Usmakeleg frå Dyrevernalliansen om pelsbøndene

Rogaland Bondelag har sett med undring på ytringar frå Dyrevernalliansen etter Stortinget sitt vedtak tysdag om kompensasjon til pelsbøndene.

Lise Kleveland i Dyrevernalliansen til Nationen tysdag, etter stortingsvedtaket om full kompensasjon til pelsdyrbøndene. Foto: Skjermdump frå Nationen.no

Debattinnlegg

  • Marit Epletveit
    Marit Epletveit
    Styreleiar, Rogaland Bondelag
Publisert: Publisert:

Me var mange som var glade og letta denne veka. Tysdag 11. februar vert ståande som ein førebels merkedag for rettferda for pelsbøndene i Noreg.

Stortinget vedtok at bøndene skal få erstatning som om gardane vart eksproprierte. Kompensasjonen gjev ein meir rettferdig erstatning til dei skadelidande bøndene som mister livsverket og risikerer å hamna i eit økonomisk uføre.

Harde ord

Dette har utløyst eit stort raseri blant dei som har sterke kjensler i pelsdyr-debatten. «Politikerne har svelget rått det fantasibeløpet som næringen selv har kommet med», var meldinga frå Dyrevernalliansen i Nationen. «Det som er sikkert er at flere oppdrettere kommer til å tjene seg svært rike på dette», skriv Dyrevernalliansen i ei pressemelding 11.2.2020.

Både Dyrevernalliansen og Rogaland Bondelag har fokus på dyrevelferd. Men i motsetning til Dyrevernsalliansen, prøver me også å ta vare på dei på to bein. Det er ikkje få bønder som me har snakka med som ville fått liva øydelagde med det fyrste forslaget til kompensasjon. Eller «en raus ordning», som Lise Kleveland i Dyrevernalliansen seier til Nationen.

Kritikarane av kompensasjonsordninga meiner at den er altfor dyr til trass for alle sakene om at den gamle kompensasjonsordninga ville gje bøndene brøkdelen av det anlegga er verde. At dei ikkje vil ta inn over seg at forbodet vil ha store økonomiske konsekvensar, er skuffande.

Dette viser heller at dei ikkje forstår, eller ikkje vil forstå, dei betydelege verdiane som er bundne i næringa, og gjelda mange har tatt på seg for å satse på ein meir berekraftig og dyrevenleg pelsproduksjon.

Pelsbøndene har ikkje investert for fem år, men for ein mykje lengre tidshorisont. Det vil seie at bøndene har forventa store kursendringar i inntektene, slik det alltid har vore i pelsbransjen. Dei har bygd og planlagt for ei lovleg næring, før Stortinget plutseleg Stortinget om på liva og framtida deira.

Ikkje nok å ha vunne?

Kritikken mot kompensasjonen, særleg frå Dyrevernalliansen, opplevast som eit angrep på pelsbøndene. Som ein takk for sist og ei endeleg straff for ein produksjon som Dyrevernalliansen har kjempa mot.

Kan dei ikkje slå seg til ro med at dei har vunne? Næringa vert lagt ned, kvifor skal Dyrevernalliansen fortsette å trakke på folk som ligg nede? Kvifor viser dei berre omsorg for dyra, og ikkje bøndene og familiane som mistar levebrødet og settast i ein uuthaldeleg økonomisk situasjon? Er det fordi dei meiner at bøndene fortener det?

Sidan Dyrevernalliansen er glade i gardsbesøk, burde dei kanskje tatt seg tid til å besøke bonden også, ikkje berre dyra. Det kunne vorte eit fruktbart møte for begge partar.

Det er nok no. Stortinget har gjort sitt vedtak, og det ser ut som pelsbøndene endeleg kan sove litt betre om nettene. Det burde Dyrevernalliansen unna dei.

Les også

  1. – Dette har vi kjempet for i to år

  2. En rekke usikkerhetsmomenter hefter ved pelsdyravtalen

Publisert:
  1. Pelsdyrnæringen
  2. Norges Bondelag
  3. Dyrevernalliansen

Mest lest akkurat nå

  1. Fører av personbil omkom etter trafikkulykke

  2. Viking-profilen ble trist da han fikk Berntsen-beskjeden: – Mer enn en trener

  3. Rørt Bjarne Berntsen: – Aldri opplevd maken

  4. – Shit, hvem har jeg smittet, tenkte Kristiane da hun fikk påvist korona

  5. «Jeg tenkte 2020 var året Bjarne Berntsen skulle få æresmedlemsskap i Viking. Ikke få sparken»

  6. Tone har panikk for å få smitten inn i sin fjørfebestand: – Vil være katastrofalt