Er Trump tidsånda på hesterygg, eller vil han og meiningane hans liggja vonbrotne att på historia sin skraphaug?

KRONIKK: Om ein ser på den politiske stoda i 2016, så verkar det slett ikkje urimelig at Trump er den nye Napoleon på hesteryggen.

«Mykje er sjølvsagt ennå uvist om korleis Trump vil bli som president, og det finnast også andre straumdrag i samtida enn dei populistisk høgrenasjonale», skriv Eirik Magnus Fuglestad. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:
Les også

Dette er Donald Trump

Les også

Valgsjokket: Trump blir USAs nye president

iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Då filosofen Georg Fredrick Willhelm Hegel såg Napoleon Bonaparte ridande triumferande på hesten sin etter slaget ved Jena, så skal han ha meint at han såg sjølve verdsånda på hesteryggen. I Hegel si tenking hadde kvar historiske tidsalder ei tidsånd, ein overgripande ide som bar historia framover. I 1806 var Napoleon manifestasjonen av denne ideen. Kva ville Hegel tenkt om han kunne sjå Donald Trump segla opp som USAs neste president, no 200 år seinare?

Les også

Trump-seier slo ned som en bombe i Stavanger

Straumdrag

Om ein ser på den politiske stoda i 2016 så verkar det slett ikkje urimeleg at Trump er den nye Napoleon på hesteryggen. Det har lenge vore sagt, og av mange røyster, at Trump og dei høgrevridde nasjonale rørslene i Europa – Front National, Europe of Nations and Freedom, Lega Nord, Fidez, etc –, saman med Brexit, er straumdrag i den leia som politikken no renn i.

Det er ikkje berre desse meir eller mindre ekstreme rørslene som viser tidsanden av i dag. Dei folkelige protestane mot globale handelsavtalar som TTIP , CETA og TTP viser at ikkje berre det ytterliggåande høgre set dagsorden her. Særlig TTIP har samla brei motstand også på venstresida. Aukande misnøye med globalisering og liberalisme er eit faktum langs alle aksar.

Det har lenge vore klart at det finst eit breiare folkelig opprør mot det som blir oppfatta som eit elitestyre viss evangelium er globalisering og stadig aukande liberalisme. Trump er kanskje det klaraste døme på denne misnøya, og det er openbart at han appellerer til breie straumdrag i folket. Ein kan såleis, som ofte vert gjort, kalla Trump for ein populist. Samstundes så kan ein spissformulert seie at all moderne politikk er populistisk, i den forstand at politikarane følgjer meiningane og interessene til grupper av folkesetnaden.

Les også

Frp-topp mener FBI gjorde Trump til president

Frie og upartiske

Då det amerikanske demokratiet vart skipa på slutten av 1700 talet var det nett populisme i ein slik forstand ein var redd for. Ein tenkte seg at ein røysteføre person skulle røysta uavhengig av den materielle eigeninteressa si. Det var difor at berre dei som eigde jord fekk røysterett: dei vart sett på som frie og upartiske. Men om ein let alle røysta, då ville demagogar og despotar koma til makta. Dei amerikanske grunnlovsfedrane ville nok ha nikka attkjennande til Trump. Kva var det vi sa? Ville dei nok sagt.
Samstundes er det slik at det jo nettopp var folkesuvereniteten dei amerikanske grunnlovsfedrane slepte fri då dei skreiv grunnlova, og etablerte det som trulig var verdas første nasjonalstat; det vil seie, ein stat som er styrt på prinsippet om folkesuverenitet via demokratiske val. Trump er også eit resultat av folkesuvereniteten.

Les også

- Donald Trump en katastrofe for klima - men bra for norsk olje...

Vatnar omgrepa ned

Mange tidligare populistar har appellert til folkesuvereniteten og nasjonen, Hitler og fascistane er det mest slåande døme, og denne samanlikninga har då også vore brukt mykje i sosiale media. Det kan vera farlig å bruka slike samanlikningar laust, for då vatnar ein omgrepa ned. Men med Trump kan dette faktisk vera relevant. Som ein amerikansk ven av meg, Professor Jonathan Hearn, sa det nyleg: «Personlegdomskult, mobilisering av framandgjering og folks forvirring, demonisering av grupper som allereie er forfølgde; uverkelige konspirasjonsteoriar; og usamanhengande politiske standpunkt som appellerer til høgre og venstre på ei og same tid. Dette er alt saman kjenneteikn på fascisme.»
Hearn veit kva han snakkar om; som professor i sosiologi har han lenge studert fascisme, nasjonalisme og makt. Ikkje dermed sagt at Hearn kallar Trump ein fascist, men spørsmålet er korleis ein skal definera fascisme i ei moderne tid.

Les også

Slik reagerte verdens aviser på Trump-seieren

Vanskeleg å spå tidsånda

Mykje er sjølvsagt ennå uvist om korleis Trump vil bli som president, og det finnast også andre straumdrag i samtida enn dei populistisk høgrenasjonale. Det er vanskelig å spå tidsånda: Eit kjent maleri av Napoleon viser han vonbroten og slegen på hesteryggen, på veg heim frå Moskva knapt seks år etter at Hegel hadde sett han stolt ved Jena. La oss vona at folkesuvereniteten vil fara liknande med Trump og ideane hans.

Les også

  1. «Ingen overraskelse at Trump vant»

  2. Opec-møtet viktigere enn Trump for oljeprisen

  3. Vinnertalen: - Trump gjorde ingen feil

  4. Leirstein: Trump er bra for verdensfreden

  5. Dette skjer før Trump blir tatt i ed

  6. Hillary Clinton har ringt Trump og erkjent nederlaget

Publisert:
  1. USA
  2. Demokrati
  3. Hest
  4. Politikk
  5. Front National

Mest lest akkurat nå

  1. Pride-bryllup: – Fantas­tisk å gifte seg i selveste bibel­beltet

  2. Ordfører deltok i slokkearbeid

  3. Ni koronasmittede i Suldal

  4. De satte alltid Irene først, fordi hun trengte dem mest

  5. «For mye vekt på følelser og psykisk helse i skolen?»

  6. Viking ble rundspilt og ydmyket: – Fryktet at det skulle bli sånn