Korona skal ikkje vera eit unntak. Aldri meir eksamen!

SKULE: Eksamen kan samanliknast med å spele russisk rulett med framtida. Det er eit eldgammalt og utdatert system, kor flaks og uflaks spelar ei altfor stor rolle.

Har foreldra dine krangla dagen før, har du blitt sjuk, eller føler du berre på eksamensangsten, speler det inga rolle om du har jobba knallhardt resten av året.

Debattinnlegg

  • Lone Sjo Fredriksen
    Styremedlem Stavanger Sosialistisk Ungdom
  • Selma Omdal Ergo
    Styremedlem Stavanger Sosialistisk Ungdom
  • Maria Huster Wiik
    Styremedlem Stavanger Sosialistisk Ungdom
  • Ellen Margrete Ragnes Homlong
    Styremedlem Stavanger Sosialistisk Ungdom
  • Lene Sander Christensen
    Styremedlem Stavanger Sosialistisk Ungdom
Publisert: Publisert:

Avlysinga av skriftleg eksamen har skapt jubel blant elevar og elevrådsleiarar omkring heile landet. Etter ein haust med varierande kvalitet på undervisinga i ulike delar av landet har elevane samla seg og ytra eit krav om at eksamen må avlyses, og no har vi endeleg fått gjennomslag. «Korona-kullet», som begynte på vidaregåande i fjor haust, har auka snittet, og det er ikkje tvil om at fjorårets avlysing av eksamen har hatt noko å sei.

Dagsform kan avgjera

Eksamen er ein unødvendig og urettferdig måte å måle kunnskap på. Det er tallause faktorar som kan spele ei rolle for utfallet på eksamensdagen. Dagsforma kan vere avgjerande for om du kjem inn på den skulen eller det studiet du ønskjer. Har foreldra dine krangla dagen før, har du blitt sjuk, eller føler du berre på eksamensangsten, speler det inga rolle om du har jobba knallhardt resten av året.

Dagens skulesystem er allereie urettferdig nok, og det gagnar berre elevar som lærer best ved å pugge og lese. Dei elevane som kjem dårlegast ut av alle dei andre skuledagane i året, er dei same som kjem dårlegast ut av å sitte inne i ein sveitt gymsal i seks timar, for å vise kva dei kan, mens alle klassekameratane sit og gomlar i seg safari-kjeks og drikk cola. Det er klart at dette ikkje er dei beste omstenda for å vise kunnskapane sine.

Vi krev rettferd

Eksamen er som ein runde russisk rulett med framtida vår. I mange tilfelle veg flaks minst like tungt som fagleg kompetanse og førebuing. Medan éin elev kjem opp i det faget hen presterer verst i, kan sidemannen vere sjeleglad fordi at hen kom opp i det faget hen presterer best i. Når faktorar som kva sensor du har fått kan vere årsaka til at du får ein trear i staden for ein femmar, eller det at sensor vurderer din eksamen etter lunsj kan vippe deg opp i karakter, burde det ikkje ein gong vere eit spørsmål om å avlyse dette eldgamle og utdaterte systemet.

Vi i Sosialistisk Ungdom krev rettferd for elevar, og at arbeidet ditt gjennom heile året skal spele ei rolle. Vi meiner at mappevurdering er vegen å gå for ei rettferdig vurdering. Korona skal ikkje vere eit unntak, aldri meir eksamen!

Dei elevane som kjem dårlegast ut av alle dei andre skuledagane i året, er dei same som kjem dårlegast ut av å sitte inne i ein sveitt gymsal i seks timar, for å vise kva dei kan, mens alle klassekameratane sit og gomlar i seg safari-kjeks og drikk cola.
Publisert:
  1. Eksamen

Mest lest akkurat nå

  1. Bendi fra Sandnes skal til Bocuse d'Or: – Når jeg først har sagt at jeg skal gjøre noe, gjør jeg det

  2. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  3. Før var strømprisene lavest i Sør-Norge. Så skjedde det noe

  4. Ryfast: Stenges to ganger i døgnet i 10 dager

  5. Disse har søkt på jobben som kultursjef i Stavanger

  6. Marerittkveld for Haaland og Dortmund: Største tap i Champions League