Jernbanereforma vil kome dei reisande til gode

DEBATT: Målet med jernbanereforma er å gi eit betre togtilbod, samstundes som vi får meir jernbane igjen for kvar skattekrone.

«Med jernbanereforma har vi opna opp for likeverdig konkurranse om statleg styrte tenester. Konkurranse legg til rette for nytenking og innovasjon, samstundes som det sikrar at staten betaler riktig pris for tenestene», skriv Jon Georg Dale.
  • Jon Georg Dale
    Jon Georg Dale
    Samferdselsminister, Frp
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eit av hovudmåla til regjeringa er å leggje til rette for gode og likeverdige tenester for folk og næringsliv. Samstundes må vi sikre at skattepengane blir nytta effektivt, slik at vi får mest mogleg igjen for kvar krone.

Verda er i kontinuerleg endring. Dette gjer det frå tid til anna naudsynt med reformer i ulike sektorar av samfunnet. Til dømes av kommunane. Dette er ikkje noko nytt. I løpet av 1960-åra blei talet på kommunar vesentleg redusert. Etter regjeringsskiftet i 2013 har vi gjennomført ei kommunereform, og talet på kommunar blir enda lågare frå 2020. Regjeringa gjennomfører òg ei jernbanereform, den største nokon gong.

Det kan sjå ut som om Eirik Faret Sakariassen, gruppeleiar i Stavanger SV, meiner at det er eit paradoks eller sjølvmotseiing at medan talet på kommunar har blitt færre, har talet på etatar og verksemder i jernbanesektoren blitt fleire (Aftenbladet, 13. november). Eg er ikkje einig i analysen. Fellesnemnaren for reformene er at vi må rigge oss slik at innbyggjarane får gode tenester. Talet på boksar i eit organisasjonskart er ikkje det vesentlege. Sakariassen er spesielt oppteken av jernbanesektoren, og overfor Aftenbladets lesarar ser eg det som naudsynt å rette opp nokre av påstandane hans.

Meir jernbane for skattekronene

Målet med jernbanereforma er å gi eit betre togtilbod, samstundes som vi får meir jernbane igjen for kvar skattekrone. Difor er sektoren organisert slik at vi no har spesialiserte aktørar som er best på det som er akkurat deira oppgåver. Ulike funksjonar er skilte ut i eigne, statlege selskap for å kunne gjennomføre konkurransar på like vilkår. Men det betyr ikkje at norsk jernbane kjem til å bli privatisert, slik Sakariassen hevdar. Med jernbanereforma har vi opna opp for likeverdig konkurranse om statleg styrte tenester. Konkurranse legg til rette for nytenking og innovasjon, samstundes som det sikrar at staten betaler riktig pris for tenestene. Selskapa som deltar, kan vere statlege eller private.

Dette betyr at norsk jernbane framleis kjem til å vere statleg eigd og styrt: Skjener, signalanlegg, stasjonar, tog, billettsystem, Vy, togverkstader og godsterminalar. Det statlege Jernbanedirektoratet er det koordinerande organ i sektoren. Oppgåvene omfattar mellom anna tilrettelegging for eit godt togtilbod, utvikling av infrastruktur og samarbeid med andre kollektivmyndigheiter.

Kome dei reisande til gode

Det neste tiåret skal vi bruke vesentleg færre skattepengar på å kjøpe persontogtenester på togtilboda i sør og nord enn før, fordi vi har nytta konkurranse i staden for direktetildeling til ein monopolist. Dei innsparte pengane kan vi bruke på å modernisere jernbanenettet eller på andre samfunnsnyttige formål. Samstundes kjem kvaliteten på togtilboda til å bli minst like bra eller betre enn dei er i dag. Det vil kome dei reisande til gode.

Publisert: