, eller at det tek lang tid før produktiviteten tek seg opp att. Og det er denne haldninga, at mold og natur tilhøyrer oss som rein ressursbase, for å gjera nesten kva me vil med det, som eg meiner er problematisk.

Oppsplitta og øydelagde biotopar, utarma artsmangfald, stadig nedbygging av matjord, og dei store klimagassutsleppa som kjem frå arealendring - dei er alle grunnar til at me heretter i langt større grad må lata vera. Eller i det minste gå fram med mykje større audmjuke og mykje mindre fotavtrykk. Aftenbladet sin leiarartikkel 18.juli formidla eit klokt perspektiv til den vidgjetne, men somme gonger villfarne, lokale verketrangen: "Vern om matjord er ikkje stillstand. Det er framtidsretta".

Les også

Lengst veg og øydelagt bygd?

Sorg, så likesæle

I tillegg til natur-og matjordomsynet er det på tide at innbyggjarane sitt kjenslemessige ve og vel også kjem med i rekninga. Blenda av framtidsoptimismen har me ikkje noko godt språk for sorg og sakn etter tap av gard, landskap eller natur her i fylket. Men eg er viss på at framandgjering gror godt i spora til anleggsmaskinane. Den riv iallfall i meg, og lokkar på likesæla.

Såleis er eg heller ikkje overtydd om den totale samfunnsøkonomien i prosjektet. Invester heller skattepengane mine i ei verkeleg smart, strengt sirkulær og strengt behovbasert, grøn industrireising.

Til dei som ønskjer ny E39 og tilsvarande storprosjekt velkomne, har eg følgjande spørsmål, og eg hadde sett pris på svar: Kor lite natur og matjord er lite nok? Har de ein stoppknapp?

Så skrot planen. Utbetre heller farlege strekk langs eksisterande trasé. Sett farten ned. Ja, ned. Er det så radikalt? Er ikkje matjord, natur, intakte bygder og livsverk verd meir enn 110 km/t?

Les også

  1. – Helt uforståelig, mener grunn­eier om Veg­vesenets E39-valg. Nå får de støtte fra flere hold

  2. Kvifor byggje lengre, høgare og brattare?

  3. Vi treng matjorda til mat

Publisert:
  1. E39
  2. Natur

Mest lest akkurat nå

  1. Ellevill Viking-jubel i Bjarne Berntsens nest siste hjemmekamp

  2. «Du har opplevd nok i livet ditt. Nå skal alt blir bra», sa Mats til Elisabeth. Så døde han på utenkelig vis.

  3. Skadet Erling Braut Haaland ferdig for året

  4. Ellevill julepynting: Naboene satte opp 12 gigantnisser og brukte 100.000 kroner på lys

  5. Bygger du på huset, får du nå en telefon fra skatteetaten

  6. En ung majestet topper børsen