Landbruksmeldinga og beite: Kunnskapsmangel eller ideologi?

Kvifor nedprioriterer regjeringa dei mest effektive beita for husdyra, gjødsla innmark?

Gjødsla innmark, altså udyrka jord på gard­ane, er det billegast og mest effektive beitet, og bør ikkje nedprioriterast, slik landbruksmeldinga legg opp til.

Debattinnlegg

  • Magnus Søyland
    Magnus Søyland
    Bonde i Gjesdal
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Regjeringa, ved landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), la før jul fram ei ny landbruksmelding. Der vil han flytta tilskot frå innmark til utmark. For å sikra framtidig matproduksjon bør han satsa på både innmark, som er gjødsla beite, og utmark, som er ugjødsla beite.

Tilskot er eit feilaktig og misbrukt omgrep i denne samanhengen. Når staten bruker penger i oljenæringa og andre næringar for å auke verdiskapinga i landet, kallast det investeringar, men når staten bruker pengar i landbruket for å auka verdiskapinga i landet, blir det kalla subsidiar eller tilskot.

Fleire hundre milliardar kroner

Det er ca. 45.000 gardsbruk og bønder i Norge, mens det i næringsmiddelindustrien knytt til landbruket er ca. 50.000 arbeidsplassar (utan norsk landbruk vil desse siste forsvinna). Desse nær 100.000 arbeidsplassane har ei verdiskapning på 153 milliardar kroner i året. I tillegg kjem tenester jordbruket kjøper av elektrikarar, røyrleggjarar, veterinærar, bygningsarbeidarar, entreprenørar, maskin- og verkstadsarbeidarar, reknskapsførarar, avløysarar osv. Verdien av desse tenestene kjøpt av landbruket er verd mange titals milliardar kroner i året.

Eg kjenner berre min rekneskap, og har sett gjennom rekneskapane mine i 13 år for å finna verdien av tilleggstenestene mitt gardsbruk kjøper av lokalt næringsliv. Er den på gjennomsnitt av gardar i Norge, er verdien av tilleggstenestene landbruket kjøper 85 milliardar kroner i året (dei vil også forsvinna ved import av mat).

Vidare har turistnæringa, som i stor grad er avhengig av landbrukets opne kulturlandskap og levande bygder, ei verdiskaping som ifølge Statistisk sentralbyrå er på 151 milliardar kroner i året. Landbruket skaper dermed verdiar for fleire hundre milliardar kroner i året. Dette gir svært god samfunnsmessig avkastning til staten, som gjennom jordbruksavtalen ikkje investerer meir enn 14 milliardar i året i landbruket.

Innmark billegast og mest effektivt

I landbruksmeldinga vil regjeringa dreia investeringane frå innmark til utmark. Gjødsla beite, altså innmark, er sannsynlegvis den billigaste og mest effektive måten å produsera mat til beitedyr i vekstsesongen. Ein treng ikkje dyrka arealet, ein gjødslar mellom trestubbar, steinar og bergknausar o.l., og dyra haustar graset ved beiting. Feltforsøk utført av forsøksringane i Rogaland viser at gode innmarksbeite gir ei avling på 70–80 prosent av grasavlinga på dyrka mark, og desse innmarksbeita gir også høgare avling enn gjennomsnittleg kornåker i Norge pr. dekar.

Innmarksbeite har i desse forsøka seks gonger høgare avling enn utmarksbeite, samtidig som innmark har over dobbelt så lang beitesesong som utmark. Innmarksbeite gir fullverdig beite frå april/mai til oktober/november, mens utmarksbeite gir godt beite frå ein månad seinare om våren, og sluttar veksten to–tre månader tidlegare om hausten samanlikna med innmark. Norges innmarksareal er 1,5 millionar dekar (0,5 prosent av arealet i landet). Graset produsert på dette arealet har ein verdi på over 2 milliardar kroner i året, men denne verdien blir mykje høgare etter at dyra har foredla graset til mjølk, kjøt, ull, kulturlandskap osv.

Les også

Melkebønder fra Jæren er mest optimistiske

Behover for kraftfôr vil auka

Difor er det underleg at regjeringa, som seier at den vil auka matproduksjonen i Norge, samtidig nedgraderer noko av dei mest effektive areala til å produsera maten på. Utan innmark må ein anten la dyra beita dyrka jord, eller fôra dei inne vår og haust. Begge delar vil redusera vinterfôret og auka kraftfôrbehovet. Av Norges areal er kun 3 prosent dyrka jord, og det er avgrensa kor mykje korn til kraftfôr vi kan produsera. Difor vil dette ekstra kraftfôret sannsynlegvis bli importert frå utlandet. Korleis blir klimarekneskapen dersom Brasil høgg regnskogen sin for å produsera kraftfôr som skal fraktast over halve kloden til Norge fordi den norske regjeringa nedprioriterer sitt eige lands mest effektive beite?

Tettleiken av dyr i delar av Rogaland er så stor at utan innmarksbeite til å spreia husdyrgjødsla på, måtte husdyrproduksjonen i området blitt redusert. Samtidig er det både meir miljøvennleg og betre økonomisk å bruka husdyrgjødsel framfor kunstgjødsel. Bøndene må laga gjødselplanar og har, for å unngå avrenning til vassdrag, ikkje lov til å bruka meir næringsstoff (gjødsel) enn det plantane treng. Dette står i sterk kontrast til oppdrettsnæringa, der gjødsla frå fisken går rett til havets botn. Denne gjødsla tilsvarar, ifølgje Brennpunkt på NRK, kloakken frå 17 millionar menneske. Hadde landbruket dumpa gjødsla i sjøen på denne måten, hadde bøndene fått strenge straffer.

Les også

Debatt: Landbruker er meir enn berre matproduksjon

Mogeleg å endre?

Tilbake til spørsmålet som blei stilt i starten: Er det kunnskapsmangel eller ideologi som gjer at landbruksministeren nedprioriterer dei mest effektive beita? Forhåpentlegvis er det kunnskapsmangel, for då er det mogeleg å endra på denne mangelen. Er det ideologi, er den langt verre å endra, sjølv om det er vanskeleg å sjå kva ideologien byggjer på i dette tilfellet.

  • Dei siste debattinnlegga, kronikkane og leiarane finn du her.

Les også

  1. Bondeopprør mot Dales landbruksmelding

  2. Bønder frykter nytt forslag: - Melken vil renne til sentrale strøk

  3. Finnøy: Arbeidsplasser trumfer landbruksjord og naboer

  4. 20 prosent flere ungdom søker seg til landbruksfag

Publisert:
  1. Landbruk
  2. Jon Georg Dale
  3. Landbrukspolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. Ole Kallelid er død

  2. Spiste alene på rommet mens de andre koste seg på julebord. Nå sier hun takk for seg

  3. Stampuben er deres andre hjem: - Hadde den blitt stengt for godt, ville jeg satt meg ned og begynt å grine

  4. Anita Lundekvam (25) har flyttet og selger bilen: – Vi sparer på de siste vedkubbene

  5. Slik så Bjarne ut etter joggeturen

  6. Politiet ønsker tips i forbindelse med savnet kvinne i Haugesund